Høgre og vervarslinga for Vestlandet

Publisert: 2016-08-24 11:00
Del:

«Best som det regna, så kom der ei byge.» Munnhellet kunne ha stått som oppsummering av høgsommaren her vest, som fortona seg som eit einaste langt regnver, for folk og fe, gras og blomar. Vasskraftmagasina fløymde over, og det surkla i sko og støvlar for dei som våga seg utanom asfalten. Og det er utanom asfalten vi finn vasskrafta, sjølv om det er Oslo som har sett namnet sitt på kraftleidningane frå Aurland som forsyner hovudstaden med mykje kraft.

Vi her vest veit korleis vasskraft vert laga, for å seia det slik. Og ja, dei nordover langs kysten også. Kanskje det var vi som skulle hatt råderett over kraftforvaltinga, slik at ikkje sentral-Høgre kunne ha sett heile Statkraft i spel, slik Stortingets rikaste mann, Nikolai Astrup vil no. Han er nestleiar i Høgre si programnemnd, og når han ikkje er i pappaperm, er han parlamentarisk nestleiar i Høgre. Det er i programnemnda han har fått gjennomslag for å få delprivatisera Statkraft. Det er så dramatisk at Jonas Gahr Støre rykte ut med uvanleg klår AP-tale i Klassekampen i førre veke og sa, som sant er, at «Høgre set arvesølvet i spel.»

Vasskrafta er, mildt sagt, ein fornybar ressurs. Ein mest evig fornybar ressurs. Det var i dei vendingane han tenkte, diktaren Ingvar Moe, då han i samlinga «løktastolpefrø» frå 70-talet skreiv diktet

CREDO (Nord-Rogaland, Hordaland og Bergen: Vestleg kuling, regn, seinare regnbyger)

me trur atte Gud ha støypt og armert kvelven som henge øve oss for å halda solo vekke ifrå oss me vett atte der som solo skine der bler di hedningar der visa di pattadne sine der sele di øl øve disk

me trur atte Han dagligt og rikele dønka støypen me vett atte støyp som torka for snart kan slå sprikker og sleppa solo igjøno

Slik er dei to fyrste versa. Det er mest som eg kjenner at det regnar ned på tastaturet medan eg skriv. Eg har respekt for regnet. Aller mest som fjordajente. Når det var meldt skikkeleg regnver, tok pappa på seg oljehyra, og med «grapsa» i eine neven gjekk han sjøsvegen til Eikemo opp og ned for å sikra at grøftene var opne og regnet dermed ikkje kunne gjera meir skade enn det som måtte koma, på vegen. Slik gjorde pappa kvar gong medan Vårherre fylte vassmagasina og velsigna rettferdige og urettferdige med straum og kraftinntekter.

100 års-flaum er det noko som heiter. 100 års-flaumane kjem oftare no enn før, dei skakar opp ikkje berre landsbygda på Vestlandet, men gjer skade og har teke liv også i urbane strok. Eitt er visst: Vatnet, og vasskrafta går ikkje over.

Statkraft er eitt av dei største norske statseigde selskapa og driv her heime fyrst og fremst med vasskraftproduksjon. Internasjonalt driv Statkraft også med gasskraft og fornybar energi og har 4.200 tilsette i 20 land. Statkraft er eigd av staten og hadde i 2015 eit driftsresultat på over 53 milliardar kroner. Statkraft gjer ikkje vatn om til vin, men til energi, velstand og overskot for fellesskapen – inntil dommedags ettermiddag. For over 100 år sidan fór (utanlandske) kapitalistar over landet og sikra seg vasskraftrettar til spottpris. No vil Høgre delprivatisera Statkraft. Ja, dei har vilja det før også. Det er som om dette partiet ikkje kan sjå ein verdfull ressurs utan at dei må gjera han til profittobjekt og syga pengane ut or fellesskassen. Eit sentralt argument for delprivatisering, skreiv Klassekampen i går, har vore å sikra auka kapitalinngang for at Statkraft skal kunna investera i nysatsingar internasjonalt. Men kjære folk, det er då ikkje pengar til investering som vantar i det norske statsbudsjettet? Tvert om. Dessutan; Høgre var då nett med på eit budsjettforlik som tok frå Statkraft fem milliardar kroner – slik at Erna Solberg og Siv Jensen skulle få meir pengar til skattelette for dei rikaste i Noreg. Så det.

Desse fem milliardane har forresten si eiga soge. Statkraft gjekk til eigaren sin, dvs. næringsminister Monica Mæland frå Bergen, med ein plan for storstila satsing på offshore vind, der Statkraft kunne ta rolla som lokomotiv. Dei vart, sa Heikki Holmås, SV-ar på Stortinget (og han kan sitt regn-evangelium, kjuagut frå Bergen som han er), lova fem milliardar til offshore vindkraft-satsing. Men Høgre snudde i budsjettforhandlingane med KrF og Venstre – og la satsinga daud. Dei fem milliardane? Borte vekk, eller rettare: til skattelettar, slik skrive i førre avsnitt. I debatten om eigarskapen har det vorte trekt fram at Statkraft har tapt pengar på utanlandssatsinga. Men brorparten av tapa skuldast nedskriving på gasskraftsatsinga – som også Høgre støtta. Hadde SV, seier Heikki Holmås, fått gjennomslag for Statkraft som eit reint fornybarselskap, ville tapa i alle hovudsak ha vore unngått.

Eg kjenner eg vert arg. Same kva spørsmåla er, synest svara til Høgre å vera anten skattelette eller privatisering. Det er ikkje spesielt fantasifullt. Og slik har det dessutan vore i alle dei år. Så fornybart er det i alle fall ikkje, heller ikkje når det gjeld vatn. Mooderne er det ikkje, sjølv om Høgre prøver å ta monopol på omgrepet. Det omgrepet også. Nei, privatisering er gammalt som alle haugar, ja, eldre enn Høgre sjølv. Når denne Astrup frå Oslo sier at delprivatisering av Statkraft er å ta «enda bedre vare på arvesølvet» , er det sjølvsagt reinspikka ideologisk vrøvl – og ein skulle tru at herremannen aldri hadde sett ein regndrope, og endå langt mindre eit fossefall. Det nyttar ikkje med fornuftige motargument heller, ikkje overfor Astrup og hans like. Så dermed er det inga anna råd enn å vona at partiet hans ikkje får fornya tillit som regjeringsparti. Det er det norske veljarar som avgjer. Men eg vil uansett tilrå den gode Astrup at han legg seg til ein ny vane: Lyder til vervarslinga for Vestlandet, minst tre gonger om dagen: Morgon, middag og kveld. Kanhende vil han då få meir respekt for den ressursen vasskrafta utgjer? Vervarslinga for Vestlandet, altså. Ikkje for pysar og papirflyttarar, den.Vervarslinga for Vestlandet; Nord-Rogaland, Hordaland med Bergen: Vestleg kuling, regn, seinare regnbyger.

Oddny I. Miljeteig