Dynamisk meg her og der!

Publisert: 2016-10-19 13:30
Del:

Dersom nokon seier «dynamisk skattepolitikk» slik at det kjem for mine øyro i dag, kjem eg til å hyla. Eller gryla. Høgt. Og lenge. Eg er så lei av den såkalla dynamiske skattepolitikken, dette trylleformularet til høgresida om at alt skal veksa inn i himmelen berre skattepolitikken vert dynamisk nok! Og dynamisk nok, det vert han jo aldri. Ikkje for høgresida. Eg skal vedda dei trur at sjølvaste Paradiset har dynamisk skattepolitikk.

Kva er så dynamisk skattepolitikk? Ja, sei det. I teorien, og eg understrekar: i teorien er det slik, meiner Høgre og FRP og sikkert også Vetle-Høgre, altså Venstre, at lågare skatt slepper fri kapital som i sin tur vert sprøyta inn i økonomien. Og skaper arbeidsplassar – og dermed vekst. Slik får staten i neste runde større skattegrunnlag. Då vert reduksjonen i statens skatteinntekter mindre enn han i fyrste runde kunne sjå ut til, ja, snarare: skatteinntektene til staten vil beint fram kunna veksa! I teorien. Og sidan desse blå og blåare partia meiner skatt er styggedom på line med arvesynda, vil dei sjølvsagt redusera skattane endå meir, og økonomien vert endå deir dynamisk. Det er altså ikkje grenser for kor mykje skattane vil auka ved at ein reduserer dei. Takka ved dynamikken, sedu. Dynamikken.

Det er sikkert difor Erna Solberg og Siv Jensen sine «rike onklar» (som VG skreiv det måndagen) truleg får 230 millionar i skattekutt, medan dei har gjeve Erna Solberg og hennar parti 16 millionar i gåve. Det må ein seia er god avkastning, i alle fall! «Vi ga penger til Høyre fordi det er det partiet vi støtter opp om, og som vi tror er mest til fordel for Rasmussengruppens økonomi,», sa Rannfrid Rasmussen. Frå 2013 til 2017 kan ho spara 25,6 millionar på Høgre/Frp-regjeringas kutt i formuesskatten, om VG har rekna rett. 25,6 millionar dynamiske kroner, altså.

Høgre og Frp la ein slik dynamisk skatteeffekt til grunn i sine siste alternative statsbudsjett, altså for 2013, skreiv Klassekampen i går. Høgre meinte effekten var på rundt ti prosent, medan Frp rekna 25%. Det vert dynamikk av slikt – i teorien. No sit Frp i Finansdepartementet, og då har pipa fått ein annan låt No kan ikkje Jørgen Næsje, statssekretær for Frp i Finansdepartementet, ein gong stadfesta at den dynamiske skatteeffekten i det heile eksisterer: «Eg meiner ein kan anta at den finst, men vi kan ikkje vera skråsikre på storleiken. Det skriv skatteutvalet og», sa Nesje i Klassekampen. Arbeidarpartiet sin finansfraksjon har spurt Finansdepartementet om kva «de dynamiske effektene av regjeringens formuesskattekutt over fire budsjetter» vil vera. I svaret sitt, og det er interessann formuleringskunst, viser departementet til regjeringas skatteopplegg for 2017, der det ligg inne reduksjon i formuesskatten. Dei skriv at «Regjeringens forslag om lavere formuesskatt antas på denne bakgrunn å ha en positiv langtidsvirkning på økonomien.» Reine spådomskunsten, altså. Men Finansdepartementet er Finansdepartementet, og dei veit nok at Berit Ås sitt postulat om at ein må kunna sine tal, det gjeld ikkje minst for Finansdepartementet. Så dei konkluderer, dei brave embetsmenn og -kvinner, slik: «Det framgår av omtalene i disse dokumentene at departementet ikke har grunnlag for å tallfeste de dynamiske virkningene av redusert formuesskatt.» På Finansdepartementalt språk må dette kunna lesast som at den såkalla dynamiske skatteeffekten er ei rein eventyrforteljing. Og det er ikkje Finansdepartementet åleine om.

I oktober 2014 spurde VG 25 av Noregs fremste økonomar om kva dei meinte om regjeringas prioriteringar når det gjeld skatt, slik som reduksjon av formuesskatten og fjerning av arveavgifta. I fylgje VG 24.10.14 meinte berre to av dei 25 fremste at det var rett av Erna Solberg og Siv Jensen å fjerna arveavgifta. «Fattige tre støtter Høyres kampsak om å redusere og fjerne formuesskatten på sikt», skreiv VG, med delar av setninga utheva i.....raudt! «Jeg kan ikke se tunge faglige argumenter for en sterk reduksjon i formuesskatten,» sa professor Ragnar Torvik ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU, ikkje nett noko sosialistreir, det. Professor emeritus Steinar Strøm frå Frischsenteret ved Universitetet i Oslo, var også klar i sin tale: «Arveavgiften bør gjeninnføres av hensyn til kostnader ved denne avgiften i forhold til andre skatter og av hensyn til sosial mobilitet», er dommen hans. Over 70 av dei 100 rikaste har kome til rikdommen sin ved arv. Mantraet er: «Stå opp og morgonen og arv!» Det kjem ikkje mykje dynamikk av den slags. Dei rike forblir rike og rikare, i den hin enden forblir dei fattige fattige – og fattigare. Men kanskje det er nett det som er den dynamiske skattepolitikken – eigentleg?

Så altså: viss eg høyrer omgrepet «dynamisk skattepolitikk» i dag, og då gryler eg. Gryler. Høgt.

Oddny I. Miljeteig