Fylkesmann eller nessekonge?

Publisert: 2016-08-31 11:55
Del:

Fylkesmann Lars Sponheim har hatt møte med styringsgruppa i det såkalla kommunereformarbeidet (les sentraliseringsarbeidet) i Ullensvang og Odda, pluss gruppeleiarane frå Høgre og Ap i Jondal. Dei som hugsar attende, veit at Jondal i folkerøysting sa nei til samanslåing med Odda og Ullensvang tidlegare i år med 50,4% av røystene. Det synest ikkje Lars Sponheim er eit fleirtal. Ein kunne vera freista til å seia at det ikkje er rart kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uroar seg for matematikk-nivået i skulen, men for Fylkesmannen i Hordaland sin del handlar dette i så fall om den gong Røe Isaksen gjekk i bleier – om han i det heile var fødd då Sponheim lærte å rekna.

Stortinget har sagt at kommunesamanslåing skal vera frivillig. Det synest ikkje regjeringa, eller regjeringspartia. Og kommunalminister Jan Tore Sanner har gjeve fylkesmennene ein sentral rolle i kommunesentraliseringsprosessen. For å seia det slik: Fylkesmennene (av begge kjønn) har fått mindre å seia i plan- og byggjesaker, men dess meir når det gjeld kommunesamanslåing. Og ordren er eintydig: Her skal kommunalministeren og regjeringa si ære bergast. For tvang skal folkestyret vika. Regjeringa synest folkerøystingar er ein uting i kommunesamanslåingsdebatten. Sjølv FRP, som har programfesta folkerøystingar, har definert at når det kjem til kommunesamanslåingar, då gjeld ikkje prinsippet deira om folkerøystingar. Nehei? Det er liksom ikkje viktig med det kommunale sjølvstyret, altså, i alle fall ikkje viktig nok, når det kjem til det kommunale sjølvstyret sjølv? Forstå det den som kan! Så har då heller aldri Høgre vore det kommunale sjølvstyrets parti, eller folkestyrets i det heile. Det var Venstre som i si tid innførte parlamentarismen. I 1884. Venstre har slik sett ei stolt historie. Men, for å sitera Tina Åsgård frå ein bystyredebatt her i byen: «Det hjelper ikkje å ha vært kul på 1800-tallet!» Og når det kjem til Lars Sponheim, er det berre å setja mange strekar under Tina Åsgård si utsegn.

Før han vart fylkesmann, tenkte Venstre-politikar Lars Sponheim stort om ein storkommune i heile Hardanger. Det ville ha vore ein kommune som i flatemål kunne ha tevla med finnmarkskommunar om storleiken. Sikkert ei kroning av Lars Sponheim sitt politiske verk. I staden gløymde han ut å driva valkamp i heimfylket før stortingsvalet for sju år sidan og rauk ut or Stortinget med partiet under sperregrensa. No kan du gjerne innvenda at eg, som SV-tillitsvald, skal vera den siste til å spita med sperregrensa. Det meiner eg heller ikkje å gjera. Men ingen skal seia at Audun Lysbakken i nokon valkamp har late heimfylket driva for ver og vind. I 2013, då det verkjeleg stod om partiets eksistens, var SVs partileiar høgt og lågt over heile landet, men aller mest i heimfylket – og hadde somme av oss trudd at vi kunne pusta aldri så lite på ein dag, kan du vera viss på at Audun hadde lagt inn ein vegg til vegg-turne i halve Hordaland nett den dagen! Og både SV og Audun sitt mandat vart berga.

Tru det eller ei: Eg er eigentleg ikkje ute etter Lars Sponheim. Dette skal ikkje vera noko personåtak. Når det gjeld Fylkesmannen i Hordaland si framferd i kommunesamanslåingssaka, er eg derimot kraftig provosert, som du skjønar.

Som den politiske patriarken han synest å vilja vera, let ikkje Fylkesmannen i Hordaland noko vera misforstått: «De har ballar nok til å gjera denne jobben sjølve, i båe kjønn,» sa Sponheim ifylgje Hordaland Folkeblad då han tala på det før nemnde møtet. Og dette var, det eg kan sjå, på ingen måte ei keiveleg handsrekning til transkjønna. Nei, her er det appell til mannleg, eller patriarkalsk, testosteron som gjeld.

Eg meiner eigentleg ikkje så mykje om kommunesamanslåing i Hardanger. Men eg ser, at til liks med andre stader i landet, er det kanskje ikkje slik at noverande kommunegrenser er dei mest laglege om det skal koma til samanslåing. Schei-kommisjonen, som i tjue år førebudde kommunereforma på 60-talet, arbeidde i 20 (!) år, og likevel vart det ein smule etterrakster på 70-talet. Mellom anna vart mannen min sin heimkommune, Sømna, skild ut att frå Brønnøy. Den gongen tenkte Stortinget grundig. No er kommunesamanslåinga ei prestisjereform for den eine av Høgres to nestleiarar og skal køyrast igjennom av ei mindretalsregjering som stør seg på KrF – og det partiet Fylkesmannen i Hordaland for ikkje lenge sidan var mangeårig leiar for.

