løktastolpefrø

Publisert: 2016-09-08 10:30
Del:

Ingen kunne som diktaren Ingvar Moe trollbinda ei forsamling når han las eigne dikt. Eg hugsar han frå Studentmållaget i Oslo fyrste gongen på 70-talet, og seinare frå fleire høve fleire stader og fleire slags forsamlingar. Alltid like vellukka, alltid like fengslande. Mange hugsar han frå tallause morgonkåseri i radioen klokka fem på halv åtte. Eg har humra og grine og late meg fascinera av Ingvar Moe si fyrste diktsamling «løktastolpefrø» sidan den kom ut i 1975. Det er frå denne diktsamlinga eg vil dela dikt med deg i dag. Undrar du deg over overskrifta, er det tittelen på samlinga. Føreordet lyder, eller ser ut, slik:

eg vil barre

planta noken pittesmå

løktastolpefrø

utpå våren eingong

ska me gjedna

bjønda å skimta

kvarandre

Kanskje må du lesa dette føreordet både ein og to og tri gonger? «løktastolpefrå» Eg trur du greier dialekten – i alle fall etter andre eller tredje gongs lesing. Eg har det lett i så måte, for Ingvar Moe var frå Etne og skreiv på uforfalska Etne-dialekt. No er dikta hans komne i samling – med mjuk perm – og det er Per Olav Kaldestad som har stått for redigeringa 23 år etter at Ingvar Moe døydde. Eg gler meg som eit badn til å lesa boka. Ingvar Moe skreiv om bygda og bygdedyret, men medkvart også med stor kjærleik til heimbygda – og bygda. Han skreiv om menneske – og det menneskelege. «Og alle tekstene er prega av Ingvar Moes særeigne evne til å fange inn replikkar, ordtak, ironi, patosen og den andektige talen»,skriv Samlaget i omtalen av dikta i samling.

Og no skal du få dikt, og ikkje berre mitt «mas» om dikta:

RETT OG GALE

to strengjer

strama

øve livet vårt

me henge

i den eine

mens me spela

på den andre

WHIST

Spel meg inn!

Skreik Pådl

han sat med tretten

spa´

sjøl sat di der

rondt bordet

heila livet

med tretten

tå sama slagjet

men di ler rått

nå di fortele

om den gongjen då Pådl

skreik:

Spel meg inn!

DU KOM TE JORDO

du kom te jordo

med altfor stutte

bein

di nådde aldri

heilt ned

Og så kjem eitt av dei eg vert sentimental og mjukare enn mjuk om hjarta når eg les. Det er om båten «Sunnhorndland» som i årtider batt saman Bergen og Sunnhordlandsbygdene, lenge før snøggbåtane var påtenkte. For ikkje å snakka om ferjefri E39 med monsterbru over Bjørnefjorden! Me tok båten om kvelden, var i Bergen om morgonen – og tok båten heimatt om kvelden:

BÅTEN

(Til minne om M/S «Sunnhordland»)

Om kvelden

gjekk ´an rondt og ropte inn

bygdedne sine,

knytte di laust i hop

og drog di med seg

te by'n.

Utpå dagjen

blei ´an trøtte tå gnålet

og vende,

sette di tålmodigt tebakers

på kvarrsin kai.

Til sist må du få eit kjærleiksdikt, eit kjærleiksdikt til mor. Det må vera den største gåva ei mor kan få, det vere seg til morsdagen eller ein anna dag – eller alle dagar. Her kjem det. Det står godt heilt for seg sjølv, men no får det avslutta denne onsdagsspalta, og eg håpar det gjer deg godt å lesa det:

TE EI MOR

du e

det mjukaste

og starkaste eg vett

meira ha ingjen gitt

tøngre tak ha ingjen tatt

så månge tårer ha ingjen ått

veikskapen du let fløyma øve oss

som du drog så altfor tett

løyste oss opp år for år

sjølv blei du kvitt ´an

det mjukaste eg vett

og det starkaste

e du

Oddny I. Miljeteig