Jarnbane i nasetipp-perspektiv !

Publisert: 2016-08-17 12:00
Del:

Det er no løye med det, når naturen går over opptuktelsen. Det er ofte då den ekte meining og sanning kjem fram. Slik sett var det kanskje ikkje så dumt at «Jarnbanealliansen», i si høyringsfråsegn til Nasjonal Transportplan, ikkje vil prioritera strekninga mellom Arna og Stanghelle, ei av dei mest rasutsette strekningane på heile jarnbanenettet. Som same strekninga er det på bilvegen E16. Arna-Voss i det store og heile er overmogen for utbygging. Det veit alle som ferdast den leia, om det er med bane eller bil.

Bergensbanen skal vera distriktspolitikk, visstnok. Ifylgje «Jarnbanealliansen». «Jarnbanealliansen» tilrår regjeringa å prioritera utbygginga av det ytre Intercity-triangelet til Lillehammer, Skien og Halden, pluss vidare utbygging mot Gøteborg. Men altså ikkje Bergensbanen. Fordi utbygging av Bergensbanen er for distriktspolitikk å nemna, visstnok. Og det befattar ikkje «Jarnbanealliansen» seg med. NHO og LO er dei mektigaste aktørane i alliansen – og mektigare aktørar finn ein ikkje her til lands. Arbeidsgjevarforeininga Spekter er med. Naturvernforbundet er også med, og det er ubegripeleg.For utbetring av Bergensbanen er så absolutt eit grønt tiltak også, eit klimatiltak. Oppgradering av Bergen-Voss vil åleine kutta reisetida med ein halvtime. Det er faktisk så mykje at det merkast både Bergen-Voss og Bergen-Oslo. Oslo-Bergen også, skulle vi tru? Og når vi legg til ein utbygd Ringeriksbane, den som AP og Kjell Opseth snytte SV for på 90-talet, vil reisetida mellom Oslo og Bergen bli halvannan time stuttare. Faktisk vil då toget konkurrera med flyet mellom dei to største byane i Noreg. Det må då vera viktig for Naturvernforbundet nasjonalt? Og dei andre i alliansen, for den del. Dei kan då ikkje tru at trafikken går berre einvegs – til Oslo frå alle andre stader? Dette luktar, nei stinkar, av gammaldags sentralisering. Forresten, noko av den same stanken kjenner vi frå kommunesamanslåingsreforma – og politisentraliseringsreforma, og sentraliseringa av skatteetaten og for den del høgskular og universitet, så det burde i og for seg ikkje vera uventa at det kjem slike utspel frå sentralistisk hald. Men både NHO og LO burde då vita kvar verdiskapinga i landet skjer? Og den skjer altså ikkje i Oslo. Ikkje i marxistisk forstand, og ikkje i nokon annan forstand. For NHO og LO kan då ikkje vera så naive at dei trur det er på sentralkontora i næringslivet eller i statsadministrasjonen verdiskapinga skjer? Ikkje rart at desse to måndag sende ut ei pressemelding om at dei er for utbygging av Arna-Stanghelle – likevel.

Imedan er det ikkje berre i vest vi er sinte. Avisa Nordlys tek bladet frå munnen på leiarplass: «Et uttrykk for uforstand, på grensen til ren forakt, for den enorme verdiskapningen langs kysten av Norge.......Sjelden har provinsialismen som kjennetegner miljøene i hovedstaden blitt grundigere avslørt. Det er mulig de tar resten av landet for gitt, og tenker at vi blir vilt begeistret over tanken på å bruke flere hundre milliarder på nye jernbanelinjer i en liten ring rundt Oslo. Men slik er det jo ikke. Og slett ikke når det som gir seg ut for å være en nasjonal jernbaneallianse, i praksis viser seg å være en allianse kun for Østlandet.........Videreføring av jernbane fra Fauske og nordover, står det ingenting om. Også elektrifisering og nødvendig opprusting av Nordlandsbanen blir fullstendig ignorert. Det aller mest pinlige er likevel at Ofotbanen, Norges mest lønnsomme jernbanestrekning, ikke er nevnt med et ord......At en såkalt nasjonal jernbaneallianse overser dette, forteller dessverre det vi trenger å vite om blikket på Norge, sett fra Oslo. Det grenser til ren forakt for verdiskapningen langs kysten av Norge. Dessuten er det enda et eksempel på at festtalene på de nordnorske næringslivskonferansene, ikke er mer enn tomt prat.» Så langt avisa Nordlys på leiarplass. Den fortel også, spør du meg, at her gjer det verdiskapande Noreg («distrikta» i «Jarnbaneallianse»-språk) klokt i å stå saman mot den Oslo-elitisme-tenkinga som «Alliansen» gjev uttrykk for.