Det nærmar seg 1. oktober. Det er fristen for landets fylkesmenn (av begge kjønn) til å senda inn sine framlegg til ny kommunestruktur for sitt ansvarsområde. «No kjem tvangsbråket» varsla Klassekampen i går med feite typar over to sider. Det er duka for splitt og hersk. Og det verkar som om somme fylkesmenn oppfattar at her er det om å gjera å vera flinkast i klassen. Som BT skreiv i går, har både Erling Lae i Vestfold og Helen Bjørnøy (ja, vi er medlemer i same parti) i Buskerud lagt mykje press på kommunane. Bjørnøy skal tidlegare i prosessen ha teikna sitt eige kart, som er ein kopi av NHO (!) sitt forslag og har kalla kommunestyra sine vedtak for førebelse.

No har Per Olaf Lundteigen, tidlegare leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag og i dag stortingsrepresentant for Senterpartiet, fått nok. Han krev at regjeringa refsar Sponheim etter «balle-uttalelsen» og vil ifylgje BT ta opp Sponheim si framferd i Kontroll- og konstitusjonskomiteen så snart den er samla att. Lundteigen har, for å seia det mildt, ikkje sansen for at Sponheim direkte har oppmoda kommunestyret i Jondal til å ta omkamp på si eiga avgjerd om at Jondal skal halda fram som eigen kommune. NB! Kommunestyret fylgde altså resultatet av folkerøystinga. Det var ikkje tenkt slik, for AP gjekk mot folkerøystinga, men ei av vararepresentantane deira, som var møtte i kommunestyret grunna forfall frå fast representant (og det skjer i kvart einaste kommunestyremøte godt som kvar gong), røysta i tråd med folkets tale. At ho melde seg ut or AP i forkant av møtet, gjorde ikkje APs gruppeleiar meir demokratisk innstilt. Det seier sitt. For til vanleg veit høgresida vel at AP er å lita på når det gjeld å ta imot diktat «frå oven» - det er vel kjent i partikulturen der i garden, og forresten ein grunn til at Sosialistisk Folkeparti i si tid vart skipa.

Venstre er på ein måte alle partis mor i moderlandet. Ehhhh, sidan det er den førre Venstre-leiaren det er tale om som fylkesmann for Hordaland, må eg sjølvsagt seia fedrelandet. Eg kan ikkje sjå eit einaste feministisk trekk hos Fylkesmannen i Hordaland. Han meiner visst faktisk at Jondal, med eit fleirtal mot kommunesamanslåing, har sagt ja – til kommunesamanslåing, om eg har forstått avisa Hordaland rett. Skal same logikken gjelda for Stortings-, kommune- og fylkestingsval, vil det altså vera slik at den som vinn valet, han taper. Og då må det vel også vera slik at det partiet som vert størst ved val, det får færrast representantar, det vere seg på Stortinget, i fylkesting eller kommunestyre? Arbeidarpartiet som fekk 38% ved bystyrevalet i Bergen i fjor, dei skulle etter denne logikken ha fått ein representant i bystyret, som er det Senterpartiet som minste parti fekk. Medan Senterpartiet skulle ha hatt mest fleire representantar enn dei hadde kandidatar på vallista si!

Dette er «balle»-demokratiet til Fylkesmannen i Hordaland. Lars Sponheim oppfører seg i denne saka som ein nessekonge, som om han eig fylket – og at kommunestyra er fylkesmannens undersåttar og står til ansvars for han og ikkje overfor dei innbyggjarane dei representerer. Men det er altså folket/innbyggjarane ved val som har gjeve kommunestyret tillit til å representera dei. Og når det gjeld folkerøystingar, finst det presedens frå to nasjonale røystingar, i 1972 og 1994, begge om EF/EU. Folket sa nei, begge gongar – og regjering og Storting fylgde folkefleirtalet. I den Sponheimske (og Solberg/Sannerske?) logikk skulle regjeringa/Stortinget allereie i 1972 ha desavuert folkets nei og meldt Noreg inn i EU. No skal dei ha det at dei etter 1994-røystinga gjorde så godt dei kunne i så måte ved å melda Noreg inn i EØS. No har det vore fleirtal i folket mot EU i ti år samanhengjande. Det må då endeleg vera rette tidspunktet til å melda Noreg inn i EU, når ein er sikker på at ein har eit tydeleg fleirtal mot? Kva seier de, Solberg og Sanner? Det duger ikkje heilt å leggja Noreg inn under EUs finanstilsyn, som Stortingsfleirtalet gjorde i vår, sjølv om det er nok ei spadetak i undergravinga av folket sitt EU-nei.

Eller, er det einast når det kjem til lokaldemokratiet at vanleg fleirtalssedvane er sett ut or spel? Og at det då er greitt at fylkesmenn står fram som nessekongar og skal tukta folket i fylket til lydnad? Det er ikkje å vera «tøff» eller å «ha ballar» å trumfa folkerøystingar. Det må vera politisk doping – for det er rett og slett ikkje demokrati. Men det er sikkert kjekt å vera flinkaste guten i klassen og like sikkert få skryt av regjeringa etterpå. Og kanskje bli den som får verta fylkesmann eller regionoverhovud for ein storregion på Vestlandet? For ein nessekonge drøymer heilt sikkert store, større og endå større draumar – for seg sjølv.

Oddny I. Miljeteig