Kor gammal er du?

Publisert: 2016-11-30 10:30
Del:

Nei, eg meiner ikkje du skal senda epost til BA eller tekstmelding til meg og fortelja kor gammal du er. Så forviten er eg ikkje, sjølv om overskrifta kan tyda på det. Heller ikkje meiner eg at du skal nytta resten av dagen til å tenkja over alderen din, kva den betyr for deg og bli mismodig eller glad og optimistisk alt ettersom. Neidå.

Men når du skal fornya passet ditt, ville du då ha likt at passkontoret sa: «Nei, vi trur ikkje at du er så gammal som du seier. Vi meiner bestemt at du er eldre.» Og dette ville ikkje vera meint som smiger til dei av oss damene som framleis slit med den gamle vitsen om at vi aldri blir eldre enn 29. Eg er definitivt eldre enn 29, for eg er 62. Og ser ut deretter. Særleg no når eg ikkje fargar håret lenger, og det gråkvite står fram med all sin autoritet. Men det kjenner eg på: Kranglar passkontoret på alderen min neste gong eg skal fornya passet og påstår at eg er eldre enn det står i gamlepasset, då vert eg arg. For eg er minsanten gammal nok! Rettare sagt: Eg er nett så gammal som eg er! Når sant skal seiast, er eg så heldig at passkontoret nok kjem til å godta fødselesdatoen min utan å blunka. For eg har norsk pass, er fødd i Noreg, oppvaksen i Noreg – og har berre vore i utlandet på ferie eller i embets medfør. I Afghanistan har eg aldri vore. Ikkje i Nepal heller. Eller i Somalia. Eller Irak. Ikkje i Syria heller. Og no skjønar du kvar eg vil.

Utlendingedirektoratet har nemleg lagt seg til ein heilt særeigen praksis for å fastsetja alderen på dei einslege mindreårige mellom 15 og 18 år som søkjer asyl i Noreg. Dei nyttar seg av eitt einaste firma, Barnesak AS, som har ein pensjonert lækjar . Denne lækjaren er det som gjennomfører ein test på handrota (og tenner) for så å fastsetja alderen på den unge. Metoden er mildt sagt omstridd, og Etisk råd i Lækjarforeininga no behandlar ein klage på Barnesak AS frå Nordland Legeforening. VG har i ei rekkje artiklar sett søkjelyset på den omstridde alderstesten. Resultatet er ikkje nøyaktig. Ofte vert det oppgjeve eit sprik på mellom 16 og 20 år, oppsummerte Klassekampen i går. VG har lese 40 kjennelsar der metoden er brukt, og i alle tilfelle vart alderen oppjustert etter at testen var gjennomført. Til no i år er alder sett på 1615 einslege mindreårige. I fylgje Barnesak AS er berre 325 av dei heilt klårt mindreårige. I Nordland Legeforening sitt brev til etikkrådet går det fram at sentralstyret i Lækjarforeininga allereie i 2010 åtvara medlemer mot å delta i røntgenundersøkingar for å bestemma alder. Nordland Legeforening skriv at det truleg er få andre enn UDI som nyttar seg av Barnesak AS sin kompetanse.

I FriFagbevegelse las eg nyleg om ei sak, ikkje atypisk, det eg kan skjøna. UDI slo fast at den afghanske asylsøkjaren var meir enn 20 år gammal. Ei rekkje barnefaglege ekspertar som hadde arbeidd med og møtt asylsøkjaren fleire gonger, er overtydde om at han er mindreårig. Guten sjølv oppgav alderen sin til 15 år. Likevel valde UDI – igjen – å stø seg på konklusjonen frå den omstridde praksisen med røntgenbiletete av beinutviklinga i hendene. Lege Michael Kjærnes Kristensen var sterkt uroa for at den han såg på som eit barn budde åleine på eit mottak med vaksne, og han vurderte at asylsøkjaren vart sjukare for kvar gong han møtte han. Då UDI foreslo å flytta den unge asylsøkjaren frå eitt vaksenmottak til eit anna, tok lege Kjærnes Kristensen kontakt med barnevernet fordi han meinte guten var utsett for grov omsorgssvikt. Barnevernet kjende til guten frå før, aksjonerte og overtok omsorga for han.

Overlege og spesialist i barnesjukdommar Ellen Annexstad undersøkte 15-åringen og sa til VG: «Han er på ingen måte over 18 år. Det er måten han fremstår på, kroppsholdningen, hele væremåten, er faringsgrunnlaget, måten han ter seg på og tar ansvar for. Hen er på alle måter en guttunge som trenger omsorg. Det han har opplevd er offentlig omsorgssvikt. Det er fantastisk at barnevernstjenesten grep inn». Sa barnelegen.

For to veker sidan vart omlag 70 unge afghanske asylsøkjarar arresterte i ein landsdekkande aksjon. Dei vert no gjorde klare for å bli utsende til Afghanistan, med tvang. Midt i advent, 11. desember, er sagt å vera utsendingsdato.No stemnar tre av dei unge, ved Elden advokatfirma, staten. Eg saksar: «UDI har uten noen nærmere vurdering eller begrunnelse fraveket samtlige opplysninger som foreligger om alderen.......og funnet det for godt å plusse akkurat to år på den alderen ..... har oppgitt, heiter det i stemninga som Klassekamen har fått sjå. Advokat Jostein Løken, som representerer dei tre, hevdar at dersom dei unge var mindreårige og omsynet til barnets beste hadde vorte vurdert (slik det då skulle), ville dei tre ikkje ha fått avslag.

I Stortinget har innvandringsministeren uttala at medisinske aldersundersøkingar er eit viktig verktøy for å fastslå alder, men at ingen metode gjev heilt sikre svar. Difor er aldersundersøkinga ein del av ei heilskapsvurdering, og det krevst klår «sannsynlighetsovervekt» før ein fastset alder til over 18 år. «Praksis ser ikke ut til å stemme med det Listhaug sier i Stortinget. Derfor ber SV om dokumentasjon på påstanden om at «tvilen alltid kommer disse tilgode slik at de blir kategorisert under 18 år.» Sitat sjølvaste Karin Andersen som sit på Stortinget for SV.

Elles er det på sin plass å minna om at både Norsk barnelegeforening og ei rekkje andre europeiske lækjarforeiningar motset seg metoden. Metoden har sitt opphav i fastsetjing av alder på eit utval amerikanske unge frå 1930-talet, har eg lese. Men då var poenget, og føremålet, å fastslå «skjelettmodenhet» ved kjend kronologisk alder – og altså ikkje motsett!

Heilt til sist, og du trur det knapt om du les det: I ei sak om aldersfastsetjing som eg kjenner til, vart ved tannundersøking alderen etter ei tann i overmunnen sett til 34 år, men ei tann i undermunnen synte 17 år, difor nytta ein snittet og fastsette alder til 25! Om eg tullar? Spør Berta Wergeland som kjenner nett denne ungdommen og saka hans ut og inn.

Så altså: Neste gong nokon spør om kor gammal du er, ver sjeleglad om du har norsk pass og er fødd i Noreg! Men dei 70 afghanarane, dei må slett ikkje sendast ut 11. desember, etter ei aldersfastsetjing som kan vera rein.....humbug!

Oddny I. Miljeteig