Grenselaust samansurium

Publisert: 2016-12-31 09:10
Del:

Det er konkurranse om å definera «det norske» no på slutten av året. Kulturministeren frå Trøndelag sende ut ei jule-fjesbokhelsing sitjande i halling-bunad med ei hulter til bulter-oppramsing av brunost og Ole Einar Bjørndalen og Marit Bjørgen og graut og dugnad. Ibsen også. Han som budde 30 år av sitt vaksne liv i utlandet. Ein beisk samfunnskritikar var han også, Ibsen. Det må seiast. Og eg veit ikkje kor glad han ville ha vore for å bli teken til inntekt for det typisk norske. Det er no heller ikkje lett å definera.

Kanhende er barnetoga 17. mai det næraste vi kjem eit kollektivt, samlande typisk norske? «Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange», skreiv Henrik Wergeland, han som kjempa for å innstifta dagen – og for å oppheva jødeparagrafen i Grunnlova. Det vart gjort i 1851, 60 år før kvinner fekk røysterett i Noreg.

No seiest det at likestilling er ein norsk verdi. Ja, kanhende det. Men det er under to år sidan abortlova vart sett under debatt, og utanlandske kvinner som vert mishandla av norske menn i ekteskapet, må med regjeringa Solberg venta i fem år før dei får opphald i riket om dei bryt ut. Kvinners rettar er ikkje berre likestilling. Kvinnefrigjering må byggja på kvinners premiss og ikkje berre gjerast like med menns. Dersom likestilling betyr at kvinner jobbar deltid og menn heiltid, då er vi likestillingslandet. Betre er det ikkje. Og fasiten for kor mykje tyngde kvinners ord og truverde har i 2016, heiter Hemsedalssaka. Nei, ein treng ikkje gå til muslimske menn for å finna kvinnediskriminering. Det held lenge å gå til norske lekdommarar – og til Erna Solberg si oppnemning av ein statsråd som aldri har teke oppgjer med si eiga seksuelle utnytting av ein 16-åring.

I overskrifta har eg varsla eit samansurium av ei spalte. Og samansurium vert det. Eg nemnde trønder-statstråden i Hallingdalsbunad. Eg skal ikkje oppnemna meg aldeles til bunadspoliti, og slett ikkje til det som fjerna monstermast-motstandaren Synnøve Kvamme, politiet i full uniform, Synnøve Kvamme i Hardangerbunad. Hardangerbunaden var sjølvaste «nasjonalen» i min barndom. Bunaden vart brukt over mest heile landet – derav nemninga. Men bunader var ikkje så mykje i bruk – ære vere hardingane som standhaftig nytta festplagget og gjorde at stadig fleire landsdelar kom etter. Bunaden er eit regionalt festplagg. Ikkje eit nasjonalt. Beltestakken frå Aust-Telemark, ein av dei aller dyraste, har vorte favoritten på Oslo Vest. Ikkje tilfeldig, tenkjer eg med min Sunnhordlandsbunad. Både dotter og eine sonen vår har Nordlandsbunad; faren er helgelanding, så det høver seg. Men elles er det å seia om bunadene at dei alltid har vore grenselause – og svært lokale. Ein tok det tøyet ein hadde, rett og slett. Og silkesjala kom langt nedanfrå kontinentet. No til dags vert bunadssaumen i så stor mon outsourca til andre land og kontinent at Husfliden ottast for den heimlege kunnskapen. Strikkinga såg det også spøkje ut for berre for få år sidan. Men no strikkar ungdommen i vilden sky, også vottar med internasjonale(!) åtteblads-roser på. Forlaget Manifest gjev ut strikkebok. Tybring-Gjedde er ikkje på den banehalvdelen. Eg har ekte norsk-strikka Karl-Marx-pute, i raudt og svart. Typisk norsk? 🙂

Dei som måtte ha trudd, og vona, at menneskeverd og anstendighet skulle høyra til «det norske», måttefå kaffien i halsen torsdag kveld. Der var Tybring-Gjedde og argumenterte mot norsk bistand til utviklingsland med at mange fleire i u-land vil overleva dersom «du putter mat i munnen på dem og redder dem fra spedbarndødelighet» Slik vil «vi» måtta «redde enda flere.» Og dette er partiet som av ein eller annan grunn snakkar høgast om «den kristne kulturarven». Jesus vekte forresten menneske opp frå dei døde – det må vera ei formasteleg handling i Tybring-Gjeddes tankeunivers. Endå fleire munnar å metta! Medan innvandringsstatsråden går i rette med kyrkja for å vera venstrevridd når kyrkja ytrar seg for nestekjærleik. Kva skulle kyrkja elles gjera, om dei skulle freista seg på smålåte å gå i Jesu fotefar? Jesu bodskap var ikkje nøytral, på ingen måte. Han heldt seg med dei fattige og utstøytte, ja med filleproletariatet. Jesu bodskap er på ingen måte nasjonal heller, men i høgste grad internasjonal. Menneskeverdet var Jesu bodskap, det er aldeles ikkje særeige norsk, men ingenting er betre enn om vi kunne strekkja oss etter det som ein kollektiv verdi.

I så fall må vi slutta å fengsla og internera born, slik staten no gjer med asylborn i Trandum fengsel, eller utlendingeinternat som det heiter på fint. Språk er makt! No ristar Sivilombodsmannen regjeringa etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen har teke Frankrike kraftig i øyro for internering av born. Dei er ikkje betre, Frankrike heller. Men både den kristne og humanistiske kulturen må då setja menneskeverdet i høgsetet her på berget? No har den offisielle makta alltid teke religionen til inntekt for seg og sitt. Det gjer regjeringa også, medan Kongen vår synest å vera hakket meir radikal i så måte. Så et han visst ikkje ribbe eller pinnekjøt på julaftan heller, om eg er rett informert.Lutefisken er forresten ein eldre norsk tradisjon. Eller helgelandsk kjøtmølje.

«Det er typisk norsk å være god», sa Gro Harlem Brundtland i Lillehammer-OL-rus. Nei, det er det ikkje. Det er ikkje typisk norsk å vera god. Det er typisk norsk å ha same skavankar og ideologiske stridar som i svært så mange andre land. Det vi skal vera takksame for, er at vi stort sett gjer opp stridane våre med ord – og ved røysting i val. Men i 2016 er det ikkje tvil om at debatten i Noreg er vorten råare, mindre human – i takt med at dei sosiale og økonomiske skilnadene veks. Viljen til tvang overfor asylsøkjarar, arbeidslause, uføre og fattige aukar. Statsminister enn-så -enge Erna Solberg kjem aldri til å uttala, slik Justin Trudeau i Canada har, at «frykt aldri har skapt ein einaste jobb eller gjeve ein einaste familie mat.»

Finst det noko typisk norsk i det heile? Eg kjem berre på ein ting: Nynorsken. Han er funnen av Ivar Aasen i dei norske dialektane, og eit så demokratisk skriftspråk finst det ikkje så mange av. Fylkesordføraren i Rogaland, som snakkar mest som nynorsknormalen, meiner, som så mange elles, at nynorsken «ikkje er så naturleg» for dei. Sjølv om han er nett det. Naturleg. Språk er makt – igjen! I alle fall kan du vera trygg for, du som har kome heile denne grenselause samansurium-spalta til endes, at du har lese på eit norsk skriftmål. Takk for 2016 – nynorsk is a better language!

Oddny I. Miljeteig