Klassebudsjettet

Publisert: 2016-12-07 11:00
Del:

Nei, dette handlar ikkje om pengane til ein skuleklasse. Forresten, det handlar om det også. For fellesskulen vår skal utjamna sosiale skilnader. Her skal direktørdottera og helsefagarbeidarsonen gå saman, og for den del konge- og kronprinsborn også. Vel. Kronprinsparet har teke borna sine ut or den offentlege skulen, og prinsessa skal ikkje eingong læra nynorsk. Det skal kronprinsparet læra henne sjølve. Jaujau. Johnny frå Stovner – var det ikkje det han sa han heitte, kronprinsen, i ungdommeleg flåseri? Han hadde klassemedvitet inne allereie den gongen, kronprins Håkon. For sjølvsagt finst det sosiale klassar i Noreg. Og i alle andre land. Det er liksom ikkje heilt stovereint å snakka om klassekamp om dagen, og det er det nokon som tener på og andre som taper på. «Viss klassekampen er over, da vil jeg vite: Hvem vant?» plar ein kamerat av meg seia. Han kan sine spissformuleringar, den karen.

Regjeringa og samarbeidspartia kom etter mykje skrik og mas fram til eit omforeint statsbudsjett. Det var tilsynelatande på hengjande håret, og det må ha gått hardt ut over julebaksten til Erna Solberg, Siv Jensen, Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide. Eg veit ikkje eg, det kan godt vera at budsjettet hadde vorte betre om dei fire til dømes hadde baka fattigmenn i lag? Då kunne i alle fall sentrumspartiet Krf ha kome på at det er noko som heiter sosial rettferd – og at fattigdom ikkje skuldast latskap. Men dette statsbudsjettet er ikkje for fattigmenn og -kvinner. Det er som bybudsjettet i Bergen blindt på det auga som skal sjå fattigdommen. Budsjettfleirtalet verkar meir opptekne av å løysa problem seg imellom enn å løysa problem for folk flest og især for sine fattige medborgarar.

Og når tyngdepunktet blant forhandlarane ligg til høgre, vert budsjettet deretter. Ikkje eingong «barnefattigdommen» har dei prioritert å gjera noko med. Ja, eg skriv «barnefattigdom» i hermeteikn, for det er eigentleg eit kunstig omgrep. Fattige born har fattige foreldre. Rett og slett. Det er ikkje borna som er fattige, det er forsørgjarane deira. Hugsar du barnetillegget for uføre forsørgjarar? Kuttet som Venstre og Krf tidlegare har teke æra for å «berga», før det viste seg at tusenvis av familiar vert fråtekne tusenvis av kroner likevel? Dei same fire partia som det siste året har teke frå 367 familiar 29.000 kroner kvar i snitt, dei utvidar no dette kuttet til å ramma 4.500 born. 4.500 born, det er fleire enn det bur innbyggjarar i svært mange norske kommunar. Samstundes brukar dei mest 300 millionar til å betala friske foreldre pengar for ikkje å jobba. For no skal kontantstøtta aukast til 7.500 kroner for månaden, om eg hugsar rett. Det er no mest som eit studielån, det. Men dei uføre som er sjuke, dei får stadig vekk høyra at dei må koma seg i jobb! Det er ei pervertert arbeidsline. For korleis kan sjuke menneske koma seg i jobb? Meiner dei fire partia på ramme alvor at dei uføre er late? I alle fall kuttar dei den gratis eigenandelsordninga for kronisk sjuke menneske og skadde for fysioterapi. Dei vert altså friskare av det? Spør du meg, sparar dei fire på skillingen og let dalaren gå. Og det er dei som har minst, som må betala. Mest.

Fleire plassar for varig tilrettelagt arbeid, nei, dei kjem ikkje. Sjølv om alle veit at behovet for slike er stort. Og sjølv om vi veit kva det betyr for livskvalitet og helse å ha ein jobb å gå til. Menneske vil vera aktive samfunnsborgarar, vi vil vera til nytte. Men somme må ha bistand og tilrettelegging for å greia jobb, og somme må ha varig tilrettelagde arbeidsplassar.

Så er det også slik at somme rett og slett er uføre. Det har eg enno til gode å møta menneske som er av eigen fri vilje. Tvert om. Mi erfaring som tillitsvald og elles i livet er at menneske gjer dei mest utrulege anstrengjelsar for å halda seg i jobb. Så skal vi då også ha eit tryggleiksnett som sikrar oss om vi ikkje greier å vera deltakarar i arbeidslivet. Det tryggleiksnettet får større hol med statsbudsjettet 2017. Barnetrygda har stått på staden kvil sidan 1996. Om Stortinget starta med å auka den for einslege forsørgjarar og fleirbornsfamiliar, ville ein krone for krone lyfta familiar som slit ut or fattigdom. Men det prioriterte ikkje dei fire partia. Derimot har dei syrgt for at stadig fleire arbeider i utrygge og mellombelse jobbar og har utrygg økonomi. Dei har såkalla «mjuka opp» arbeidsmiljølova. Det vil seia gjort arbeidslivet tøffare for dei som har hatt det tøft nok frå før. Dei fire partia har gjeve dei store skattelettane til dei som har aller mest frå før. Det er omsnudd Robin Hood-politikk. Det er med og fører til sosial dumping og lønsnedslag for dei som har minst. Og då har eg ikkje eingong nemnt bustadpolitikken.

Mest alle økonomar oppmodar om å flytta skatt frå arbeid til eigedom. Det vil verka omfordelande og dempa prispresset, meiner jamvel OECD. Det internasjonale pengefonet IMF pårekna allereie i juni at den norske bustadmarknaden var 40 prosent overprisa. Titusenvis vert stengde ute frå bustadmarknaden medan somme gjer bustad til spekulasjonsobjekt. Dette er klassepolitikk. Rein og skir klassepolitikk. Til beste for overklassen og øvre middelklasse, kan vi trygt seia. Medan dei som lite har, dei skal i alle fall ikkje få meir. Med ynskje om god jul frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Krf.

Oddny I. Miljeteig