I skuggen av Trump

Publisert: 2017-01-25 10:30
Del:

Dei som vil ha politisk travaskap for seg, dei går ljose tider i møte. For i skuggen av USAs noverande president, vil mykje unngå offentleg merksemd. Donald Trump kjem rimelegvis til å laga så mykje sjau og spetakkel at media både her og internasjonalt kjem til å ha hendene fulle. Dessutan: Det meste kan sjå ut til å verka humant samanlikna med det nyepresidenten kjem til å foreslå og gjennomføra.

Denne spalta skal ikkje handla om Trump. Ikkje tale om. Ikkje. Heller skulle eg ha skrive spalte med hyllest til dei kvinneleia demonstrasjonane som feia over heile halve verda sundag. Fleire millionar kvinner – og menn – var på beina. Så mektige var demonstrasjonane at både den eine og den hin har meint at kvinnfolka ikkje sjølve kunne ha arrangert dei – på så stutt varsel. Det må visst vera Georg Soros, han finansmannen, som har finansiert heile greia. Ja, for kvinner kan vel ikkje få til noko slikt på eiga hand. Og så alle dei knallrosa Pussy-huene, då – enn å strikka titusenvis av dei så fort! Du skal sjå finansmogulen Soros har funne seg ei ny inntektskjelde: strikkemønster. Til rosa-raude Pussy-huer. Hah!

I skuggen av Trump, her på berget, slår no Stortingets kutt i fysioterapihjelp til kronikarar inn i lommebøkene til folk. 1990 kroner i eigendel må dei no betala, dei som før fekk det gratis. 1990 kroner er mykje pengar når ein lite har. Og desse pengane vert ikkje jamnt fordelte ut over året. Dei kjem no, heilt i starten av året, for den del saman med dei andre eigendelane for helsetenester elles. Eg veit det, for eg held på med begge delar. Nei, det er ikkje synd i meg. For meg er dette høgst truleg forbigåande. Og eg har ikkje dårleg råd. Leiaren i Norsk Fysioterapeutforbund sa til Klassekampen måndag at dei har fått innspel om folk som sluttar med viktig behandling avdi dei ikkje har råd til eigendelane.Det er forferdeleg alvorleg. For den det gjeld. Og for oss alle. Fordi det handlar om solidaritet og eit grunnleggjande sosialt tryggleiksnett. Det vi har bygd i lag og betalt inn til etter evne og fått etter behov frå. No vert det kutta ei yting som kan gjera at pasientar med kroniske lidingar kapitulerer og sluttar i den stillingsprosenten jobb dei har makta å gå i. Fysioterapeutforbundet seier at mange med kroniske lidingar har låg inntekt. Det høyrest logisk ut. Har ein kroniske smerter og lidingar, vert det sjølvsagt verre å halda seg i full jobb, det vert vanskelegare å avansera i jobben – og minstenivået ligg nær.

100 diagnosar har vore inkluderte i gratisordninga. Kari Kjønaas Kjos frå FRP seier det var naudsynt å leggja om systemet avdi det har vore så urettvist før. Fordi mange menneske med dårleg råd og andre diagnosar enn dei 100 har måtta betala omlag 2.700 kr i eigendel. Regjeringa og stortingsfleirtalet si «løysing» på problemet er altså å ta ifrå dei som har og gje inkje til dei som inkje har hatt. Det burde ha vore sjau og spetakkel i bygd og by. Fordi desse pengane betyr så mykje for mange som treng dei. Og fordi dei burde høyra til vårt sosiale tryggleiksnett. Men det er roleg i skuggen av Trump. Dei er heldige, regjeringa og dei.

