Om enn ikkje heile sanninga...

Publisert: 2017-01-04 10:00
Del:

«Kom ikkje med heile sanningi», skreiv Olav H. Hauge. «Kom ikkje med havet for min torste.» Det betyr ikkje at Olav H. Hauge tok lett på sanninga og det som rett er. Men alt kan bli for mykje for nokon kvar; ein kan altså ikkje drikka havet om ein er tyrst.

Det var noko slikt som rann meg i hugen då eg las i VG at Ayaan Hirsi Ali skal vera med den norske innvandringsministeren, og visstnok også den danske, på ein konferanse for likestilling og ytringsfridom. Ayaan Hirsi Ali var eit svært kjent namn internasjonalt, også i Noreg for nokre år sidan, då ho stod fram som ei av dei tydelegaste islamkritiske, eller kanskje rettare: islamnegative, røystene i Europa. Den danske innvandringsministeren omtalar i VG Hirsi Ali som eit «ikon for diskusjonen om frihetsrettigheter.» (30.12.16)

Ali flykta, skriv VG vesle nyttårsaftan, frå eit tvangsekteskap i Somalia til Nederland på 90-talet. Sidan har ho markert seg som feminist og motstandar av kjønnslemlesting, slik VG formulerer det, og slik vi mange hugsar det. Ho er truga på livet av al Qaida og er under konstante tryggingstiltak. For mange er ho ei av dei fremste heltinnene i kampen mot reaksjonær (også kalla radikal) islam. No skal ho altså vera ei av tre hovudaktørar, saman med den norske og den danske innvandringsministeren i ein stor konferanse for likestilling og ytringsfridom. Spørsmålet då er, skal sanning vera ein berebjelke i ein slik konferanse, og korleis stiller dei tre seg til det?

I Noreg veit vi at det tel ikkje til ein asylsøkjar sin fordel om du lyg om identiteten din, kvar du kjem ifrå, eller kvifor du flykta frå landet ditt. Det er rett og slett returgrunn, og vi veit til dømes at i saka om Neda trumfa faren sine feilaktige asylopplysningar Barnekonvensjonen og borns tilknyting til riket. Kva så med Hirsi Ali?

Eg er aldeles ingen ekspert på nederlandske forhold eller på Hirsi Ali, men Tor Bach har skrive svært interessant på bloggen sin om dette. Han plar vita kva han skriv om, og sidan det er tyst i media, er det ekstra på sin plass å vera med og setja søkjelyset på det som ikkje er nemnt av sanninga – og som ville ha vore svært interessant for alle asylsøkjarar til Noreg.

Ayan Hirsi Ali heiter eigentleg Ayan Hirsi Magan. Ho er fødd i 1969. I 1992 søkte ho asyl i Nederland og hevda at ho hadde flykta frå borgarkrigen i Somalia. Ho hevda også å ha blitt tvangsgifta, og at ho ikkje var til stades i sitt eige bryllaup. I 2003 vart Magan vald inn i det nederlandske parlamentet som representant for det høgreorienterte partiet VVD. Eitt år etter at ho vart vald inn i det nederlandske parlamentet, laga Magan/Ali saman med filmskaparen Theo van Gogh filmen Underkasting, som skildra vald mot kvinner i muslimske samfunn som eit resultat av islam. Van Gogh vart drepen av ein muslimsk ekstremist, som feste eit brev på brystet hans om at Ayan Hirsi Ali var den neste som skulle døy. Magans/Alis standhaftige framferd i etterkant av dette gav henne ei høg stjerne i mange miljø, ikkje minst i hennar eige parti. Og mange av oss, om enn aldri så usamde med henne politisk, beundra motet og styrken hennar.

Men, og det kjem altså eit stort men, som eg må vedgå har gått meg hus forbi. Asylhistoria til Magan/Ali var usann. Og det visste partiet hennar om. Likevel brukte dei hennar historie til å pressa fram ein svært brutal integreringspolitikk.

I 2006, skriv Tor Bach, avslørte det nederlandske TV-programmet Zembla sanninga om Magans historie. Der vart det også avslørt at ho sjølv, motsett av det ho hadde hevda, var til stades i sitt eige bryllaup, at ektemannen som hadde betalt flyreisa til Nederland godtok at kona skilde seg frå han – og at han jamvel drog frå Canada og besøkte henne på asylmottaket ho budde på i Nederland. Ho hadde også halde kontakten med familiemedlemene som ho hevda ville utsetja henne for æresdrap. Og Ali flykta heller ikkje frå borgarkrigen i Somalia til Nederland. Familien hadde reist til Kenya før borgarkrigen starta og levde under FN sitt vern i ein middelklasseheim. Og ho er fødd i 1969, ikkje 1967 som var det ho oppgav til nederlandske styresmakter.

Avsløringa førte til ein politisk skandale i Nederland, regjeringa måtte gå av – og innvandringsminister Rita Verdonk si tid i politikken var over. Magan/Ali trekte seg frå det nederlandske parlamentet og flytte til USA, der ho i dag arbeider for den nykonservative tenketanken American Enterprise Institute. I USA har ho fleire gonger vore med på Pat Robertsons kristenfundamentalistiske Christian Broadcasting Network, der ein mellom anna har gjeve homofile skulda for åtaka mot USA 11. september 2001.

Det må også nemnast at Ayan Hirsi Ali/Megan har kome med heller tvilsame utsegner om terroristen Anders Behring Breivik – og ja, ho er nemnd i Manifestet hans. Og: ho forstår han. NB: Ho stør ikkje terroråtaket. Sjølv poengterer ho at Behring Breivik har poengtert at det ikkje er ho eller andre «who speak or write aganist political Islam in Europe and America» som inspirerte han til å drepa. Det var tvert om dei tause – og at han ikkje såg høve til å uttrykkja synsmåtane sine. Altså: Konspirasjonsteorien om at islamkritikarar ikkje får rom til å uttrykkja meiningane sine. Kraftig motbevist til det mest ekstreme at at Fjordman fekk pengar av sjølvaste Fritt Ord til å skriva bok, spør du meg. Og Hirsi Ali/Magan vantar såvisst ikkje talarstolar. Ho har mykje makt – definisjonsmakt. No skal ho altså vera frontfigur bak konferanse om likestilling og ytringsfridom i lag med to lands innvandringsministrar. Det smakar ikkje godt. For begge desse innvandringsministrane ville vel ha utvist henne dersom det var i Noreg eller Danmark ho hadde gjeve slike falske asylopplysningar som eg skjønar ho gav til Nederland? Eller? Kvifor ikkje henne, men Neda, i så fall, ho som sa «Eg likar Noreg, men Noreg likar ikkje meg», på uforfalska Sandnes-/Stavangerdialekt?

Spørsmålet som står att er dette: Om vi ikkje forlangar heile sanninga, skal vi gje direkte lygn heidersplassen om den berre høver godt med regjeringa sin ideologi?

Oddny I. Miljeteig