...og torsk og skreien, og nise

Publisert: 2016-11-23 11:30
Del:

Måndag sa kommunestyret i Vågan i Lofoten med 19 mot 10 røyster nei til å opna området utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeverksemd. Med det vedtaket gjort er det ingen kommunar i Lofoten som seier ja til å opna dette området. Det kan vera verd å nemna at seks av Arbeidarpartiet si kommunestyregruppe røysta for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, to mot. Og det kan vera verd å nemna at halvdelen av Høgre si gruppe gjorde likeeins. Det var altså eit breitt fleirtal. I førre veke gjorde Berg kommune på Senja eit liknande vedtak. Søndag var eg i barnedåp i Vik kyrkje i Sømna på Helgeland. Det var ei stor oppleving på så mange vis. For min eigen del: Min aller lengste tur sidan kreftdiagnosen for halvtanna år sidan. Og eit steg i tilfriskninga, kjenner eg. Dessutan fekk eg sjå gjennom Torghattholet, og når eg får det, er det symbolet på eit godt år, for meg. I fjor fekk eg ikkje sjå gjennom Torghattholet. Og endå gjorde SV eit godt val i Bergen! Svært godt. 7%. Og meiningsmålingane i etterkant har vore endå betre. Du verdo! Men attende til det spalta eigentleg skal handla om: Fisken. Og framtida for fisk og folk. Langs kysten, i nord og for oss alle. Salmevalet i dåpsgudstenesta i Vik kyrkje skulle ein tru var eit frampeik til kommunestyrevedtaket i Vågan i Lofoten dagen etter. For var det ikkje sjølvaste Petter Dass sin salme som var den fyrste, og det i god, gammal språkdrakt: Herre Gud! Ditt dyre navn og ære

Herre Gud! Ditt dyre navn og ære over verden høyt i savn må være, og alle sjele, og alle trelle og hver geselle de skal fortelle din ære.

Det er smukt og kosteligt at høre, at man Gud sin' lebers plikt mon gjøre; de dyb' avgrunner, de grønne lunder skal Herrens vunder hver tid og stunder utføre.

Ja, før Gud sin ære skal forlise, før skal hav og grummen hval ham prise, samt og tanteien, som løper leien, stenbit og seien og torsk og skreien, og nise.

Eg hugsar godt denne salmen. Vi song den svært ofte då eg gjekk i barneskulen. Det fyrste verset kunne eg utaboks. Men slett ikkje dei to som du ser her som to og tre. «tanteien» måtte eg rett og slett googla. I fylgje Wikipedia er det ei gammal nemning for ein stor fisk eller liten kval, som altså «løper leien.» Og då vert det skjøneleg. I Petter Dass sine ord skal både hav, kval, tanteien, steinbit, seien, torsk og skreien – og nise prisa Vårherre. Petter Dass seier ikkje eit ord om olja. Ikkje eitt einaste. Som naturleg er. Sjølv ikkje Petter Dass kunne føresjå den norske oljealderen og at olja skulle bli vår tids gullkalv. No når oljealderen er på hell, gjeld det om å sjå framover, langt framover. Og det er det dei vågar, alle kommunestyra i Lofoten. Dei tek ikkje minste motstands veg, som sant å seia ville ha vore å krevja konsekvensutgreiing, som det så misvisande heiter. Kunnskapsinnhenting, seier tilhengjarane av konsekvensutgreiing, ingen kan då vera motstandarar av meir kunnskap? Dei underslår med vilje, for det må vera med vilje, at konsekvensutgreiing rett og slett er fyrste steget i å opna for oljeutvinning. Kunnskap skulle ein no ha i rik mon når det gjeld LoVeSe, som det heiter på stutt-språket. 93 rapportar er laga dei siste åra. 93 rapportar med kunnskap, det er vel slett ikkje verst? Mon kva anna det er laga 93 rapportar om? Ferjefri E 39? Nei, det kan eg ikkje tenkja meg. Ikkje eingong det.

Kvifor skal vi her sør/vest bry oss med Lofoten, Vesterålen og Senja, anna enn at Bergen har mangfaldige hundreårs historie som tørrfisk-katedral, hadde eg nesten sagt, men det er vel børs som er rette nemninga her. Og framleis får vi flyboren fersk skrei når det er Lofotfiske. Fisken er ein mest evigvarande ressurs og gjev mat og arbeidsplassar i hundreår etter hundreår. Vi snakkar altså om fødestova for den siste robuste torskestamma i verda. Noreg har slik både eit nasjonalt og eit internasjonalt ansvar for torsken. Går noko gale i oljeutvinning i dette området, ja, då kan løpet vera køyrt for torsken. Og turismen, som vert ei stendig større næring her. Det er ikkje tilfeldig at LO i Vesterålen er imot oljeboring i området sitt. Meiningsmåling etter meiningsmåling syner at fleirtalet i Nord-Noreg meiner det same. Ved valet i 2013 var til og med fleirtalet av AP sine veljarar i Nordland mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Når Fagforbundet i spissen for fleire forbund i LO stiller seg på lag med motstandarane av opning av desse verdfulle områda for oljeboring, er dei i godt selskap. Ja, også lokalt selskap.

Oljealderen er på hell. Det kan sjølv ikkje Donald Trump stogga. Eller Erna Solberg. Og kanskje går overgangen til fornybar energi endå mykje fortare enn det som har vore gjengs tanke så langt. Vi veit, eigentleg, at vi må omstilla kompetansen vår frå olje og oljerelatert verksemd til fornybar energi. Frå i går av. Vi må sjå langt fram. Slik kommunestyra i Lofoten gjer det. For tanteien, torsk og skreien og dei – og nise. Og for oss alle.

Oddny I. Miljeteig