7,8%, har du høyrt det talet, no i siste dagars Trump-rabalder? Så mange arbeidslause har TV 2 funne her i landet. Det utgjer 223.265 personar. Så har dei teke med heilt ledige arbeidssøkjarar, arbeidssøkjarar på tiltak og 88.000 arbeidssøkjarar som går på arbeidsavklaringspengar, men som ikkje vert talde med i arbeidsløysestatistikken. 35.672 arbeidssøkjarar er mellombels tilsette i deltidsjobbar og etter litt finurlege reglar. 19.950 arbeidssøkjarar er i arbeidsmarknadstiltak og ikkje definerte som heilt ledige. 211 arbeidssøkjande prøver å starta eiga verksemd. Totalt har altså TV 2 funne 7,8 % arbeidslause. Det er eit skyhøgt tal. TV 2 har vist reknestykket til forskarane Knut Røed og Simen Markussen ved Frischsenteret. Dei meiner 7.8% jamvel kan vera eit for lågt tal om ein definerer arbeidsløyse som eit uttrykk for alle som eigentleg ynskjer å vera med i arbeidslivet og ha ein jobb. Og er det ikkje slik vi burde definera arbeidsløyse? Dei to framståande arbeidslivsforskarane meiner vi har eit system som for ofte plasserer folk til å ha helseproblem når det primære problemet er at dei ikkje har jobb. Og burde det ikkje vera ein stor debatt om Noreg gøymer vekk arbeidslause for å pynta på arbeidsløysestatistikken og med det ekskluderer tusenvis av folk frå å få vera med blant dei arbeidssøkjande som har rett til å vera arbeidsføre og koma i arbeid?

I skuggen av Trump veks fattigdom og inntektsskilnader her heime. Lågtlønsyrke sakkar etter i inntektsutviklinga. Vi balanserer no på ein knivsegg om det går an i Noreg å leva av ei 100% låglønsstilling. Så veit vi jamvel at når det kjem til låglønsstillingar, ja, så er det slett ikkje alltid lett å få fulle stillingar og med det full løn. Snarare florerer deltid og mellombelse stillingar – og nei, ein får ikkje lån til bustad viss ikkje ein kan skilta med tilsetjing lenger enn nokre månader fram i tid.

Kirstin Egeland som driv facebook-gruppa Til kamp mot fattigdommen i «verdens rikeste» land minner om at Noreg så definitivt er eit høgkostland. Vi hadde i 2016 berre Sveits framfor oss når det gjeld kostnadsnivået for leveomkostnader. Noreg har i snitt 19% høgare levekostnader enn New York. Det seier sitt, og især for dei som ikkje har trygge arbeidsplassar og gode løner. Og så har vi alle dei som er varig sjuke og med det trygda.

I 2015, minner Kirstin Egeland om, var medianinntekta (altså den midterste av alle inntekter) i Noreg 491.100 kroner etter skatt. I resten av Europa reknar ein at folk må ha minst 60% av medianinntekta i eit land/region for ikkje å stå i fåre for fattigdom og sosial eksklusjon. Talet på sosialhjelpsmottakarar var i 2015 127.000 menneske. Desse har ingen sjanse til å hamna på «rett side» av medianlina.

Ved utgangen av september 2016 var 199.100 menneske mottakarar av arbeidsavklåringspengar. Denne ytinga er, for å seia det enkelt, 66% av mottakaren si tidlegare inntekt. Ikkje så grueleg mange her heller vil hamna på rett side av medianlina.

317.800 personar var ved utgangen av september uføretrygda. I beste fall har uføre 66% av tidlegare inntekt frå folketrygda, og inntekta vert skattlagd som ordinært lønsarbeid. Ikkje flust av desse heller over medianlina på 491.100 kroner etter skatt. Ikkje flust. Minstepensjonen for ein eine person på høg sats er forresten kr 179.748 (september 2016), særskilt sats kr 183.748.

Det vart mykje tal, dette. Men dette er tal som altfor sjeldan får hovudoppslaga i media og på den politiske dagsorden. Det er nivået på ytingane i tryggleiksnettet som avgjer om vi er ein sivilisasjon og eit solidarisk samfunn. Når tala vert for låge, vert dei ubehagelege i offentlegheita. Men det er nett då vi må greia å lyfta dei fram. Det er ingen grunn til at dei i blant oss som fell utanom gode og trygge jobbar og inntenkter – det er ingen grunnen til at dei også må vera fattige. Det skal ikkje vera ei moralsk skam å vera sjuk. Det er ille nok å vera sjuk. I skuggen av Trump må vi byggja oss ein høg nok himmel til at nett slike spørsmål får sin plass på vår felles dagsorden.

Oddny I. Miljeteig