Skal «frihandel» trumfa folkestyret?

Publisert: 2016-11-02 11:30
Del:

Ceta. TTIP. Tisa. TPP. Vakre vene. Dette er meiningslause bokstavsamanstillingar. Dei fortel ingenting om kva dei faktisk står for. Ikkje har dei norsk omsetjing, heller. Difor krevst det ekstra arbeid for å trengja inn bak bokstavane. Vi kan godt ta med EØS i same slengen. Men der ser du i det minste ein norsk bokstav, ø-en. Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, tyder det, EØS. Og det er eit samarbeid, såkalla, mellom EU og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Kor Storbritannia vil hamna etter Brexit, sjå det veit vi ikkje enno.

Men attende til desse bokstavsamanstillingane. Ceta er ein frihandelsavtale mellom EU og Canada – som dei vart samde om torsdag i veka som gjekk. EU og USA forhandlar om den nye frihandelsavtalen TTIP. I tillegg vert det forhandla innan Verdas handelsorganisasjon (WTO – ei bokstavsamanstilling til!) om friandelsavtalen for tenester, Tisa. Tisa-forhandlingane er Noreg ein direkte del av, TTIP er vi ikkje ein direkte del av. Men TTIP-avtalen kan koma og ta oss gjennom EØS-avtalen. Amerikanske og asiatiske statar forhandlar om frihandelsavtalen TPP for stillehavsland.

TTIP-avtalen vert det forhandla om i løynd. Ja, i løynd. Mellom land som kallar seg demokrati. Lekkasjar frå forhandlingane viser at avtalen kan koma til å innehalda paragrafar som gjev private bedrifter rett til å saksøkja statar dersom dei gjennomfører politikk som fører til at bedriftene sine investeringar misser verdi. Dette betyr at nasjonale reglar og lovverk misser verdi. Det igjen betyr at har ei regjering/Storting privatisert og konkurranseutsett ei teneste eller eit tenesteområde, ja, så kan i neste omgang eit nytt fleirtal ikkje få sett i verk ein annan politikk. Til dømes: Er jarnbanen eller barnevernet privatisert/konkurranseutsett, kan dei kommersielle investorane saksøkja Noreg viss Stortinget seinare skulle ta til vit og ta attende tenestene til offentleg drift og verksemd. Altså: ei djup, djup innskrenking av folket sine rettar ved val. Kva var det ho sa, kulturminister Linda Hofstad Helleland – jo, at det var om å gjera å få klemt så mykje tannkrem ut av tuben at seinare regjeringar med annan politikk ikkje kunne få tannkremen innatt. Altså: Her er det om å gjera å smi medan jarnet er varmt - og nytta fleirtalet medan ein har det slik at eit anna fleirtal ikkje kan få folkeviljen sin. Det må ein seia er litt av eit udemokratisk sinnelag. Ho sa det beint ut, kulturministeren – og det før ho hadde vore på ein einaste kommersiell boksekamp i Noreg!

Harvard-professor Dani Rodrik, som nyleg vitja Noreg, meiner TTIP-utkastet bør forkastast. Han har i fleire år åtvara mot at det vil koma ein politisk motreaksjon dersom ikkje globaliseringa sine gevinstar vert jamanare fordelte. Frihandelsavtalar som aukar sosiale og økonomiske skilnader og svekkar demokratiet, vil føra til ein politisk motreaksjon, har professoren i internasjonal poltisk økonomi åtvara mot i ei årrekkje. Ein høgrepopulisme på frammarsj i Europa, brexit-røystinga i Storbritannia og Donald Trump som presidentkandidat er teikn på at Rodrik sine spådommar er i ferd med å oppfyllast, meiner han: «Vi er vitne til en hevnaksjon mot mainstream politikere og en teknokratisk elite som oversolgte globaliseringens fordeler og ikke tok på alvor de reelle bekymringene for at enkelte grupper vil tape på utviklingen. Populistene profitterer på at folk har følt seg utelatt i prosessen, og disse strømmingene vil fortsette å vokse dersom ikke det politiske sentrum kommer opp med svar,» sa professor Rodrik i avisa Klassekampen måndag. Rodrik meiner at til dømes TTIP-avtalen er ein avtale «med betydelige ulemper i form av å utfordre nasjonal integritet, reguleringer og lovverk. Man bør gå tilbake til tegnebrettet og lage en ny avtale.» Skrota heile skiten, altså. Professoren, som ikkje er motstandar av frihandel, meiner at middelklassens og den lågare middelklassens interesser for ei ujamn fordeling må takast på alvor.Prisen har vore høg å betala for dei som har sett jobbane sine forsvinna på grunn av konkurranse med lågkostland. Og difor må den nasjonale sjølvråderetten «rebalanserast» mot ein globalisert og open økonomi. Seier den amerikanske professoren. Så spørst det då, om det finst politisk vilje – og vilje nok til å «rebalansera» den nasjonale sjølvråderetten.

Ser vi på EU, ser det ikkje slik ut. Overvakingsorganet Esa, som passar på at EØS-avtalen vert fylgd, opnar no sak mot Noreg for å få slutt på at arbeidsgjevarane må betala reise, kost og losji for utstasjonerte EØS-arbeidarar. Ordninga er svært viktig for å hindra sosial dumping og forverring av løns- og arbeidsvilkår. I 2009 gjekk ei gruppe verft, i samarbeid med NHO, til søksmål mot den norske stat for å få fjerna den allmenngjorde tariffavtalen som sikra reglane om betaling av reise, kost og losji. Dei tapte så det song, fyrst i tingretten, så i lagmannsretten og til slutt samrøystes i sjølvaste Høgsterett. NHOs advokat argumenterte for at den norske modellen var robust nok til å tola innføringa av ei eiga låglønsgruppe av utanlandske arbeidarar. Dette vart bestemt avvist av Høgsterett, som i høgsterettslege ord og vendingar slo fast at dette ville vera å innføra sosial dumping. Men det tek ikkje NHO og dei for god fisk. For NHO er sjølvsagt ikkje mot sosial dumping. Dei kan halda så fine festtalar dei berre vil. Og no har dei altså fått EU og Esa på lag. Vinn dei fram, råkar dei både utanlandske og norske arbeidarar – og dei vil svekka fagrørsla. Det har NHO sjølvsagt ingenting imot. Uansett festtalar om den norske modellen og eit organisert og regulert arbeidsliv.

Når det gjeld NHO og EU, kjenner vi lusa på gangen. Handel utan hindringar og reguleringar er både mål og middel. Då vert folkestyret og rettsstellet hår i suppa, for ikkje å snakka om ei sterk fagrørsle. Og bak festtalane står hemmelege forhandlingar om avtalar som set stadig meir av folkestyret til sides. Det er det dei handlar om, dei uskjønelege bokstavsamanstillingane. Når alt kjem til alt.

Oddny I. Miljeteig