Usolidariske prosentar

Publisert: 2016-11-16 11:30
Del:

«Ein kan ikkje kjøpa mjølk og brød av prosentar.» Så sant som det er sagt. Utsegna har vore ytra mange gonger i kvinners kamp for likeløn – og i kampen for ein solidarisk lønspolitikk. I den solidariske lønspolitikkens namn er det også kronetillegg ein må krevja. Prosenttillegg skaper systematisk større lønsskilnader lønsarbeidarar imellom. Sjølvsagt er det mange andre ting som verkar inn på lønsdanninga også. Mellom anna at dei mest høgtlønte i samfunnet er fritekne for alle kollektive forhandlingar og ser ut til å få bonus av styra sine anten det går godt eller gale. For ikkje å snakka om pensjonsordningar. For mange i direktørsjiktet sin del er det jo faktisk slik at dei har så gode sluttavtalar at dei vinn på å få sparken snarare enn å jobba i stillingane sine.

Det ser altså heilt annleis ut i nedste delen av lønssjiktet. No har Senter for lønnsdanning ved Bård Jordfald og Ragnar Nymoen nyleg gjeve ut rapporten «Hva skjer nederst i lønnsfordelingen i privat sektor?» Både Fri fagbevegelse og avisa Klassekampen har skrive om rapporten, som analyserer utviklingstrekk blant dei 10 prosenta som tener minst. Det er særleg i Klassekampen eg har funne stoffet til denne spalta.

Frå 2006 til 2015 auka lønene i samfunnet med 42,1 prosent. For dei 10 prosenta med lågast løn auka den med 24,2 prosent, medan dei ti prosent høgast lønte auka med 46,6 prosent. Det er særleg lågtlønte i privat sektor som har sakka akterut.

I 1997 tente dei 10 prosent lågast lønte i alt 6,4 prosent av all løn. I 2015 var dei nede i 5,2 prosent. Dei 10 prosenta som tener best, auka i same periode sin lønsandel frå 18.1 til 19,8 prosent.

Frå 2008 til 2015 hadde dei lågast lønte ein reallønsauke (etter at prisauke er trekt frå) på smålåtne 0,5 prosent. Det er langt fram til amerikanske tilstandar, der sjølv store delar av middelklassen ikkje skal ha hatt reallønsauke sidan 70-talet, om eg ikkje mishugsar meg. Men likevel.

Kva er det så den dårlege lønsutviklinga for dei lågast lønte skuldast? Eitt element, seier Jordfald og Nymoen, er graden av fagorganisering. I dei arbeidargruppene som utgjer dei 10 prosent lågast lønte, er det historisk sett låg andel fagorganiserte, slik som i hotell- og restaurantbransjen. Og utviklinga går feil veg. I 2000 jobba 35 prosent i tariffbundne verksemder. I 2007 hadde andelen auka til 39 prosent. Men så rasar det nedover, og i 2012 arbeidde berre 25 prosent av dei lågast lønte i tariffbundne verksemder.

Som i resten av arbeidsmarknaden har dei som jobbar i låginntektsgruppene norsk landbakgrunn. Men det er i endring. I 2000 hadde 94 prosent av dei lågast lønte norsk bakgrunn. I 2012 var delen med norsk bakgrunn 79 prosent. Den største endringa skuldast stor innvandring frå EU-land, men også andelen innvandrarar frå land utanfor EU har auka kraftig.

Kvinnelønskampen står på to bein, plar Siri Jensen, drivkraft i den årlege Kvinner på tvers-konferansen i Oslo seia: « Kampen for likeløn mellom kvinner og menn – og kampen mot lågtløna.» Det er like rett, kvart år. Og no ser det ut som om likelønsutviklinga har stoppa opp – medan lågtlønskampen går feil veg, for både kvinner og menn. Ja, det er så absolutt eit klasseperspektiv i dette – og det utfordrar utan tvil den delen av fagrørsla som ikkje organiserer dei lågtløna.

I 2012 var 53 prosent av dei lågast lønte kvinner, mot 62 prosent i år 2000. Fordelinga av lågtløna mellom kjønna har altså vorte jamnare – utan at det er ein siger å snakka om.

Gruppa lågtlønte har vorte yngre i perioden. Det skuldast, seier Senter for lønnsdanning, i all hovudsak store kull med unge arbeidarar med norsk bakgrunn. Mens alderen for dei med norsk landbakgrunn av dei lågast lønte gjekk ned, har den gått litt opp for innvandrarane, skriv Klassekampen.

I vår gjekk Fellesforbundet, som organiserer hotell- og restaurantarbeidarar, til streik i fire veker for å få rett til å gjennomføra lokale lønsforhandlingar. Det førte også til at 1000 nye medlemer frå denne sektoren melde seg inn i Fellesforbundet. Når talet frå før var 7.500, er 1000 nye medlemer kolossalt mykje. Vonleg fører det til fleire tariffavtalar, og at Fellesforbundet får forhandla opp løna også lokalt.

Eitt er visst: Fleire organiserte gjev likare løn. Eitt til er også visst: Det er kronetillegg som dreg lågtløna opp. Prosenttillegg vil alltid auka lønsskilnadene. Og gjera mjølk og brød dyrare for dei som har minst lønsauke. Det er ikkje solidarisk, og det fører til fattigdom, slik vi diverre har sett det i så altfor mange land. Noreg må ikkje bli blant dei.

Oddny I. Miljeteig