Velferdsstatens veikaste side?

Publisert: 2017-02-15 10:30
Del:

Det kunne vera freistande å starta spalta som ein gisse-konkurranse: Kva trur du er velferdsstatens veikaste side? Men det skal eg ikkje gjera. Velferdsstaten er for alvorleg til lettbeinte gisse-konkurransar. Eitt er i alle fall sikkert, det er ikkje latskap hos Ola og Kari og oss som er velferdsstatens veikaste side. Det er ikkje at vi «snik» oss til sjukedagar i fleng – for det gjer vi ikkje. Det er ikkje at vi juksar oss til uføretrygd. For det gjer vi heller ikkje. Å verta uføretrygda er ein grundig og dryg prosess med medisinske vurderingar i fleng. Det handlar nesten om å koma gjennom eit nålauga å bli uføretrygda. Og nei, det er ikkje lukrativt å bli uføretrygda. Det er ikkje slik at ein ler heile vegen til Nav, for å sitera ei engasjert og forarga Karin Andersen, om ein får innvilga uføretrygd. For å vera uføretrygda er ingen dans på roser. Svært mange har det knapt og endå knappare vert det med skattelettanes regjering.

Overskrifta til spalta har eg henta frå velferdsforskaren Knut Røed. Han er ein grundig og velsedd forskar. I Agenda Magasin har han skrive ein artikkel med overskrifta «Velferdsstatens største svakhet», og den har eg som du gjerne skjøna kasta meg over. Med jamne mellomrom, skriv Knut Røed, oppstår det debattar om vi eigentleg har råd til å halda oppe velferdsstaten. Og då oppstår det gjerne påstandar som dei eg har nemnt i avsnittet ovanfor. Men, seier Knut Røed, velferdsstatens problem er ikkje at vi brukar pengar på å sikra alle ei anstendig inntekt å leva av, til dømes til ei anstendig uføretrygd. Det verkjelege problemet er at vi ikkje samstundes tek i bruk dei ressursane til dei uføretrygda.

Noreg har altså valt å dela innbyggjarane inn etter eit kunstig skilje mellom arbeidsføre og arbeidsuføre. Dette er viktigaste kjelda til sløsing i samfunnet vårt. Det vi bør diskutera, er om vi kan endra dei sosiale forsikringsordningane våre slik at dei ikkje berre sikrar inntekt, men også inntekt gjennom (tilpassa) arbeid. Og nei: Knut Røed tenkjer ikkje på tvangsarbeid for sosialhjelp. Ikkje.

  1. Bort frå eit val mellom null eller 100 prosent. Arbeidsevne handlar om grad, krav og omstende, ikkje om eit anten eller. 100 prosent uførleik er eit institusjonsskapt fenomen som seier mykje meir om helsetilstanden til arbeidslivet vårt enn om helsetilstanden til dei som står utanfor det. Det handlar om å vilja tilretteleggja, og norma bør vera reduserte krav til tempo og produktivitet – og ein kombinasjon av arbeid og trygd. Eg kjenner at eg allereie vert tvilande til om dette er mogleg å få til – og i alle fall nyttar det ikkje under New Public Management sitt måletyrrani og krav til effektivitet. Men om det no skulle lukkast å snu tenkinga på hovudet?

  2. Oi. Så gjer Røed framlegg om å bryta samanhengen mellom uføregrad og arbeidstid. Han meiner at det ikkje er logisk at til dømes 50 prosent nedsett arbeidsevne nærast automatisk skal tilseia 50 prosent nedsett normalarbeidstid. Snarare er det logisk at arbeidstakaren nyttar den tida ho/han treng for å yta, sei 50 prosent arbeid. Arbeidstakaren vil då framstå som meir attraktiv for arbeidsgjevar – og arbeidstakaren gjer sin jobb, får si løn og si uføretrygd. Oi, seier eg ein gong til. For dette høyrest isolert sett ideelt ut. Vi veit kor viktig det er for svært mange å vera i ein arbeidsfellesskap. Men det er lett å tenkja seg at her krevst det både romslegheit og individuelt skjøn som langt strekkjer seg utover tariffavtalar og dei forholda som råder i svært store delar av norsk arbeidsliv. Her må det vera eit organisert arbeidsliv på line med Lokomotivmannsforbundet – det er visst berre ein eller to av alle lokomotivførarar i Noreg som ikkje er organiserte! Utopisk? I alle fall går ikkje dette i byggjebransjen i Oslo, der det knapt finst ein ryddig og anstendig aktør att. Eller? Ville det kanskje tvinga fram meir ryddigheit i bransjen? Det er vanskeleg å sjå for seg. Men Røed sitt ærend er at menneske med arbeidsevne skal inkluderast i arbeidsstyrken, ikkje ekskluderast frå.

  3. Bruk offentleg sektor til å ta ivare den kollektive fornufta! Ja, forskaren spanderer på seg eit ropeteikn, og det er ikkje kvar dag at forskarar gjer. Røed meiner at offentleg sektor bør ha eit særskilt ansvar for å sysselsetja personar med nedsett arbeidsevne, men som ikkje finn arbeid på annan måte. Ikkje i «tullejobbar», med oppgåver som «ellers ikke ville vært utført.» Men i heilt ordinære og viktige jobbar, skriv han, som betyr noko for brukarane av offentlege tenester. Fordi: Det er uansett «det offentlige» som sit att med rekninga for ei eventuell uføretrygd. Då kan ein like gjerne betala folk for å gjera noko nyttig som å betala folk for ikkje å gjera noko. For i eit samfunn kan ein ikkje sjå produktiviteten isolert som i ei verksemd. For eit samfunn handlar det om å ta utgangspunkt i den arbeidsstokken vi har og syta for at den vert nytta så godt som mogleg. Dette har vi ikkje gjort, skriv Røed. Vi har ikkje nokon institusjonar som har i oppgåve å ta vare på den kollektive fornuft i arbeidskraftressursane våre. Då vil eg seia: Nei, NHO gjer det i alle fall ikkje. Ikkje KS heller,f or den del. Så då har «vi» konstruert arbeidsmarknaden slik at kvar sjette potensielle arbeidstakar vert sett heilt utanfor.

No er det fagrørsla og venstresida i Noreg som har kjempa fram velferdsstaten. Så er det høgresida og høgre-sosialdemokratiet som no hakkar og høgg det dei vinn i vårt felles tryggleiksnett. Eitt er sikkert; skal Knut Røed sin modell ha noko for seg, må fagrørsla vera grueleg sterk. Elles finst det ikkje vilje til at arbeidsgjevarsida vil vera del av den kollektive fornuft. Og bod nummer ein er at New Public Management og alt dess vesen vert vaska ut or heile offentleg sektor. Heile. Basta.

Oddny I. Miljeteig