Ingen gevinst!

Publisert: 2016-12-16 10:00
Del:

Eg elskar basarar. Allslags basarar. Anten det er åresal eller loddbøker eller moderne facebook-basarar. Det siste veit eg ikkje om det er noko som heiter, men det hender eg kjem borti noko liknande, i alle fall. Det er gjerne berre ein gevinst då, på facebook. Og i botn og grunn er det jo reklame for ei verksemd eller eit produkt, eg skjønar det. Så eg er ikkje heilt kritikklaus når det gjeld kva eg «likar».

I grunnen er det rart at eg er slikt eit basarmenneske, for eg vinn sjeldan og aldri. Då eg ein gong fekk melding frå Blindeforbundet i Hordaland om at eg hadde vunne to gevinstar, trudde eg ikkje mine eigne øyro. Det viste seg at det hadde eg grunn til, for det var mannen min og sonen min som hadde vunne gevinstane. Syskenbarn Else tek lodd for meg på basarar heime i barndomsfjorden, og då hender det forresten radt ofte at eg vinn, faktisk. Ein gong vann eg til og med hovudgevinsten på ein basar; eit gåvekort på kr 1.200 på Etne senter! Og i haust har eg vunne ein fin, handstrikka barnegensar. Dessutan, på fjesboka vann eg altså ein batteridriven kantklippar frå Seimstrand AS! Då vart eg så opp i det at kantklipparen til denne dag har stått innpakka i stova.... men han må vel til høvelegare lagringsstad når det straks skal pyntast til jul.

Det ein kan vera trygg på med basarar, er at der alltid er gevinstar. Somme små. Somme store. Mange eller få, men alltid gevinstar. Sjølv om ein ikkje vinn, vinn i alle fall andre. Og alle gevinstane finn sin eigar. Då eg var liten, tykte eg det var urettferdig om vi ikkje vann noko. Det synest eg ikkje lenger, men eg kan no bli litt skuffa, såpass barnleg er eg.

I politikken får eg ikkje alltid gevinst. Og bra er no det, vil somme seia! Men jammen hender det at det kjem gevinstar i SV sin veg også. Og som ei vaskeekte SV-kjerring på 62, kan eg eigentleg sjå mange SV-gevinstar om eg tenkjer etter og på lang sikt. Så det.

Den såkalla kommunereforma er ikkje eit SV-påfunn og heller ikkje ein SV-gevinst. Danmark ligg nokre år føre oss når det gjeld kommunesentralisering. For det er det det handlar om. Sentralisering. Det er så langt også det den såkalla regionreforma handlar om. Sentralisering, altså. Mykje prestisje er lagt i kommunesentraliseringa. Så mykje at sentraliseringa jamvel har vorte presentert som demokrati. Ja, og så effektivitet, må vita. I Danmark gjekk 1. januar 2007 gjekk danskane frå 271 til 98 kommunar og frå 14 amt til fem regionar. Oppgåvefordelinga dei ulike nivåa imellom vart også endra, og gjennomsnittleg innbyggjartal i kommunane gjekk frå 20.000 til 55.000. Berre sju kommunar har under 20.000 innbyggjarar, av desse er fem øykommunar. Her på berget har 372 av 428 kommunar under 20.000 innbyggjarar. Desse tala har eg funne i gårsdagens Klassekampen, som melde frå eit nytt forskingsprosjekt om den danske kommunereforma, altså sentraliseringa, der også.

«Og gevinsten ved stordrift blev....nul.» Slik siterer Klassekampen ein artikkel frå nettstaden Altinget.dk, som i ein større serie ser på konsekvensane av den store, ti år gamle strukturreforma. Det mest slåande funnet er kanskje at danske kommunar ikkje har vorte billegare i drift. Klassekampen syner jamvel til American Political Science Review som refererer til fire kommuneforskarar. Dei er samstemde: Gevinsten er null. I reine pengar rekna, altså. Null. Ein av forskarane, Kurt Houlberg, seier til Klassekampen at «kommunane har blitt meir robuste og i betre stand til å balansere budsjetta.......Det er spart inn noko på administrasjon og vegvesen, men pengane har gått til andre område, som barnevern og arbeidsmarknadstiltak.»

Tidlegare har eg lese at den danske kommunesentraliseringa har ført til auka byråkrati, men ikkje fleire lærarar, til dømes. Og no viser det seg også at det ikkje er noko som tyder på at produktiviteten i dei samanslåtte kommunane har auka som fylgje av reforma. Ingen gevinst i produktivitet heller, altså! Men talet på juristar og økonomar ute i kommunane har dobla seg på ti år. Så skal det vera spart 1 – ein prosent til saman grunna innsparing i administrasjon. Då har mykje folkestyre gått tapt for 1- ein prosents vinst! For innbyggjarane opplever at det har vorte større fråstand til politikarane og at dei er mindre knytte til kommunen enn før. Mindre tilhøyrsle, altså. Det kan verta dyrt, det – i langt meir enn kroner og øre. For skal vi vera eit samfunn, må vi kjenna at vi høyrer til noko som er større enn oss sjølve, familien og vener.

Veit du at det som faktisk gjev effekt i den danske kommunereforma, det er å sentralisera barnehagar, skular og eldrepleie. Og det er «enklare» med større kommunar, der politikarane er fjernare frå innbyggjarane. Sentralisering, altså. Framandgjorde innbyggjarar. Det same som Sannerisering – for kommunalminister Jan Tore Sanner veit kva han gjer. Den norske kommunereforma handlar heller ikkje om folkestyre eller tenestekvalitet. Sanner riggar ein juksebasar utan gevinstar. Og nei, det hjelper ikkje at det er julaftan i neste veke!

Oddny I. Miljeteig