Fattigdom er ikkje in – no heller

Publisert: 2016-09-28 11:00
Del:

Fattigdom er definitivt ikkje «in». Ikkje no heller. Sjølvsagt meiner eg ikkje at fattigdom skal vera populært. Alle parti burde ha som hovudsak å få slutt på fattigdom. Ein nullvisjon for fattigdom, hadde ikkje det vore noko? Kampen mot fattigdom burde ha vore det politiske Noregs mest «populære» sak. Dei politiske partia skulle ha kappast om kven som hadde flest og best tiltak mot fattigdom. Det gjer dei ikkje i dag. Ikkje nasjonalt, der det mest overordna og dei største grepa kan og må takast. Men heller ikkje lokalt.

Eg trur det var i 1986 at bystyret i Bergen vedtok at sosialhjelpssatsane i Bergen skulle opp på nivå med 80% av minstepensjon. Det var ei erkjenning av at minstepensjon er nett minstepensjon. Sosialhjelp er ikkje meint å vera ei langvarig yting. Likevel vert den det for somme. Og uansett er det ikkje noko poeng at sosialhjelpa skal vera lågast mogleg for slik å «motivera» sosialhjelpsmottakarar til å koma seg ut i arbeid. Det er ikkje eit kjenneteikn ved sosialhjelpsmottakarar at dei ikkje ynskjer å vera i jobb. Det er eit kjenneteikn at dei av ulike grunnar og omstende ikkje kan vera i arbeid. Men arbeidslina, som har gjennomsyra norsk politikk siste tiåra, vert brukt til å trykkja ned dei som ikkje får innpass i arbeidslivet. Og dei vert sedde på som moralsk mindreverdige – du hugsar vel Pølse-Bjarne Håkon Hanssen, som tøffa seg med at sosialhjelpsmottakararane måtte sjå til å koma seg opp om morgonen? Ikkje var han den fyrste, og ikkje vert han den siste. Det er lett å tøffa seg mot dei som er i ein svakare posisjon enn deg. I skulen kallar vi det mobbing. I arbeidslivet også etterkvart. Men når politikarar oppfører seg som mobbarar, kva då? Det er eit hav mellom Bjarne Håkon Hanssen og Einar Gerhardsen, han som kanskje er mest kjend for at «ingen skal stå med lua i handa.» Det er langt frå sosialhjelpsnivået til First House. Det er mest utruleg at begge finst i same land.

Det er lett å tenkja at fattigdom var før i tida – og at med utanlandske tiggarar syner fattigdommen igjen andlet. Det er ikkje sant. Fattigdommen har vore her – og alle stader – heile tida. Men kanskje var det lettare å vera fattig då mange var fattige og endå fleire hadde lite, enn no, når Soria Moria ikkje berre finst langt borte eller på Vestkanten, men i kvartalet like ved, slik forskaren Ivar Brevik eingong sa det så talande på ein konferanse.

I Noreg går «utviklinga» i feil lei når det gjeld sosiale skilnader. Ja, eg seier «utviklinga» med hermeteikn, for dette er ikkje ei naturlov. Dette er ei vilja utvikling. Fleirtalet i bystyret i Bergen har i to omgongar fjerna ein av dei lokale sikringsmekanismane mot fattigdom: 80%-regelen. 80%-regelen sa at minstepensjonistar skulle ha att 80% av minstepensjon etter at husleige og straum var betalte. 80%-regelen gjorde at fleire med låg inntekt kunne planleggja økonomien sin over tid. Den kunne ha vore ein god sikringsbuffer no når regjeringa og stortingsfleirtalet herjar og hersar med både alders- og uførepensjon. Eit forslag frå SV i Stortinget om at overgangsordningar som skulle bøta på ulempene ved pensjonsreforma skulle gjerast permanente, det fall sjølvsagt. Det også. I staden har Stortingsfleirtalet, dvs. Høgre, FRP, Venstre og Krf, sidan 2013 senka skattane med 18,5 milliardar kroner. Det meste skuldast kutt i formuesskatten. For å seia det slik: Det kunne ha vorte mykje sosial rettferd og mindre fattigdom av 18,5 milliardar kroner!

