Juleglede for alle!

Publisert: 2016-12-21 10:30
Del:

Det er tre dagar til julaftan. Snart er det jul her i huset også. Sidan vi er ein julebakstfamilie, er ni slag i boks og frysarane fulle av rundstykke og heimelaga brød. Det er husbonden som er flinkast med baksten. Det som skal kjevlast, det må han gjera. Eg likar best slikt eg kan setja med teskei som toppar på plate, og så lagar dei fasongen sjølv. Alle våre kjem heim til jul i år. Furu-juletreet er i hus, om enn ikkje frå barndomsfjorden. Neste år må det bli barndomsfuru. Neste år. Det er ei gåve å våga å tenkja så langt fram, eg veit det. For sikre på meir enn stunda i dag, det kan ingen vera.

I desse timar vert Aleppo evakuert. Under medias flaumljos og ei heil verds merksemd. Men Aleppo er ikkje åleine. 65 millionar menneske var på flukt i verda ved inngangen til 2015, 40,8 av dei i eige land. Borna, ja, du les rett no: halvparten av verdas flyktningar er born. Og talet på flyktningar har dobla seg på ti år. Det er kolossale tal. Dei landa som tek imot flest flyktningar er Jordan, Tyrkia, Pakistan, Libanon, Sør-Afrika, Iran, Etiopia og Tyskland. Eitt europeisk land, altså. I Noreg tek vi imot nesten ingen. Europa har bygd si festning no slik at ingen slepper igjennom til oss. I staden sender Noreg ut barnefamiliar og einslege mindreårige til Afghanistan, som mest dei einaste i verda. Men regjeringa frårår norske borgarar å reisa til Afghanistan. Det er ikkje trygt nok for oss, men det er godt nok for «dei andre». Slik når kanhende regjeringa Solberg «måltala» sine for deportering av flyktningar i julemånaden. Medan dei snakkar om «kristne» tradisjonar. Eg kjenner det vender seg i meg. Ikkje fordi eg er eit betre menneskje enn dei i regjeringa. Slett ikkje difor. Men det er verdiar som er større enn kvar einskild av oss. Dei kjem ekstra nær no i advents- og juletida. Og barnet som vart fødd i Betlehem, han vart og ein flyktning – som spedbarn. Nett slik som spedborna i gummibåtane i Middelhavet, i grunnen. Og kong Herodes let drepa alle guteborn under to år for å vera viss på at Jesus ikkje skulle leva opp. Men han hadde sloppe unna. Og Rudolf Nilsen, arbeidardiktaren, har skrive dikt om han som vart Meisteren. Her får du dei fire fyrste versa: Mesteren
I stallen i Betlehem fødtes i kveld
den eneste sønn av Vårherre.
De første som lo til hans skrik og hans sprell
var fattigfolk bare dessverre.
Men Jødelands konge han slipte sin kniv
for konger er redd for sitt liv.
Og da han blev større, så vandret han rundt
og levet fra hånden til munnen.
For borgerlig ro blev han aldri forundt.
Men skadelig var det i grunnen.
For tenk på de folk, som han omgikkes med:
en fisker, en snekker, en smed!
De rike blev pisket med svøper og ord:
i dem hadde ondsinnet røtter.
Men synderen spiste ved frelserens bord,
og skjøgene lå ved hans føtter.
At mesteren blev som han blev, er det rart,
med omgang av sådan en art ?

Hadde dette diktet vore tonesett, hadde det faktisk vore ein julesong. Det er beiskt i tonen, slik tilveret alltid er beiskt for fattigfolk. Og det er ingen grunn til å idyllisera Jesu fødsel og jordiske liv. Alt gull, glitter og stor kunst som har vorte han til del i hundreåra etterpå, det var ikkje ein del av Jesu kvardag. Han heldt seg med fattigfolk, han gjekk blant folk flest – og «skjøgene lå ved hans føtter.» Han rydda tempelet for kommers. Bokstaveleg tala rydda. Skulle vi ha leita etter Jesus i Bergen i dag, kor skulle vi gå? I undergangen ved Strax-huset på Damsgård, det er ikkje eit dårleg tips. Eller i og kring Korskirken. Eller på Robin Hood-huset. På overnattingsstaden for tiggarar. I heimane til somme av dei 4.700 fattige borna i Bergen. Ja, for så mange fattige born finst det i vår by. «Barnefattigdom», seier vi. Det er eit misvisande omgrep. Kvifor ikkje «foreldrefattigdom»? For det er det barnefattigdommen handlar om. Fattige born er fattige avdi dei har fattige foreldre. Men born er gjerne meir verdige trengjande enn fattige foreldre i dagens Noreg der arbeidslina er pervertert til at den som ikkje får eller kan arbeida, den har seg sjølv og eigen latskap å takka. Så gale er det. Endå vi veit betre. Ingen vel å vera sjuk, ufør eller arbeidslaus. Eller fattig. Stort sett ingen, utanom Jesus sjølv, har valt å vera fattig og blant dei fattige. Difor er det eit samfunn utan miskunn og solidaritet som held dei fattige nede i fattigdom og plukkar velferdsordningar og økonomisk tryggleik frå dei trengjande, i Bergen som i Noreg. Sosialhjelpsnivået i Bergen er ikkje i nærleiken av det nivået Statens Institutt for forbruksforskning set som eit nøkternt minstenivå å leva for. Ikkje i julemånaden, heller. Så vert dei fattige og borna deira dubbelt påminte kor fattige dei er når julehelga glitrar inn. Sjølv om Frelsesarmeen og Bymisjonen og Robin Hood-huset og mange fleire gjer sitt beste for å gjera jula mindre vond for dei som har for lite. Å vera fattig er å ha for lite pengar, plar Mikkel Grüner, SVs gruppeleiar i bystyret seia det. Så enkelt – og så vanskeleg er det. I vårt land er det meir enn nok pengar. Dei er berre så ulikt og urettvist fordelte. Høgresida meiner vi godt kan tola større økonomiske skilnader i Noreg. Det er heilt feil. Vi skal aldri tola å ha fattige i Noreg. Aldri. Det er mitt fremste juleynskje. Velstand må delast for ikkje å korrumpera oss som folk, delast med dei som har minst her vi er og dei som har lite og bankar på døra vår. Det er ikkje naivt. Det handlar om å overleva, og overleva som verdige menneskje - for oss alle, for borna våre og barneborna våre. Og med så sagt, kjenner eg at eg av hjarta vil ynskja alle som les spalta ei gledesfylt julehøgtid.

Oddny I. Miljeteig