Kan kjøpesenter etast?

Publisert: 2016-07-28 11:55
Del:

«Vi kan tyne mat ut av jorda i to generasjonar til, før vi må sparke småstein i 1000 år medan jorda kjem seg til hektene att.» Slik skreiv Sveinung Nesheim, forskar i SINTEF og medeigar i Ecoverk AS, på nrk.no for eitt år sidan. Eg fann att teksten hans, og det var umogleg ikkje å la den bli berebjelken i denne spalta.

Det kan vera du synest eg skriv for mykje om jordbruk, her midt i byn – og i sjølvaste byavisa Bergensavisen, BA. Eg kan forstå det, på ein måte. Men ikkje eigentleg. For vi bybuarar er like avhengige av å eta mat som bøndene og småbrukarane. Nett like avhengige. Og mange av oss har ikkje jord i det heile, ikkje eingong til ein skarve liten potetåker eller nokre bærbuskar. Eg må seia eg har tenkt i fleire år på at dei byens små, grøne lunger som ligg strødde og ustelte hist og pist, dei kunne gjerne ha vore planta til med rips- og solbærbuskar. Hadde ikkje det vore ein god ide? Så kunne folk i grannelaget ha forsynt seg av ein neve eller to når dei gjekk forbi, eller jamvel plukka seg ei bytte til saft eller syltetøy. Evt. kunne eit grannelag ha teke på seg ansvaret for ei slik grøn lunge eller to og sjølve bestemt kva den skulle nyttast til.

No veks det fram med parsellhagar i Bergen også. Endeleg. I Oslo har det i årevis vore lange køar av folk som ynskjer seg kolonihage eller parsellhage. I Bergen har vi ikkje hatt kolonihagar, og av parsellhagane var det i fleire år att berre ein, om eg minnest rett, den i Fløen. Bystyrefleirtalet har ikkje lagt to pinnar i kross, men Bærekraftige liv på Landås får det til å svinga med berekraftige knoppskytingar både her og der, og då er parsellhagar og andelslandbruk ein heilt naturleg del av verkefeltet deira.

Bergen har heilt allminneleg landbruk. Over 100 bønder har Bergen. Dei burde vi bokstaveleg tala dyrka fram og leggja til rettes for – i staden for som kommune å eta oss inn på jorda deira slik at det vert mindre og mindre matjord att.

Det er lett å tenkja, for oss i byn, at maten skal dyrkast ein annan stad, på landet. Eller i andre land. Då gløymer vi at slik er det altfor mange som tenkjer, og dessutan ligg mange byar og tettbygde stader nett på og ved noko av det beste jordbrukslandet vi har, både her i landet og andre land. Dersom «utviklinga» hadde vore annleis, kor mange mål dyrka mark kunne det ha vore i Åsane i dag? Eg skriv med vilje «utviklinga» i hermeteikn, for utbygginga av Åsane har ikkje grodd opp or jorda av seg sjølv. Den har vore bestemt av utbyggjarar som alle har fått kommunen si velsigning. Uansett kva overordna planar har sagt at eit område skal nyttast til – i Bergen er regelen at ein utbyggjar får viljen sin. Det står ikkje betre til andre stader. I Trondheim har bystyrefleirtalet nyleg bestemt at 2000 mål dyrka mark skal setjast av til utbygging – og då snakkar vi godt jordbruksland!

Byfjella våre er under attgroing. Ein gong for lenge sidan, skreiv Knut Langeland i BT nyleg, var tjuvbeiting på byfjella eit problem. Det er det slett ikkje no. På Fløyen er det til og med sett ut gjelde geitbukkar som skal rydja opprennande busk og kratt. Det er kreativt. Bukkane vil heilt sikkert gjera nytte for seg. I underkant av 1200 sauer beitar i dag på byfjella. For få år sidan var talet på beitande dyr rundt 2000, og det, og meir til, treng byfjella. Vi tobeinte held korkje lyng eller buskvekster nede, same kor mykje vi går tur. Snarare krevst det ekstraordinære tiltak til å vøla etter oss der vi er ivrigast. Difor er det henta sherpaar frå Nepal som no skal gjera vegen opp Skaret til Ulriken trygg og varig.

