Kvinners frigjering har alltid kosta

Publisert: 2016-08-04 11:30
Del:

Shilan Shorsh. Hugsar du Shilan, Bergens eiga Shilan, som brukte sitt 39 år lange kvinneliv til å kjempa for kvinners, og især kurdiske kvinners rettar, i Bergen, i Kurdistan, og med eit perspektiv som famna heile verda? Shilan tagde aldri, fordi, sa ho: «Sannheten må alltid komme frem.» Shilan var, vil ein kalla det, ei kvinne med muslimsk bakgrunn. Ho var så mykje meir. Shilan var fyrst og fremst ein fridomskjempar – for kvinners frigjering. Fyrst og sist kvinners frigjering. Saman med Shilan står kvinner som Amal Aden, Kadra Yusuf, Shabana Rehman, Sara Azmeh Rasmussen, for å nemna namn og kvinner som kling kjende i mange sine øyro. Dei har alle snakka høgt i det offentlege rom, og det har kosta og kostar dei mykje.

Kampen for kvinners frigjering har alltid kosta pionerar mykje. Vi kan nemna Pankhurst-systrene frå den gong då i England. Dei vart til dømes kasta i fengsel. Til dømes. Og elles hundsa og låttleggjorde. Unge kvinner i dag, om enn aldri så rotnorske, vert hetsa anonymt og får trugsmål på sosiale media og elles om dei stikk hovudet fram med politiske meiningar og i synlege politiske verv.

Hugsar du Deepika? Ho etablerte seg som artist i Oslo og Noreg, og eg hugsar namnet hennar godt frå 90-talet. Det vart stilt frå henne etter ei tid. Ho flytte, eller flykta, rett og slett, til London etter langvarig hets frå det vi upresist kan kalla «det muslimske miljøet i Oslo.» I alle fall var det så Klassekampen skreiv måndag i ein lengre artikkel om Deeyah Khan, som ho eigentleg heiter.

«Sisterhood.» Systerskap. Det er namnet på det nye digitale tidsskriftet Deeyah Khan i år har grunnlagt for å gje kvinner med muslimsk bagrunn ein stad å koma til orde med si eiga røyst. Med «sister-hood.com» ynskjer Deeyah Khan også «å skape forståelse for hva det vil si å være kvinne med muslimsk bakgrunn og å vise fram det mangfoldet som faktisk eksisterer blant disse kvinnene,» sa Khan i Klassekampen.

Deeyah Khan har utvida verkefeltet sitt monaleg frå Deepika-tida i Oslo og Noreg. I 2013 vann dokumentarfilmen hennar «Banaz. A love story» Emmy-prisen for beste internasjonale dokumentarfilm. Den nyaste filmen hennar, «Jihad», vart nyss nominert til Griersonprisen, ein prestisjetung, britisk dokumentarfilm-pris. Og no har ho altså lansert «Sisterhood.»

Samstundes som sister-hood.com er etablert, har den offentlege debatten i Noreg sett ein ny generasjon kvinner med muslimsk bakgrunn heva røystene og ta til tastaturet. Nancy Herz, ei av dei, kallar seg ei av «dei skamlause» arabiske jentene. Ho, Sofia Srour og Amina Bile har alle skrive innlegg om æreskulturen i islam og at dei ikkje ville la religionen definera dei som individ. Faten Mahdi Al-Hussaini, tenåringen som vart rikskjend over natta etter kraftfull protest mot IS/Daesh, har over lengre tid arbeidd aktivt mot radikalisering av unge muslimar. Tjuefem år gamle Isra Zariat har skrive kronikkar og debattinnlegg i seks år. Ho er no spaltist for NRK Ytring og har skrive innlegg med titlar som «Derfor bærer jeg ikke slør» og «Kvinner som knuser kvinner». Zariat er ei av bidragsytarane til Sisterhood, noko ho seier til Klassekampen er ei ære: «Deyyah Khan har alltid vært et forbilde for meg, så det var en drøm som gikk i oppfyllelse å få lov å bidra der. I tillegg føles Sisterhood som en tryggere plattform å ytre seg på enn i en avis, for i en avis står jeg mer alene. Sisterhood gir meg en følelse av solidaritet.» Isra Zariat er no saman med «dei skamlause arabiske jentene» nomminert til «Skamløsprisen» for mellom anna å skriva om kvinnerollar og islam.

