For vi eig morgondagen!

Publisert: 2016-08-10 13:00
Del:

Jenta frå Lærdal, den vesle kommunen i Sogn og Fjordane med 2.200 innbyggjarar. Ei heilt vanleg jente og ung kvinne, inntil sist i førre veke. Då gjorde Andrea Voll Voldum det som gjorde henne landskjend over natta: Ho sprengde seg ut or offerrollen og namngav dei tre mennene som gruppevaldtok henne i Hemsedal i mars 2014. Ho ville åtvara alle andre mot overgriparane – fordi ho meiner dei er farlege for andre kvinner. Ei anna ung kvinne, Mira Aasjord, skreiv nyleg i eit innlegg i Radikal Portal at ho vart forsøkt dopa ned på nachspiel av to av dei frikjende i 2013.

På berre ein dag og to var den modige unge kvinna frå Lærdal kjend over heile landet. og nokre få dagar etterpå, sommarstid og i vind og blæst, demonstrerte kvinner – og menn – i tusental over heile landet for kvinners rettstryggleik og til støtte for Andrea Voll Voldum og alle jenter og kvinner som har opplevd, og opplever, valdtekt og overgrep.

I det som har vorte heitande «Hemsedalssaka» gav dei tre vaksne mennene den då 18 år gamle unge kvinna dei narkotiske stoffa MDMA og kokain. Dei tre mennene skal ha vore røynde rusbrukarar, den unge kvinna ikkje. Dosen ho fekk i seg, kunne ha medført alvorleg forgiftning og død, synte blodprøvar tekne i ettertid. Dei tre mennene vart i tingretten dømde til seks års fengsel for valdtekt, men anka og vart frikjende i langsmannretten i sommar. Dei tre fagdommarane og ein lekdommar røysta for å døma mennene, tre lekdommarar (av dei to kvinner) røysta for frifinning. Fordi det måtte eit fleirtal på fem for å stadfesta dommen frå tingretten, vart dei tre tiltala frifunne. Det høyrer likevel med at mennene vart dømde til å betala kvinna 300.000 kroner i oppreising.

Dommen har skapt storm, i sosiale media og elles. Jusprofessor Hans F. Martinussen ved Universitetet i Bergen meiner Riksadvokaten ikkje skulle ha godteke dommen, men anka til Høgsterett. Han meiner det kan vera ein saksbehandlingsfeil at retten ikkje vurderte domfelling for grovt aktlaus valdtekt. Det, seier advokat John Chr. Elden, er i så fall fagdommarane å lasta. Det er dei som er lovkunnige – og skal vera det til minste detalj. Elden meiner at grunngjevinga mot domfelling truleg var for svak på kvifor dei tiltalte ikkje har vore grovt aktlause «da de ikke skjønte at hun var bevisstløs i lovens forstand» (sitat frå Dagbladet 4. august).

I det «vanlege» mediebiletet er det overfallsvaldtekter med ukjende gjerningsmenn som får dei største overskriftene. Det er dramatiske hendingar som høver medias dramaturgi godt. Diverre. For rundt i Noregs land sit titusenvis, for ikkje å seia hundretusenvis av norske kvinner og har opplevd valdtekt på kroppen, men ikkje overfallsvaldtekt ute i det opne rom. Det er valdtekter som den Andrea Vold Vollum opplevde, valdtekt utført av kjende, jamvel av kameratar, ekskjærastar, partnarar på fest, på nachspiel, i heimen. Då den fyrste store valds- og valdtektsundersøkinga vart lagd fram i Noreg i 2014, var dei harde tals tale rystande: 9,4 prosent, det vil seia mest ei av ti norske kvinner har opplevd å bli valdtekne. Det betyr at du og eg alle kjenner fleire kvinner som har opplevd valdtekt. Men valdtekt er så tabu- og skambelagt at ei av tre har halde valdtekta hemmeleg, ikkje meldt til politiet eller snakka med nokon om overgrepet. Berre 11 prosent melder valdtekta. Ei av ti valdtekne, altså. Og så: Nesten 80 prosent av alle valdtektssaker som vert etterforska, dei blir lagde bort. Politiet legg bort saker sjølv om dei trur på offeret og veit kven gjerningsmannen er. Til slutt endar ei av ti melde valdtekter med pådømming.