Både låg inntekt og høg inntekt går i arv. I bokstaveleg forstand i arv. Dei som har foreldre med låg inntekt, vil mykje sannsynleg få låg inntekt sjølve som vaksne. Og motsett. Dei som har foreldre som kan hjelpa borna med pengar til husvære, dei kjem seg inn på bustadmarknaden – dei som har fattige foreldre stiller bakerst i køen. Ikkje fordi dei er late eller udugelege, men fordi dei ikkje har kapital. Noregs 10% rikaste tener 21,2% av alle inntekter i landet. Dei fattigaste 10% tener einast 3,8%. Landets 10% rikaste eig 50% av all formue, dei 10% fattigaste er i gjeld med -4,8%. Og 77% av Noregs rikaste har arva rikdommen sin. Det har SV spissformulert til : Stå opp om morra'n og begynn å arva! Det lika han truleg dårleg, Pølse-Hanssen i First House. Ein køddar jo ikkje med dei rikaste, og i alle fall ikkje på same måte som med dei fattigaste!

«Barnefattigdom» er eit omgrep som siglar gjennom lufta så snart det kjem opp ein fattigdomsdebatt. Det er eit tøvete omgrep, eigentleg. Fattigdom er fattigdom. Basta. Fattige born har fattige foreldre. Det finst ikkje fattige born som har rike foreldre. Derimot skal vi hugsa på at fattige foreldre i det lengste prøver å skjerma borna mot kvardagens fattigdom. Det gjer ikkje Staten. Sidan 1996 har barnetrygda stått stilt. I kroner og øre. I SVs åtteårige regjeringsperiode greidde vi ikkje å slita barnetrygda opp ei krone. Men vi greidde å behalda den som ei universell, ubyråkratisk ordning. Det er kanskje dårleg fattigmannstrøyst, men dei alternativa ville ha vore verre. I år er det 92.000 born som bur i låginntektsfamiliar, rekna som hushald med under 50% av såkalla medianinntekt (den midterste inntekta). Hadde barnetrygda vorte oppjustert i takt med prisauken i samfunnet frå 1996 og til i dag, ville vi hatt 18.000 færre fattige born – berre ved det eine grepet. Hadde barnetrygda vorte regulert i takt med endringane i grunnbeløpet i Folketrygda, ville vi hatt heile 35.000 færre fattige born i Noreg.

Går vi attende til sosialhjelpsmottakarane, veit vi at det trengst omlag 40 millionar kroner i Bergen for at sosialhjelpsmottakarane skal koma opp på same inntektsnivå som under det førre AP-leia byrådet (med Anne-Grete Strøm-Erichsen som byrådsleiar). Skal sosialhjelpssatsane koma opp på SIFO-nivå (det nivået Statens Institutt for Forbruksforskning har pårekna som naudsynt minstenivå), trengst det 100 millionar kroner årleg.

Framfor Bergenbyrådets budsjettforslag sist onsdag hadde eg ein vond klump i magen. Ville dei fattige bli skvisa, nok ein gong? Og det vart dei. Bustøtta aukar ikkje, ingen 80%-regel er i sikte, sosialhjelpa vert ikkje eingong indeksregulert! Klestillegget i sosialhjelpa, som for born ligg på 300 kroner halvåret, er ikkje rikka på. Sei meg, har ingen i byrådet vore på billegbutikkar for barneklede og sett kva klede kostar? Enn på Fretex? Du kjem altså ikkje langt med 300 kroner om du skal handla barneklede på Fretex. Dei kan prøva dei som vil, i tillegg til dei som må. Og hugsar du aktivitetstilskotet, det på 3.000 årlege kroner som skal hjelpa fattige familiar til å kunna ha born i fritidsaktivitet? Det har altså ikkje vore indeksregulert sidan det vart innført i 2007. Ikkje no heller. Dei som er fattige i byen vår, dei får inkje i inntektsauke. Det er mindre enn inkje, for prisane aukar, og no aukar dei meir enn på lenge.

Eg har ei aldri så lita von om at byrådet og partia deira i bystyret skal gå i seg sjølve og koma til at dei ikkje kan vedkjenna seg eit slikt elendig budsjett for fattige. Med det framlagde budsjettet aukar fattigdommen i byen vår. I sanning: Å gjera noko med fattigdom er ikkje in!

Oddny I. Miljeteig