Sisterhood har også ein norsk redaktør, Afak Afgun. Ho seier ho ser ei positiv utvikling der fleire muslimske kvinner ynskjer å delta i samfunnsdebatten. Ho seier til Klassekampen at ho ser veldig opp til dei unge, «skamlause» kvinnene: «De er utrolig modige til å være så unge, og har ikke den samme frykten for å skrive offentlig som jeg hadde da jeg var på deres alder. I dag er det lettere å komme i kontakt med andre modige stemmer via sosiale medier. Det hjelper å etablere et trygt nettverk. Det fører til at man ikkke føler seg så isolert og alene.» Postdoktor Marianne Bø ved Universitetet i Bergen forskar mellom anna på kombinasjonen islam og feminisme. Til Klassekampen seier ho at vi heilt klårt ser ei ny bølgje av muslimske kvinner som ytrar seg offentleg i Noreg. Dei tek opp ei rekkje tema som hijab, æresomgrep og seksualitet. Bø påpeikar at det finst eit stort mangfald blant norske kvinner med muslimsk bakgrunn, og at det ikkje alltid er like enkelt for dei å ytra seg offentleg: «De blir møtt med en hatretorikk som ikke går på hva de sier, men på bakgrunn av hvem de er.»

Einkvar frigjeringsstrid treng sine heltar. Deeyah Khan vil løfta fram og anerkjenna dei muslimske heltinnene. Men det treng ikkje berre vera dei fryktlause aktivistane: «For meg er de kvinnene som motsetter seg tvangsekteskap, som tviholder på retten til å ta utdanning eller nekter å bli redusert til å bare være et kjønn, like store helter. Det er kvinnner som insisterer på å være seg selv og styre sitt eget liv,» seier ho til Klassekampen. Ho meiner det er ei stor gruppe kvinner i muslimske samfunn som i fleire tiår har stått på barrikadane for progressiv forandring, men at desse i liten grad har vorte anerkjende tidlegare. «Folk spør meg stadig om hvor de kan finne kvinners motstand mot sosial, politisk og økonomisk urettferdighet og undertrykkelse. Sannheten er at disse kvinnene alltid har vært her, men at våre historier og perspektiver ofte ikke blir representert på den globale scenen.» Dette er attkjenneleg, spør du meg. Slik har det tidt og ofte vore for kvinneforkjemparar opp gjennom historia. Dei har vorte tagde i hel – lengst mogleg. Shilan Shorsh braut gjennom togna, slik som Amal Aden, Kadra Yusef, Shabana Reman og Sara Azmeh Rasmussen. Og no altså ein ny generasjon unge kvinner; norske, med muslimsk bakgrunn.

«Kvinner er en del av løsningen på problemene verden står overfor i dag. Jeg kommer ikke til å hvile før deres stemmer blir hørt og tatt med i betraktningen i den globale samtalen om emner som påvirker dem direkte,» seier Deeya Khan. På to månader har sister-hood.com fått 70 skribentar frå 23 land. Det er ein suksess i seg sjølv. Det skal bli spennande å fylgja tidsskriftet – og ikkje minst den nye generasjonen kvinner som talar med røyster så sterke at dei ikkje let seg overhøyra. Sisterhood, systerskap, det har alltid handla om det når kampen for kvinners frigjering har teke steg framover. Takk til Deyyah Khan, og velkomen til sister-hood.com og dei skamlause og taleføre unge kvinnene. Framtida ligg framføre dykk!

Oddny I. Miljeteig