Styrt av kjensler?

Publisert: 2017-01-18 10:30
Del:

Er du styrt av kjensler? Familien din? Dei du jobbar i lag med? Naboane? Leiarane i idrettslaget? Dei tillitsvalde i FAU? Lærarane til borna dine? Fastlegen din? Bystyret? Kommunestyret i ein liten kommune? Stortinget? Regjeringa? Statsministeren?

Hehe. Eg synest eg veit kva de tenkjer, somme av dykk, når den som skriv spalta ikkje berre ein gong har vorte utropa til den sintaste representanten i bystyret. Og den mest høgmælte. Og den mest engasjerte. Og den som knapt brukar, eller er i stand til å bruka, innestemme. Til det siste plar eg svara at eg vaks opp med ei mor som høyrde tungt. Så eg måtte snakka høgt. Og tydeleg. Ikkje verst trening til å halda appellar i megafonar av høgst varierande kvalitet. Men det visste eg ikkje den gongen då.

Ein kan ikkje styra eit land etter kjensler. Sjølv om det kanskje er det som kjem til å skje i USA om få dagar. Eit land skal styrast etter lov, rett og sedvane. Og gjerne etter det vi kallar «sunn fornuft» når det knip på. Men omgrepet «sunn fornuft» treng absolutt ikkje vera sunt. Det kan også skorta på det «sunne bondevitet.» Slike omgrep kan lett nyttast til å forsvara slikt som ikkje skulle ha vore forsvart. Sjølv om det eigentleg er tale om ei «kollektiv fornuft», som det heiter i lønspolitikken. Den «kollektive fornufta» i lønspolitikken har det med å gjelda einast lønsarbeidarsida og ikkje arbeidskjøparane. NHO manar endeleg til «sunn fornuft» eller «kollektiv fornuft». Men det gjeld ikkje når det kjem til deira eige sjikt sine løner og godtgjersler. Pål Kraby, gamlesjefen den gongen det heitte Norsk Arbeidsgjevarforening, drog det for langt då han fekk måla portrettet sitt på arbeidsgjevaren sin kostnad – og i tillegg fakturerte NAF for tennistimar, var det vel. Parallell til Siv Jensen som fekk treningstimar betalte av, var det stortingsgruppa til FRP? Er dette sømeleg bruk av pengar? Eller høveleg, eller fornuftig – eller rett?Kraby måtte til slutt gå. Ikkje avdi LO-medlemene var misunnelege – det er jo eit mykje nytta ord frå høgresida mot oss på venstresida og fagrørsla. Vi er misunnelege – og let misunninga styra oss. Vel. No har eg straks 40 års medlemskap i LO, og eg har i grunnen aldri kunna definert misunning som ei av dei sterkaste drivkreftene i fagrørsla?

Rettvise, rettferd og solidaritet – er dei tufta på misunning? Nyss har vi fått vita at verdas åtte rikaste menn (ingen kvinner) eig like mykje som den fattigaste halvdelen blant oss på kloden. Det er ein ny rapport utgjeven av Oxfam som viser at dei åtte mennene eig meir enn 3,6 milliardar menneske. Rapporten vart publisert samstundes med at World Economic Forum i Davos, der det kostar 700.000 kroner å delta, starta. I fylgje Oxfam viser rapporten at gapet mellom fattige og rike er større enn frykta. Hmmm...enn «frykta»? Det er då eit kjensleladd ord. For gjer det noko om pengar er så ulikt fordelte? Kristin Clemet, norsk høgresides fremste ideolog, meiner både at Noreg toler større skilnader og at dei lågaste lønene burde kunna vera lågare i vårt land. Regjeringa ser ut til å dansa etter Clemet si pipe, slik dei fordeler skattelettane til dei rikaste her i landet – og opnar dørene for å føra ut pengar til skatteparadis. Vi som ikkje synest det er rett at samfunnsborgarar bidrar etter evne, er vi misunnelege? Eller er vi fornuftige, berarar av ei kollektiv fornuft som i mange tiår har vore så samlande i vårt land at det er berre såvidt høgresida har tort å mæla imot? Og dei gjorde det i alle fall ikkje før førre stortingsval. Då skulle dei berre regjera litt betre og meir effektivt enn dei raud-grøne. Så var bodskapen. Realiteten er annleis. Kva var då dei blå-blå – feige, utspekulerte, uærlege? Eller berre gode taktikarar og strategar? Er det siste mindre kjensleladd, når alt kjem til alt?

Så har vi saka med den 31-årige bioingeniøren Mahad Adib Mahamud som har budd i Noreg i 17 år og kom til Noreg frå Somalia då han var 14. No har UDI teke frå han statsborgarskapen etter anonyme tips om at han juksa då han kom hit til landet. Det høyrer med til soga at Djibouti, som utlendingestyresmaktene meiner Mahamud kjem frå, nektar for at han er borgar der. Jaha. Sidan det har kome så få asylsøkjarar til Noreg siste året etter at grenselanda til Italia og Hellas tetta grensene, har regjeringa slusa pengar til nett å spora opp statsborgarar, ikkje minst frå Somalia, som kan ha gjeve falske opplysningar. Kanskje. Moglegvis. Kanhende. Er det fornuftig medan flyktningar frys i hel sør i Europa? Er det logikk i å bruka haugevis av ressursar på å undersøkja anonyme tips – for å ta frå ein godt inkludert skattebetalar statsborgarskapen? Eller er det kjenslestyrt? Når Noreg jamvel har underskrive på internasjonale konvensjonar som seier at ei styresmakt ikkje skal gjera menneske statslause? Og hugs, det var nett statslause Nansen fann opp Nansen-pass til. Var Nansen ei kjenslestyrt, skjelvande pingle, misforstått snill? Eller meinte han det var i tråd med ein grunnleggjande humanisme å syta for noko av det mest grunnleggjande vi treng i verda: statsborgarskap. «Snill», ja, det er visst også eit stygt ord, har eg skjøna. Eller? Høgresida verkar dei siste par åra å ha vorte svært opptekne av å fortelja oss på venstresida at vi ikkje er snillare enn dei. Som om vi har delteke i ein snillheits-konkurranse? Men «snill» er vel framleis så positivt at det ikkje går an å snakka det berre ned.

Kvar eg vil med spalta? Språk er makt! Å få gjennomslag for kva ord og omgrep betyr, det er makt. «Kjenslestyrt» er eit omgrep fyrst og fremst knytt til kvinnfolk, i lag med «hysteria» og premenstruell, kanskje? Engasjert vert lett sett som ein motsats til sakleg og faktabasert, nøktern. Men humanisme? Verre å bortforklara? I alle fall enn så lenge? Mitt råd er: Kjenner du at bruken av eit ord skurrar, hugs på at språk er makt. Og skuldar nokon deg for å vera kjenslestyrt, ja, så er det kanskje avsendaren som fyrst og fremst er nett det?

Oddny I. Miljeteig