Bustad er berebjelken!

Publisert: 2017-01-11 10:30
Del:

Det er ein menneskerett å bu. Så viktig er det. Her oppe i ver-landet kjenner vi på det i alle årstider: Vi må ha ein stad å bu. Meir enn det: Ein heim. I ein heim skal ein vera trygg og kjenna at her er ein trygg. Ein skal kunna låsa døra bak seg og vita at ingen uvedkomande trengjer seg inn. Vi treng isolasjon og gode veggar for regn, vind, snø og kulde. I grunnen skulle ingen vita betre enn oss kor viktig det er å ha ein heim. Når kuldeperiodar er varsla i Bergen, er og skal vera kommunen og Kirkens Bymisjon og politiet på alerten. Ingen skal frysa i hel om dei med vilje eller uforvarande skulle somna ute. No frys flyktningar i hel av kulden i Hellas. Kor dei er dei som skal «hjelpa dei der dei er», vel, det kan ein saktans spørja om.

Dei som frys i hel, dei har ingen stad å bu og ingen stad som liver nok. Det held ikkje med sekunda telt når snøen og frosten tek herredømet. I Istanbul snøar til og med snømennene ned. Det er ikkje kvart år dei opplever slikt der.

I Noreg skal det finnast i det minste trygt og varmt tak over hovudet for alle. Det er ikkje godt nok, og det har slett ikkje vore godt nok for migrantar og tiggarar, men heldigvis er også det politiske hjarterommet stort nok til at dei vert rekna med. Ja, det skulle berre mangla! Men no om dagen er menneskeverd og humanisme sett under så hardt press at vi må vera takksame for sjølv det sjølvsagde.

I Noreg er vi knytte til bustaden vår. Vi har «sjølveigardemokratiet» utvikla ikkje minst etter 2. verdskrigen med Husbanken i spissen. Det har vore opplese og vedteke at målet for alle er å eiga sin eigen bustad til grei standard. I dei fleste andre land er det mykje meir vanleg å bu til leige enn til eige.

Då regjeringa Willoch slepte fri bustadprisane fyrst på 80-talet, vart fundamentet lagt for at ein bustad ikkje berre skulle vera ein heim – ein bustad vart også eit spekuleringsobjekt. I Bergen, som så mange andre stader, investerer kapitaleigarar i bustader og fast eigedom snarare enn i arbeidsplassar. Det går ikkje i lengda. Og no eskalerer bustadprisane meir enn nokosinne.

I fjor steig bustadprisen i Noreg med 12,8 prosent i fylgje statistikk frå Eigedom Norge. I Oslo var prisveksten på heile 23,3 prosent. 23,3 prosent! I einskilde bydelar var jamvel prisauken godt som 25 prosent. Aldri før har prisauken på bustader vore større.

Bustadprisauken på landsbasis i 2015 var 5 prosent. Det i seg sjølv er mykje. Fyrstegongskjøparar utan pengesterke foreldre og besteforeldre i ryggen strevar med i det heile å få kjøpt seg ei såkalla «studioleiligheit» på 15-16 kvadratmeter! I dei store byane. I grisgrende strok står bustader tomme. Men der ikkje arbeidsplassar er å oppdriva, kan ein ikkje setja bu. Og ikkje alle kan skapa sin eigen arbeidsplass av inkje. Sjølv sunnmøringen greier ikkje å byggja ein møbelfabrikk av null!

I førre veke lanserte SV ein bustadpakke som VG omtala som «superradikal». No skal det vel ikkje så mykje til å bli kalla «superradikal» i VG. Men det må takast radikale grep i bustadpolitikken for at ikkje ein heil generasjon (minus dei velståande) skal stå utanfor bustadmarknaden slik vi har kjent han til no.

Den «superradikale» bustadpakken inneheld mellom anna: at staten skal gå inn som deleigar av unge eller lågt lønta førstegongskjøparar sine bustader å innføra ein nasjonal bustadskatt å innføra ein nasjonal bustadplan. SV meiner det må lagast ein nasjonal plan for utbygging av bustader, og at det vert stifta eit statleg selskap som aktivt kjøper opp tomter og byggjer ut. Vi snakkar om bustader både til leige og til eige.

Bergen Tomteselskap hadde lenge som føremål å vera eit selskap som skulle ha ei viktig rolle i bustadforsyninga i byen. Især under Høgre-byråda frå 2003 vart selskapet stadig meir vengeklipt, og Bergen har per i dag ikkje noko bustadselskap som har ei «husbankrolle.» Husbanken har vore underfinansiert til dømes når det gjeld midlar til startlån, alt medan både leigebustader og eigebustader har eksplodert i pris. Sist ute er «Airbnb»-konseptet som kan verka som rimeleg overnatting for turistar/reisande. Men som også kan verka til å ta husvære ut or bustadmarknaden, det vere seg leige eller eige – og operera som hotell/pensjonat i staden.

Eitt kan vi slå fast: Den norske bustadmarknaden anno 2017 greier ikkje på vetig vis å syta for bustader til dei som treng det. Bustadmarknaden er vorten ein spekulasjonsmarknad for dei som har mykje og mest frå før. Eg er overtydd om at det offentlege, stat og kommune, må syta for at ein skikkeleg andel av bustadmarknaden, både til leige og til eige, er utanom den kommersielle. Bustadpolitikken skal ikkje verka til å skapa større klasseskilje mellom folk. Bustadpolitikken skal syta for at alle som treng det, greier å skaffa seg ein heim.

Oddny I. Miljeteig