Tvungen lønsnemnd er noko herk

Publisert: 2016-10-12 11:30
Del:

I det eg sit og skriv på denne spalta, høyrer eg at det er fåre for tvungen lønsnemnd i lækjarstreiken. Tvungen lønsnemnd er noko herk – for den frie forhandlingsretten og faktisk også for organisasjonsrett og ei sterk fagrørsle. Noreg har fått kjeft av den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO i fleire omgangar avdi norske regjeringar, uansett valør, er grossistar i å nytta tvungen lønsnemnd.

Det er regjeringa som vedtek ei tvungen lønsnemnd, som i fyrste omgang tvingar dei streikande attende i arbeid. Dinest skal Rikslønsnemnda gjera sin «salomoniske» dom i usemja mellom arbeidsgjevar- og lønsarbeidarorganisasjonane. Det vanlege er at arbeidsgjevarsida sitt siste tilbod vert ståande. Når ein slik praksis nærast har vorte sedvane, er det sjølvsagt freistande å spekulera i lønsnemnd for arbeidsgjevarsida. Og spør du meg, gjer arbeidsgjevarsida altfor ofte nett det.

I år har arbeidsgjevarsida dessutan funne på eit nytt triks: Dei søkjer ikkje dispensasjon. Vi såg det fyrst under hotellstreiken i vår. Fellesforbundet tok ut medlemer i streik – og arbeidsgjevar nekta å søkja dispensasjon. Med det braut dei i alle fall ein innarbeidd sedvane. Men det er visst «lov», det, når det er arbeidsgjevarsida som brukar skitne triks. No er det Spekter som har lagt ut på same galeien. Akademikerne har difor vore svært varsame i streikeuttaket sitt for ikkje å koma i ein situasjon der liv og helse vert sett på spel. I så fall vert det tvungen lønsnemnd. Og høyrde eg rett på radioen heilt nyss, blæs no arbeidsgjevarsida i luren om fåre for nett liv og helse.

Er det ikkje slutt på Akademikerne-streiken i det du les dette, vil 682 medlemer av Akademikerne i morgon torsdag vera i streik ved 16 sjukehus over heile landet. I tillegg til lækjarar streikar ingeniørar, økonomar og samfunnsvitarar i kamp om arbeidstida. Akademikerne streikar mot Spekters krav om individuelt fastsette arbeidsplanar. Hovudkravet er kollektivt vern mot uforsvarleg lange arbeidstider. Lækjarane har spesielle turnusar som avvik så mykje frå arbeidstida at arbeidstakarorganisasjonane må vera samde og signera avtalar om dei – elles vil Arbeidsmiljølova sine reglar gjelda, skjønar eg. Og Arbeidsmiljølova er altså mykje strengare enn dei turnusane lækjarane har allereie i dag. No vil Spekter einsidig kunna fastsetja individuelle vaktplanar. Dei tillitsvalde skal høyrast, men treng ikkje signera på ein vaktplan for at han skal kunna setjast i verk. Spekter vil altså svekka fagforeiningane si makt, nett slik KS, Kommunanes Sentralorganisasjon, vil det i kommunal sektor. KS vil ikkje ha noko av at forbunda sentralt skal godkjenna langturnusar som «nordsjøturnus», men at den lokale tillitsvalde skal påleggjast det ansvaret. I førre lærarstreiken såg vi same prinsippet fremja frå KS: arbeidstidsavtalar skulle avgjerast av rektor etter drøftingar (ikkje forhandlingar) på den einskilde arbeidsstad.

At arbeidsgjevarsida har lagt seg ut med Akademikerne/lækjarane, viser kor sterk viljen til fagforeiningsknusing har vorte jamvel i offentleg sektor. Det er nifst. Det set heile den norske modellen med eit regulert arbeidsliv i fåre. Når arbeidsgjevarsida fråskriv seg sitt ansvar for forsvarleg drift ved å nekta å søkja dispensasjonar, er det ei aggressiv, marknadsliberalistisk og fagforeiningsfiendsleg arbeidsgjevarside vi ser. Det er ikkje tilfeldig at Akademikerne har fått støtte frå både YS og LO i streiken. Og Akademikerne har, truleg, røynt kva ei aggrressiv arbeidsgjevarside er for noko.

Slik sett er Akademikerne i same båt som LO Stat og Norsk Lokomotivmannsforbund, som også er i streik – med Spekter (og NSB). Det er verkeleg til ettertanke at så ulike yrkesgrupper som lækjarane og lokførarane er i streik samstundes – mot same arbeidsgjevar. Til kvardags vil vi ikkje tenkja på lækjarar og lokførarar i same andedrag. Ja, dei av oss som har levd ein del tiår, vil hugsa godt då vi ikkje eingong tenkte på Legeforeninga som ein del av norsk fagrørsle. Men no er dei altså lønsarbeidarar i streik, lækjarane også.

Lokførarane har eit heilt særeige streikevåpen i norsk – og internasjonal – samanheng: Organisasjonsgraden. 99% av alle lokførarar er organiserte i Norsk Lokomotivmannsforbund – også dei av lokførarane som er kvinner. For dei finst faktisk, i eit like mannsdominert yrke som legeyrket ein gong var. No verkar det som om arbeidsgjevarsida driv med skitne triks også overfor lokførarane. I alle fall høyrde eg på radioen måndag at lokførarane meinte NSB stoppar fleire tog enn naudsynt. Og på lokalradioen var det merkverdig kor lite NSB sin talsperson måndag ettermiddag kunne fortelja om korleis togruter ville gå tysdag morgon. Ikkje berre lite: Ingenting kunne ho svara på av spørsmåla til ein høfleg journalist.

Lokførarane streikar for at det skal slåast fast i avtale med dei norske togselskapa kva utdanning/kompetanse ein lokførar skal ha. Eller at det kjem eit nasjonalt krav frå styresmaktene som nøye seier kva lokførarar må kunna for å køyra tog på norske spor. I dag er det opp til selskapa å avgjera kkva type utdanning lokførarane må igjennom. Norsk Lokomotivmannsforbund krev at det må bli i Noreg som i Sverige: ein nasjonal standard for utdanning og sertifisering. Det finst i dag berre krav om grunnleggjande lokførarbevis, noko som tilsvarer trafikalt grunnkurs om du skal ta billappen. Resten er det opp til togselskapa å definera, basert på EØS sine minimumskrav som lokførarane meiner er veldig uspesifikke. Når det vert opna for privatisering av fleire strekningar i 2017, fryktar lokførarane, med rette, spør du meg, at det skal bli ulike og devaluerte kompetansekrav for å kunna køyra dei ulike strekningane. Eg tvilar ikkje på at dei har rett. På kvart sitt vis kjempar Lokomotivmannsforbundet og Akademikerne for ei sak som går ut over deira særeigne interesser: Dei kjempar for eit regulert arbeidsliv med regulerte krav til kompetanse og arbeidstid. Det betyr også at dei kjempar for din og min tryggleik. Det er viktig at dei vinn igjennom. Difor håpar eg inderleg at ingen av dei er utsette for lønsnemnd i det du les dette. Norske arbeidsgjevarar må slutta å la seg inspirera av........Donald Trump?

Oddny I. Miljeteig