Så må hordalandspolitikarane ha lært ei lekse: Har ein med tunge motkrefter å gjera, må ein vera tydeleg på kva ein vil – og kva ein vil mest. Det heiter å prioritera. Og det har hordalandspolitikarane frå mest alle parti nekta å gjera. Det vil seia: Til kvardags ljomar det for ferjefri E39 med monsterbru over Bjørnefjorden, medan kvar gong det går ras på veg og jarnbane Arna-Voss, stiller partia opp og ropar på straks-midlar. Det held ikkje. Det er ikkje tydeleg nok. Det vil seia: Det er tydeleg nok til at «Jarnbanealliansen» ikkje har fått med seg at ein snakkar ikkje om framtidig jarnbaneutbygging i Noreg utan å ha med Arna-Voss. SV har frykta nett dette. Fordi vi veit at det er vanskeleg å trengja gjennom den sentralistiske lydmuren som omgir Oslo. La oss ta eit døme frå ein annan sektor: I årevis var løyvingane til sjukehusa skeivfordelte i favør Oslo-regionen. Det tok politisk kamp og utvalsarbeid og eg veit ikkje kva - før skeivdelinga var retta opp, av den raud-grøne regjeringa. Men den uretten som hadde vore, etterslepet, vart ikkje teken att. Minimum ein milliard i «tilbakebetaling»skulle Helse Bergen ha hatt om uretten skulle ha vore gjord opp. Den milliarden fekk vi ikkje – og får vi ikkje. Det er rett og slett slik at sentralmakta særs lett vert prega av eit nasetipp-perspektiv, og det ikkje med noka lang nase, heller. Då, kjære lesar, gjeld det om å ha sine kampsaker spissa!

Talet på statlege arbeidsplassar er eit uttrykk for sentralmakta. I fylgje kommuneprofilen.no har Oslo 72.350 statlege arbeidsplassar, 16,3% av totalt antal arbeidsplassar. Bergen 15,3 %, Fjell 3,69%, Sund 2,67%, Øygarden 2,35% og Askøy 5,58%. Fedje står oppført med 21,88% statlege arbeidsplassar av alle arbeidsplassar i Fedje. Det er losstasjonen, sjølvsagt, og den står i stor fåre! Forresten reknar kommuneprofilen.no med forsvaret i statlege arbeidsplassar. Det er lurt – i eit sentralistisk perspektiv. Slik får Bardu i Troms 41,87% statlege arbeidsplassar og Tjeldsund i Nordland 32,72%. Og kven kunne ha trudd at Brønnøy kommune, med Brønnøysundregistera, ikkje låg på suveren topp i andelen statlege arbeidsplassar? Sanninga er at dei ligg såvidt over Oslo i prosent: 17,4. Medan nabokommunen Sømna har 1,01% , ikkje av statlege arbeidsplassar totalt, men i andelen arbeidsplassar i kommunen.

Nasetipperspektivet står sterkt i utsynet frå Oslo. Også i samferdslepolitikken. Men «Jarnbanealliansen» kan ha gjort seg sjølv ei bjørneteneste. For er dei eigentleg ein allianse? Trygg Trafikk, som er tekne til inntekt for høyringsfråsegna, meiner at dei aldeles ikkje er med på noko slikt, ikkje på fråsegna og knapt i alliansen. Og medlemene og medlemsorganisasjonane i sentrallekkane er i harnisk, her i vest og andre stader. Så eg trur nasetipperspektivet møter veggen, denne gongen. Eg trur dei får seg ein nasestyvar. For dette var å gå for langt. Slik sett kan mange hordalandspolitikarar, paradoksalt nok, ha mykje å takka «Jarnbanealliansen» for. Paradoksalt nok.

Oddny I. Miljeteig