Det er korkje parsellhagar eller andelslandbruk som dominerer i landbruket. Sjølvsagt ikkje. Men medkvart kan slike tiltak verta eit tilskot til matauken vi treng for å halda liv i oss. I koloni- og kjøkenhagar inneheld jorda ein tredel meir organisk karbon og 25% meir nitrogen enn industrielt driven landbruksjord.I tusenår, som han seier det, forskaren Sveinung Nesheim, har mennesket brukt jorda varsamt og med forståing for livet i den. No misbrukar vi, altså «det store vi», jorda i takt med industrialiseringa av jordbruket. Hagebruksfolk produserer melllom fire og elleve gongar meir mat per hektar enn industrilandbruket. Ein kan altså, seier Nesheim, bidra godt med ein slik åkerlapp fordi ein driv på jorda sine premissar!

Imedan ramponerer Noreg, som dei fleste andre land, jordsmonnet. Og det tek 1000 år å få fram matjord. Det er ikkje berre å leggja kva som helst slags «produsert» hagesenter-jord oppå det ein har øydelagt eller bygd ned. I Noreg har vi dei siste åra mist 400 000 mål dyrkbar jord. Det er kolossalt. Kor mange av desse måla som ligg i Åsane, det veit ikkje eg, men det må gå an å finna ut? Og det hjelper altså ikkje at IKEA har lagt grønt tak på nye-IKEA.

FNs landbruksorganisasjon FAO melder at verda i snitt har berre 60 avlingar att før jordsmonn som blir drive industrielt er så utarma at det ikkje kan nyttast til å dyrka i. FN påreknar at vi treng 6 millionar hektar nytt jordbruksareal kvart år for å halda tritt med matbehovet i verda. I staden går dubbelt så mykje tapt på grunn av utarming av jorda! Og det er det industrielle jordbruket den norske regjeringa favoriserer, om statsråden heiter Listhaug eller Dale.Det har jorda og vi altså ikkje råd til. Vi har ikkje råd til profittdriven monsterdrift i regi av internasjonale agrarkonsern som tyner ut jorda så lenge det er pengar å henta. Deretter – ja, kva skal ein då gjera? Ein kan vera utviklingsoptimist og tenkja at kreative hovud og hjernar vil finna opp ny ernæring, slik at det alltid vert ei råd. Spør du meg, med mitt lek-kvinne-hovud, er slikt eit vågespel. Vågar du å ta slike sjansar for dine barneborn og oldeborn?

Jordbruk «handlar om å ta vare på kulturlandskapet, artsmangfaldet og villbiene, om variert vekselbruk og naturlege metodar for å styrke kulturvekstar og kontrollere skadedyr. Det handlar om kretsløpstankegong, og om å verne jord og skånsamt bruke denne. Først då vil vi halde i hevd ein uendeleg verdifull arv.» Dette er forskaren Sveinung Nesheim sine ord. Og han seier vidare: «Tida er komen for å erkjenne at enkelte ressursar i praksis ikkje er fornybare i vår levetid fordi revitaliseringa er langsam. Mennesket er ikkje isolert frå naturen og heilskapen, og det er den som må diktere kor intenst vi kan bruke ressursane. Det kan gjerne høyrast ut som ein floskel, men vi må ta oss tid til å leve i pakt med naturen. Det er det som er vår orden som menneske.»

Vi har altså ikkje lenger tid til å skunda oss, dvs. leva etter «stort er godt, større er betre, størst er best.» For det er ikkje sant når det kjem til jorda som skal fø oss. Det nyttar ikkje med kortsiktig jordbruk. Jordbruk er langsiktig. For å seia det enkelt: Det gror ikkje mat i øydelagd jord, og vi kan ikkje eta kjøpesenter.

Oddny I. Miljeteig