Det er inga skam å vera god!

Publisert: 2016-11-09 10:30
Del:

I det eg skriv spalta, er valkampen i USA over, og no skal veljarane gå til urnene. I det du les spalta, veit vi resultatet. Uansett kven som vinn, har den amerikanske valkampen vore historias styggaste. Donald Trump har harselert med og trakassert kvinner, minoriteter, mexikanarar, muslimar. Kona hans, Melania Trump, poengterte i sin siste tale i valkampen at det måtte bli slutt på mobbing i sosiale media. Det er det sanneleg ikkje vanskeleg å vera samd med henne i. Men ho er altså gift med Donald Trump, som rådgjevarane i valkampinnspurten visstnok forbaud å skriva på Twitter! Og det var ikkje fordi han ville vera for lite tøff i talen, for å seia det slik..... Trump er definitivt ingen godheitstyrann. Det er ikkje Hillary Clinton, heller. Men ho er heller ikkje noko Tea Party, sjølv om ho er ein utanrikspolitisk hauk. Det har også Obama vore, og heilt ærleg sa han nyleg at han ikkje kunne skjøna kvifor han fekk Nobels fredspris. Det står det faktisk respekt av!

Obama-familien har tilført Det kvite hus anstendigheit og skandaleløyse. Det er i seg sjølv ein kvalitet. Og det seier sitt. No skal vi ikkje venta at politiske leiarar er så mykje annleis enn oss andre. Vi er mange som gjennom tidende har gjeve att feil eit mykje kjent sitat: «Den Gud gjev eit embete, den gjev han også forstand.» Det er ikkje det som er originalen. For originalen skal vera, her attgjeven på dansk: ''Den Gud gir et embede, den give Han også forstand''. Altså: Måtte den som får eit embete, også bli gjeven forstanden som embetet krev. Det er noko heilt anna. Og i den forstanden høyrer godheit med. Sjølv om det ikkje ser slik ut om dagen. Og i det eg sit og skriv denne spalta, kom eg over eit VG-oppslag frå nettet. Dei skriv frå Mahoning fylke i Ohio, der over 6.000 innbyggjarar som tidlegare var medlemer i Det demokratiske partiet har bytt side til Republikanarane før nominasjonsvalet i år for å kunna røysta på Trump. Ein eigedomsmeklar, Davisk Sokol, 61 og eitt år yngre enn meg, er ein av dei: «Jeg har jobbet hele livet, og syntes at Demokratene nå er mer opptatt av å gi penger til fattige enn å hjelpe arbeidsfolk.» Eg kvakk då eg las det. For å setja arbeidsfolk på golvet og fattigfolk opp mot kvarandre er sjølve oppskrifta på høgreekstremisme og ropet på den sterke mann, slik Trump framstiller seg sjølv som. Han skryt av at han ikkje har betalt federal skatt i årevis – og kjem unna med det. Som ein tøffing, som handlekraftig – og som ein som kan gje framgang for arbeidslause og arbeidsfolk som ikkje har hatt reallønsauke sidan 70-talet!

Det internasjonale pengefondet (IMF) har pårekna at det i USA finst 46,7 millionar fattige. Det er ein av sju. Eitt av fem born lever i fattige familiar. Eitt av tre born med einsleg mor lever i fattigdom. 40 prosent av dei fattige er i lønsarbeid. I Noreg har vi så langt greidd å oppretthalda at ein greier å syta for seg sjølv på rimeleg vis når ein er i full jobb. Det gjer dei altså ikkje i USA. Attpåtil har dei fattige ikkje råd til helseforsikring, slik vi gjennom vår alles norske velferdsstat og trygdeordningar er forskåna for. Og Trump har truga med å reversera Obamacare om han kjem til makta. Trump er autoritær, han framstår autoritær, og han appellerer til det autoritære i veljarane sine. Han framstiller seg sjølv som «Den sterke mann» sjølv om han har arva den rikdommen han vel har fare så som så med. I den sterke manns verd er det å vera god det same som å vera naiv, og å vera naiv, det er å vera dum, dumsnill. Kvifor har vi forresten ordet «dumsnill»? Sjølv har eg vorte skulda for å vera naiv i asylpolitikken. Fordi eg er for ein human asylpolitikk. Human er ikkje å vera naiv. Men i det humane ligg menneskeverdet – for alle – som ein botnplanke. Det er visst....."godheitstyranni."

Det er ei nasjonal skam at vi i Noreg har eit omgrep som «godheitstyranni». Sylvi Listhaug lanserte det, sikkert med kross-smykke rundt halsen. Som ein hån i så fall mot Han som hang på krossen og som lett må kunna utropast til verdas fyrste og mest kjende godheitstyrann. No skal Norsk Folkehjelp kåra årets godheitstyrann. Med det snur dei omgrepet på beina, og viser kor umogleg samanstillinga av godheit+tyrann er.

Solidaritet er eitt av dei vakraste omgrep eg veit. Samhald og samkjensle, å anerkjenna at vi alle er individ i ein fellesskap - og at min fridom er fridom berre så lenge han ikkje er tvang for andre. Til solidaritetsomgrepet høyrer godleik – og å vera snill. Ekte solidaritet er ikkje berre blant likemenn og -kvinner. Ekte solidaritet strekkjer armen ned til dei som er dårlegare stelte enn ein sjølv og dreg dei opp. Det er ekte solidaritet som har skapt den norske velferdsstaten. Arbeidslina er ikkje solidaritet når den vert nytta til å hundsa eller underkjenna dei som av ulike grunnar ikkje kan eller får ta del i lønsarbeidet. Det er ei pervertert arbeidsline som framstiller uføretrygda som menneske som ikkje giddar å stå opp om morgonen eller ikkje er motiverte nok til å finna seg arbeid. Sjølv går eg på arbeidsavklåringspengar no. Eg har altså vore sjukemeld i over eit år. Men eg er søren smette meg ikkje lat! Takk vere den norske velferdsstatens godheitsprinsipp er eg ikkje fattig sjølv om eg altså har vore sjukemeld over eit år. Eg er heldig.

Også i Bergen er det fattigdom. Eg ser med stor otte og uro på at byrådet i Bergen har lagt fram ei fattigdomsmelding som ikkje lanserer anna enn smular til dei fattige. Og aktivitetskortet, det som skulle gje fattige born høve til aktivitetar? Er det 25 «slike» i ADO Arena, får ikkje den 26. koma inn. Om eg har skjøna det rett. Dette er ikkje anstendighet. Dette finst ikkje solidarisk. Dette er skammeleg. Ja, det er slikt som er skammeleg. For, nemleg, det er det motsette som gjeld: Det er inga skam å vera god!

Oddny I. Miljeteig.