Born og unge .... i fengsel!

Publisert: 2016-09-23 09:00
Del:

«Norge kan ikke skrive under på at vi aldri skal fengsle barn, fordi det vil gjøre det umulig å håndtere flyktningstrømmen, sier statsminister Erna Solberg.»

Det er toppmøte, generalforsamling, FN-toppmøte om flyktningar og migrantar i New York. Statsministeren sjølv skal vera til stades. Noreg har ikkje vore passive i forkant av møtet, kan sjølvaste Aftenposten fortelja. Avisa har rydda både forsida og andre sider for å fortelja korleis Noreg i forkant av møtet har lobbyert overfor andre land for å forhandla vekk ein forpliktelse om aldri å fengsla born. Statsministeren sin kommentar til dette er sitatet du finn heilt øvst i spalta. Det er altså umogleg for regjeringa å lova at Noreg vil fylgja intensjonane i FNs barnekonvensjon, som vi har implementert som norsk lov for eit kvart århundre sidan om eg ikkje hugsar feil! Det må vel i så fall bety at regjeringa vil trekkja attende Noreg si underskrift til Barnekonvensjonen? Og endra norsk lovgjeving i tråd med det? Ja, slik at det vert norsk lov at i Noreg må born frå tid til anna, eller heile tida, fengslast slik at Noreg kan handtera flyktningestraumen? Det vil i så fall vera ei ærleg sak, om ikkje anna. Om ikkje anna.

Noreg er kjent, som Aftenposten skriv det, for å kjempa for menneskerettar og borns rettar på internasjonale arenaar, særskilt i FN. Vi vekk verdas fyrste barneombod i 1981 og verdas fyrste barneminister ti år seinare. Slikt vert lagt merke til internasjonalt.

«Born og unge først» var i ei årrekkje SVs hovudslagord. Eg hugsar ikkje om det avløyste det endå meir kjende «Del godene», men born og unge var mangeårig partileiar Kristin Halvorsen si hjartesak. Slagordet var ikkje lausrive frå overordna eller dagleg politikk, men sat langt framme i pannebrasken til SV-arar land og strand rundt. Og gjer det framleis. Sjølvsagt.

No har Noreg kasta seg inn i ein heilt motsett kamp: Vi, det vil seia regjeringa, har i sommar jobba for å forhandla vekk formuleringa om aldri å fengsla born frå ei FN-erklæring om flyktningar.

Og imedan har Noreg vore helst ivrige på å fengsla born. Medan dei venta på å bli sende ut or landet har nesten 100 born i år site innesperra ved Politiets utlendingeinternat på Trandum. Somme i vekevis, skriv Aftenposten. Og hugs på at desse borna ikkje eingong har gjort noko gale!

I fyrsteutkastet til den politiske erklæringa stod det at underskrivarane ville forplikta seg til aldri å fengsla, altså «detain children for this purpose.» Då fekk Noreg kalde føter. Vatikanet også, men med motsett føreteikn. For Vatikanet ville sjå eit meir tydeleg språk om at born aldri skal fengslast! Den norske delegasjonen hadde fått beskjed om det motsette, i ein instruks som var unnateken offentlegheit. Før det hadde delegasjonen, i fylgje Aftenposten, varsla heim at dei hadde vorte kontakta av fleire aktørar, mellom andre verdas største organisasjonar for born, UNICEF og Redd Barna, som håpa at Noreg kunne fremja born og kvinners rettar i forhandlingane. «Det er delegasjonens vurdering at dette er i tråd med norsk FN-politikk, og vi ber om tilslutning til å fremme disse synspunktene videre,» skreiv delegasjonen heimatt til Oslo.

Det fekk dei tydelegvis ikkje. Tvert om skjedde noko Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) seinare omtala som «en kursendring for Norge.» På tredje forhandlingsdag om erklæringa, 14. juli, kjem dei fyrste bekymra kommentarane til punktet om fengsling av born. Frå Noreg, Canada og Japan. Canada meiner fengsling («detention») kan vera til barnets beste, jamvel i ein stutt periode. Dei foreslår å endra setninga til: «We will work towards the end of detention of children.» Japan meinte det var vanskeleg å forplikta seg til aldri å fengsla born. Noreg påpeika, skriv Aftenposten, at fengsling av born kan gjerast einast i «exceptional cases and for a limited time.»

