Elsa Laula – samekampens foregangskvinne

Publisert: 2017-02-08 10:30
Del:

Høyrt om Elsa Laula? Ikkje du heller, nei. I alle fall ikkje før no siste dagane. Nett som meg, altså. Men vi gjer klokt i å leggja oss namnet på minnet. For Elsa Laula sitt namn er henta fram frå gløymsla. Og spør du meg, kjem ho ikkje til å bli gløymd att.

Elsa Laula var kvinna som opna det fyrste stormøtet for samar i Norden i Metodistkyrkja i Trondheim 6. februar 2016 – for 100 år sidan. Dette var knappe fire år etter at kvinner hadde fått røysterett i Noreg – og mangfaldige tiår før Noreg skulle få sin fyrste kvinnelege statsminister. «Året er 1917, 6. februar. I metodistkirka i Trondheim fylles benkene av koftekledde samer og nordmenn i reiseklær. Den vinterkalde forsamlingen tiner i lunken fra vedovnen og lufta er tung av våt vadmel. Når Elsa Laula stiger opp foran forsamlingen og åpner med en tale om hvor viktig dette møtet er for det samiske folket, hviler vekta av nesten tjue års kamp i hvert ord.

Det har vært mange møter, men dette er det første hvor samer fra Finnmark i nord til Trøndelag i sør, og Sverige i øst er samla for å styrke fellesskap og verne om fellesinteresser. Sammen stemmer de i Ja vi elsker, etterfulgt av Du gamla du fria.»

«Når Elsa Laula stiger opp foran forsamlingen og åpner med en tale om hvor viktig dette møtet er for det samiske folket, hviler vekta av nesten tjue års kamp i hvert ord.» Det er journalist Karen Brodshaug Sveen sine ord eg siterer – og frys på ryggen. «..vekta av nesten tjue års kamp». Og det var kamp, og eit brennande engasjement som varte ved i tiår etter tiår fram til ho døydde av tuberkolose berre 54 år gammal i Brønnøy på Helgeland. Elsa Laula vart fødd 29. november 1877, truleg i Storsele nær Vilhelmina i Sverige. I 2015 gav forfattaren Siri Broch Johansen ut biografien «Elsa Laula Renberg – Historien om samefolkets store Minerva.»

«Etter andre verdenskrig ble hun dyttet ned i historiens mørke, men at navnet hennes stadig dukket opp i forbindelse med den samiske nasjonaldagen vekket min nysgjerrighet,» fortalde Broch Johansen i Klassekampen måndag. Og at det var nett i samband med den samiske nasjonaldagen at namnet Elsa Laula dukka opp, var ikkje tilfeldig. For det var nett Elsa Laula som tok initiativ til dette fyrste samiske stormøtet – som var fyrste gong i soga at nord- og sørsamar frå Noreg og Sverige møttest for å drøfta sine felles kampsaker.

Ved det samiske stormøtet hadde Elsa Laula enno ikkje fylt 40 år. 22 år gammal var ho då faren og broren vart funne inntulla i eit garn på botnen av eit vatn nord i Sverige. Dei var røynde fangstfolk, og dagen etter at dei vart funne døde, skulle dei ha vore i retten for å kjempa for retten sin til å driva jordbruk som samar. Saka vart ikkje etterforska, men Elsa Laula-biografen trur at mistanken om at faren og broren kunne ha vorte drepne i sin kamp for rettferd, ikkje så lett sleppte taket. Kanskje var det farens og brorens endelikt som tende Elsa Laula for samanes rettar?

På denne tida var det stadige trefningar mellom samar og svenskar på Elsa Laula sine heimtrakter. I eit brev skreiv ho: «Hatet til lapperena blir dock hëruppe alt mer ock mer känbart.» Konfliktane handla stort sett om kven som skulle ha rett til jorda i område der samane heldt til. Folketalet auka, og knapt om dyrkande jord gjorde at folk tok seg til rette i «øydemarka.» Denne koloniseringa skildrar Elsa Laula som eit trugsmål mot samefolkets eksistens: «Lappens framtid synes hotad i från alla sidor, och hans rätt til jord hvartill vi alla födts at søka vårt uppehälle, bestridd.»

Elsa Laula opplevde sjølv fattigdom. Familien måtte gå på fattigkassa. Likevel vart altså Elsa Laula samisk aktivist og pioner. Etter internatskule og realskule tok ho eit motig val. Ho søkte jordmorstudiet i Stockholm, men sidan ho ikkje åtte nåla i veggen, bad ho dronning Sofia om hjelp. Og dronninga sa ja. I Stockholm kom Elsa Laula i kontakt med Frederika Bremer-forbundet, Sveriges eldste kvinnesaksforbund. Her fekk ho møte- og organisasjonsskulering og skaffa seg gode støttespelarar for det viktige arbeidet som skulle koma. Det må nemnast at Elsa Laula ikkje berre heldt foredrag om det samiske spørsmålet, men ho fekk også gjeve ut ei bok: «Innfør Lif eller død? Sanningsord i de lappesaker forhållendena.» Boka kom ut i eit opplag på 6000 eksemplar og er den første boka som er skriven av ei samisk kvinne.

I Stockholm møtte Elsa Laula andre samar. 5. august stifta ho saman med tre menn Lappernas Centralforbund, verdas fyrste samiske organisasjon. Og Elsa Laula vart formann! I mars 1904 vart ho vald til sendebod frå marsmarknaden i heimtraktene for å leggja fram eit protestbrev mot kolonisering av reinbeite,for kong Oscar II. Dette skaffa henne mediemerksemd på godt og vondt. Og, som journalist Karen Brodshaug Sveen skreiv på nrk.no heilt nyleg: «Datidas kvinnesyn og raseideologi gav ikke ei kvinne som Elsa stort spillerom.» Men ho let seg ikkje kua, ikke av kvinnesynet, ikkje av raseideologien – og ikkje av samepolitiske nederlag. Ho reiste rundt og heldt foredrag om samisk språkundervisning i skulane for samiske born, og sjølvsagt dreiv ho politisk og historisk opplysningsarbeid.I alt ho gjorde låg samstundes målet om å motivera folk til å kjempa for felles sak.

I 1907 flytte Elsa Laula til Vefsn i Noreg, gifte seg og fekk etterkvart seks born. Ho tok også nemnet Renberg. Ektemannen delte hennar politiske engasjement. Dei starta Brurskanken samiske lag og etterpå Brurskanken samiske kvindeforening. I oktober 2016 døydde eldstesonen av tuberkolose på sjukehus i Bergen. Berre 12 dagar seinare stod ho som leiar på årsmøtet til Brurskanken samiske kvindeforening. Her la dei planane for det som skulle bli samanes fyrste samlande landsmøte.Mange hadde før både tenkt og vilja det, men det var altså Elsa Laulas kvinneforeining som gjprde det ingen hadde greidd før.

Det samiske stormøtet vart Elsa Laula Renbergs største politiske bragd. Det må ha vore like stort som «fedrene på Eidsvold.» Men det samiske møtet var altså stridd fram av ei kvinne, og det var ei kvinne frå små kår som heldt hovudtalen. Eg gler meg til å lesa biografien om Elsa Laula Renberg. Ho toler samanlikning med kven som helst pioner. Denne veka spelar Trøndelag Teater ei førestelling om henne – om tordentalaren, den politiske kjempa, organisasjonsarbeidaren – og mennesket. Elsa Laula Renberg må få den plassen ho skal ha i samisk historie, i Noreg og internasjonalt. Det er berre å rydda plass!

Oddny I. Miljeteig