Valdtekt er brotsverket der skulda og skamma vert kvinna si skuld og skam. Fordi valdtekne kvinner har gått med korte skjørt, har flørta, har vore litt rusa eller mykje rusa, har gått åleine heim sein kveldstid og nattestid. Og dette handlar ikkje om «gamle dagar», dette handlar om 2000-talet, etter førti år med kvinnekamp frå 70-talet av. Og lenge før den tid. Dette handlar om det Noreg der altfor mange får seg til å seia at «likestillinga er komen for langt.» Og, kva var det ho sa, likestillingsminister Solveig Horne, ikkje lenge før ho vart statsråd, at i valdtektssaker har både kvinner og menn eit ansvar. Jaha? Både overgripar og den som vert utsett for overgrepet, altså. Kan du tenkja deg det same sagt om noko anna brotsverk utført av menn? For eitt er banna bein: Det er menn som valdtek, menn som er overgriparane. Slett ikkje alle menn, ikkje på noko vis. Men det er menn som er overgriparane. Og den innskjerpinga av valdtektslovgjevinga som vart gjord i 2010, den har ikkje hindra dommen i «Hemsedalssaka».

Når den unge kvinna frå Lærdal står fram og fortel om saka si og namngjev overgriparane, er ho ein varslar. Ho varslar om dei ho meiner er farlege også for andre kvinner, og indirekte varslar ho også at valdtektslovgjevinga ikkje fungerer. Ho har ikkje oppmoda til «lynsjemobb» eller gatas justis. Ho har varsla – og eg håpar Fritt Ord har merka seg nett det når dei skal dela ut prisar neste gong.

Kvinna frå Lærdal fekk måndag støtte frå sine eigne – over 300 møtte fram til markering i ein kommune som har 2.200 innbyggjarar. Har Lærdal nokon gong hatt eit bygdedyr, vel, så var det ikkje å sjå måndag kveld. Bygda stilte opp – og ordføraren sende ei sterk støttehelsing. I Hemsedal var det også markering. Og på større stader og byar. Her også, sjølvsagt. Den unge kvinna frå Lærdal forløyste tiårs og hundreårs undertrykt raseri i kvinne-Noreg då ho stod opp for seg sjølv og sitt eige liv, trassa skam og tabu – og fortalde. Den norske rettsstaten svikta Andrea, som den har svikta så uendeleg mange kvinner før. Men ho sprengde seg altså ut or offerrollen – og kan med det ha endra rettstryggleiken for overgripne kvinner i Noreg for alltid. For det raseriet som har manifestert seg i den vesle veka etterpå, det kjem ikkje til å fordunsta. Uansett om framståande forsvarsadvokatar meiner valdtektsstraffene er for strenge og omtalar «gutane» frå Hemsedal som offer. Då brest det for oss, kvinner i alle aldrar og generasjonar. Vi som kjenner nokon. Vi som har sett. Vi som har høyrt. Vi som har opplevd. Vi som har kjent på redsla, frykta, skamma. Vi. Oss. Mødrene våre, formødrene vår. Døtrene våre. Det er nok no! No må rettssystemet endrast. Eg vil ikkje ha lekdommarane ut or rettssystemet. Men det er ikkje tvil om at det trengst opplæring og haldningsendring og gjennomgang av rettssystemet. Det er vist at kvinnelege lekdommarar har meir fordommar mot kvinner utsette for valdtekt enn menn. Kan hende ber dei med seg generasjonars tagde skuld og skam?

Det er rettsstellet som skal døma. Det har rettsstellet aldri gjort på ein trygg måte for kvinner utsette for vald og overgrep. Det er difor vi er så rasande – og heldigvis er mange menn rasande i lag med oss. Eit dikt av poeten og feministen Kjersti Ericsson har kverna rundt i hovudet mitt dei siste dagane, og her deler eg siste verset av det med deg. Det nyttar ikkje å by utsette kvinner noko smått eller halvt lenger. Vi kvinner tek ikkje til takke med det – takk vere den unge kvinna som sprengde seg ut or offerrollen og grip dagen - og morgondagen:

«By oss ikke noe smått noe halvt Be oss ikke ta til takke! Vi kommer her med gløden fra alle bålene i oss svien fra alle slagene og støvletrampene mot hjertet med sulten i de ulevde livene og den forferdelige heten i vår aldri gjengjeldte kjærlighet Stå ikke i veien for oss når vi kommer til å vende jorda med voldsomme spatak når vi kommer til å dyrke den på vårt vis. Stå ikke i veien for oss for vi eier morgendagen!»

Oddny I. Miljeteig