Fjerde forhandlingsdag, onsdag 20. juli, seier dei norske forhandlarane at dei ikkje kan støtta ordet «never» i setninga, sidan fengsling/»detention» somme gongar kan vera til barnets beste. (!) Japan og Canada går med på Noregs lag, og EU meiner også at teksten, slik den var framlagd, er uakseptabel. Frå både Latin-Amerika og Sør-Amerika kjem det protestar. Fleire land meiner plikta om aldri å fengsla born ikkje må unnvikast. Dagen etter seier Vatikanet at dei ikkje godtek å sletta siste setning, slik Noreg og Canada vil. Dei slår fast, skriv Aftenposten, «at barn som er flyktninger eller migranter, aldri under noen omstendigheter bør sperres inne.»

Redd Barna seier dei vart svært overraska då dei vart kjende med kva rolle Noreg hadde spela i sommarens forhandlingar: «Dette er å arbeide aktivt for å svekke standarder og konvensjoner Norge tidligere har vært en aktiv forkjemper for. Vi reagerer både på at Norge aktivt fremmet forslag for å svekke barns vern mot fengsling, og at de ikke er åpne om det,» sa generalsekretær Tove R. Wang til Aftenposten. For kommunikasjonen over Atlanteren var unnateken offentlegheit. I løyndom var det altså at Noreg arbeidde aktivt for å svekka utsette borns rettar. I løyndom. Smak på den.

Redd Barna meiner forhandlingane og endringsforslaga frå Noreg handlar om at Noreg, på kostnad av borns rettar, vil skaffa seg politisk handlingsrom i asylpolitikken. «Det er alltid et brudd på barns rettigheter, og aldri til barns beste å bli fengslet, enten det er i forbindelse med tvangsretur eller noe annet tidspunkt i asylprosessen,» seier Redd Barnas generalsekretær.

Noreg sitt arbeid mot borns rettar bar frukter. I neste utkast til fråsegn er formuleringane om fengsling av born svekka. Men tydelegvis ikkje nok for Noreg, som prøvde seg med å ta inn ein tekst frå FNs barnekonvensjon. I Noreg si tolking, er Barnekonvensjonen sine formuleringar svakare enn forslaget til fråsegn. Altså, ein gong til: regjeringa sin strenge innvandrings- og returpolitikk trumfar borns rettar.

I tredjeutkastet er borns rettar ytterlegare svekka, og no kjem også USA på banen og krev ytterlegare utvatning av formuleringane om borns rettar. Dei krev jamvel utsetjing på tampen av forhandlingane for å koma med nytt forslag til tekst om fengsling av born. Då bråka dei sivile organisasjonane så mykje at USA gav seg. Men Noreg hadde oppnådd sitt mål, å svekka borns rettar mot å bli fengsla. Dette er, meiner både Redd Barna og NOAS, ei kursendring som kjem til å bli lagd merke til. «Det er nå latinamerikanske og andre stater som driver menneskerettighetene fremover, mens Norge kjemper imot, ut fra nasjonalpolitiske hensyn,» sitat Andre Møkkelgjerd i NOAS. Møkkelgjerd seier også at forhandlingane var eit høve for verdssamfunnet til å markera at fengsling av born skal vera forbode. «Hadde statene samlet seg om et slikt syn, kunne denne ikke-bindende resolusjonen bidratt til å utvikle folkeretten og til et forbud mot fengsling av barn.»

Regjeringa Solberg vann altså fram. Det er greiare å fengsla born, til dømes på Trandum. Dette er ikkje eit framsteg for born, og det er aldeles ikkje å setja born og unge først eller fremst. Noreg er ikkje lenger ein forkjempar for borns rettar internasjonalt. Ja. Du les rett. Noreg er ikkje lenger ein forkjempar for borns rettar internasjonalt. Med helsing regjeringa Erna Solberg.

Oddny I. Miljeteig