Med Nord-Korea for atomvåpen

Publisert: 2016-10-26 11:30
Del:

FNs nedrustingskomite vil innan ei veke vedta ei fråsegn for å koma i gong med forhandlingar om totalforbod mot atomvåpen i 2017. Forslaget er venta å få rundt åtti prosent støtte blant medlemslanda. Det er minsanten ikkje lite! Vil du at Noreg skal vera med på vedtaket? I så fall er du ei/n av nær nitti prosent i Noreg som støttar at Noreg vil ha eit FN-forbod mot atomvåpen, viser ei fersk undersøking frå Respons analyse. Og Stortinget vedtok i vår, samrøystes! å arbeida for «et rettslig bindende rammeverk» for ei verd utan atomvåpen. Så langt, så godt.

Kampen for ei verd utan atomvåpen har vore lang. Eg har vore i Hiroshima, staden der USA sleppte atomvåpen over i 1945. Eg kjem aldri til å gløyma det. «Under her ligg 3000 døde menneske,» sa guiden brått der vi stod på ein heilt vanleg stad – tilsynelatande. Ikkje til å undrast over at ordføraren i Hiroshima er blant dei fremste forkjemparane for fred og ein klote utan atomvåpen. Dei veit kva det er, i Hiroshima og Nagasaki. Og dei veit det på Bikini-øyane i Stillehavet, der det var prøvesprenging av atombomba. Tsjernobyl veit vi om alle i Noreg, og vi vert minte om reaktorulukka for 30 år sidan som har kosta liv og forårsaka ureining som kjem til å hengja ved i generasjonar.

Atomvåpen er ikkje eit instrument for fred. Ei heild verd må skjelva i fælske ved tanken på ein Donald Trump i Det kvite hus i USA. Presidenten der sit med ansvaret for å kunna trykkja på knappen som utløyser atomvåpenåtak.

Så kva gjer Noreg i New York? Fylgjer opp stortingsvedtaket? Neidå. «Det sies om lover at i likhet med pølser, vil man helst ikkje vite hvordan de har blitt til. Norges bidrag til myten er av verste sort: Heller enn å støtte opp om en verden fri for atomvåpen, har regjeringen instruert sine FN-diplomater om å arbeide for at atomvåpenstatene skal kunne få stanse forbudsforhandlinger vedrørende atomvåpen. Stortingets enstemmige vedtak fra i april om at Norge skal arbeide for et «rettslig bindende rammeverk» for å avskaffe atomvåpen, ser ut til å ha forvitret som en irrelevant fotnote. Til gisp fra salens 128 erklærte forbudstilhengere, har Norge spilt seg inn i et hjørne sammen med land som Nord-Korea, Russland og USA. Alle forent i sin argumentasjon for retten til å ha, produsere og å kunne bruke atomvåpen.» Slik skreiv Frode Ersfjord, dagleg leiar i Nei til atomvåpen, i avisa Klassekampen måndag.

På bakrommet til FNs generalforsamling driv altså Noregs diplomatar med ureint spel, på tvers av Stortingsvedtaket – på ordre frå utanriksminister Børge Brende, den Høgre-mannen med det mest menneskelege andletet Erna Solberg fann til utanriksministerposten. Det syner seg at det er med Brende som med Fabian Stang, den nyslåtte statssekretæren til Sylvi Listhaug: Ei viktig oppgåve for dei er å skjønnmala regjeringas haukepolitikk, det vedre seg i utanrikspolitikken eller asylpolitikken.

Det offisielle norske argumentet er at Nato-land røystar i blokk når det kjem til atomvåpen. Nato-landet Nederland har, etter press frå eige parlament, sagt at dei ikkje utelukkar å røysta for resolusjonen som vil invitera verdas land til forbodsforhandlingar i 2017. Sverige har sagt frå om at landet støttar FN-resolusjonen. Utanriksminister Margot Wahlstrøm ser ingen motsetnad mellom Natos vedtekne atomvåpenpolitikk og det å skriva ein lovtekst som vil starta ei endeleg nedrusting av atomvåpen. Ho meiner det vil vera «bemerkelsesverdig» dersom Sverige ikkje sluttar opp om arbeidet for færre kjernevåpen. Tøff dame, denne Wahlstrøm. Og nei, ho er ikkje sosialist. Ho er sosialdemokrat, ikkje meir dramatisk.

Men kor er systerpartiet hennar i Noreg? Dei er tyste, atomtyste, og set si lit til Høgre- og Frp-regjeringa. Jaujau? For kven er generalsekretær i Nato? Arbeidarpartiets førre leiar, sjølvsagt. Men Ap har då eigen leiar no – eller er det den førre som styrer APs atomvåpenpolitikk når det kjem til praksis?

«FN har på bordet det mest lovande forslaget for atomnedrusting sidan den kalde krigen. Det er vedtatt forbod mot kjemiske og biologiske våpen, men ikkje atomvåpen. Norge kan spela ei leiande rolle i prosessen dersom viljen er der. Vi ber regjeringa støtta forslaget, eller i det minste stemma blankt,» seier SVs utanrikspolitiske talsperson Bård Vegar Solhjell. Og tru ikkje at dette er einast ei «sosialist-greie». Også Venstre meiner at Noreg må røysta for forslaget. Og Venstre finst då ikkje eit radikalt parti! No har Ap plassert seg på lag med Høgre og Frp – og dermed Noreg på lag med USA, Russland og Nord-Korea. Det er s å pinleg at ein får lyst til å krypa under bordet, inn i den inste, mørke kråa som finst. Norsk Folkehjelp minner om at vegen fram mot ein juridisk prosess for forbod mot atomvåpen starta i Noreg under den raud-grøne regjeringa. Den norske anti-atomvåpen-rørsla er skuffa over både noverande regjering og Arbeidarpartiet. Det er ikkje til å undrast over. At Børge Brende meiner det er for tidleg med forhandlingar om eit juridisk forbod mot atomvåpen, vel, det har Stortinget ikkje sagt. Men stortingsvedtaket var visst for syns skuld.

No vert altså Noreg ein rævediltar i kampen mot atomvåpen. Ein rævediltar. I lag med USA, Russland – og Nord-Korea. Sei meg kven dine vener er, og eg skal seia deg kven du er, lyder eit gammalt ordtak. Kim Jong-un, Noregs nye tjommi i kampen for atomvåpen. Det går ikkje an å le ein gong, så gale er det. Kim Jong-un – og så Noreg!

Oddny I. Miljeteig