Bestemors blåbærkake – og å leva i kvardagen

Publisert: 2016-07-20 12:00
Del:

Mitt bu min heim min keisardom, mitt rike her på jord;
det ligg så lognt og trygt og godt imellom fjell og fjord.
Den vesle slåtteteigen som der under lia låg,
han lyser som ein herreheim, den venaste du såg.
Der gyller det og angar det av bær og blad og blom:
Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom.

Du ser det kvite huset på biletet, med kongeskipet framom? Det er barndomsheimen min, Tøsse, på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune. To og ein halv kilometer lengre oppe ligg grenda Eikemo, som mange hugsar frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på NRK. Det er Valdres-skalden Anders Underdal som har dikta «Mitt bu, min heim, min keisardom.» Han var forresten far til Margit Sandemo, som mest heile Noreg har lese bøker av. Slett ikkje heile Noreg veit om Tøsse, men det gjer ikkje noko. Etter kvart veit mange om staden, for Åkrafjorden Oppleving skipar til traktorsafariar like til Eikemostølen, og mange finn vegen til Hordalands einaste veglause grend utanom også. Eg har skrive om barndomsfjorden i mange spalter, og no skriv eg nesten på trass. Det er så mykje som skulle ha vore kommentert av politikk og storpolitikk og alvor og internasjonale fårar, men det får beint vera. Eg bestemte meg for å skriva om det små og nære etter å ha lese på nettet (nrk.no) om Utøya-overlevande Marte Ødegården, som dei siste fem åra har jobba beinhardt for å greia å skapa seg eit godt liv etter terror-attentatet som tok livet av 69 AUF-arar samla til ungdomsleir på deira eiga øy.

Eg kjenner ikkje Marte Ødegården. Men eg vart djupt rørt og imponert då eg las historia hennar om kampen for å ta attende livet og kvardagen. For Marte var blant dei som vart hardast skadd av vår heimlege terrorist 22. juli for fem år sidan. Så skadd var ho, 17 år gammal og i starten av livet, at legane frykta ho ikkje ville overleva den fire minutt lange helikopterturen til Ullevål sykehus. Men Marte overlevde. I staden for tredje klasse på vidaregåande, vart det fem månader på sjukehus, ei rekkje med operasjonar, lange rehabiliteringsopphald på Sunnaas, heimeundervisning og rettssak. Ho vart diagnostisert med posttraumatisk stressyndrom, men flytte likevel frå familie og støtteapparat på Kongsberg til eige husvære og studiar i Oslo. Panikkangsten tok jamleg grep over henne på førelesingane og på trikken frå og til Blindern, noko som tappa henne fullstendig for energi. Likevel har Marte Ødegården kome seg gjennom bachelorgraden i europastudiar, og no har ho kome gjennom nålauga til programmet Future Leaders, som plukkar ut unge leiartalent. Dessutan jobbar ho framleis aktivt med politikk i kommunestyret på Kongsberg. Energien og arbeidskapasiteten har gradvis auka. Dessutan, og ikkje minst: det heilt nylege intervjuet med Marte som eg las, måtte gjerast via Skype, for 22-åringen er i USA åleine på ei tre veker lang rundreise med bussar og fly mellom ei rekkje byar i sørstatane. Eg veit jammen ikkje om eg hadde tort å leggja ut på ei slik reise åleine. Men det har altså Marte Ødegården gjort, trass i etterverknadene ho framleis slit med etter nær å ha mist livet for fem år sidan. Det står respekt av slikt; det er aldeles så det er umogleg å finna ord! Slutten av artikkelen brenn seg fast i sjela. Det er eit sitat frå Marte Ødegården som eg berre må få dela med deg to dagar før 22. juli: «Det jeg savner mest, er den naiviteten jeg hadde før. Å kunne leve helt bekymringsløst. Det kommer jeg nok aldri til å klare igjen.» Likevel er den unge kvinna altså godt på veg til å ta kvardagen, ja livet sitt tilbake. Det er kanskje det sterkaste monumentet som kan reisast etter at 22. juli aldri vil bli ein vanleg dag att: at overlevande tek kvardagen og livet attende. Difor har spalta fått den tittelen den har, avdi denne spalta på trass skal handla om kvardag og vanleg liv. Til ære for Marte – alle i hennar situasjon, og oss alle. For det er i kvardagen vi lever.

Kvardagen er sterkt undervurdert. «Alla dessa dagar som kom och gick, inte visste jag att det var livet», skreiv svenske Stig Johansson. I kvardagen lengtar vi, eller i alle fall ser fram til, fest,helg og ferie. Dei skil seg ut avdi dei ikkje er kvardag, avdi dei gjev oss noko spesielt til å hugsa på alle dei andre dagane. Men det er kvardagane det er flest av, og det er i dei vår eigen livskunst må utfalda seg. Det er då vi må sjå det store i det små og gle oss over kvar dag vi får vakna og gå til ei gjerning. «Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom frå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leve i kvardagen òg,» skreiv diktaren Olav H. Hauge. Han hadde mange kvardagar, men las seg ut i den store verda lenge før han reiste stort lengre enn Ulvik. Og som for alle store diktarar, var det nære, heimlege og kvardagslege utgangspunktet hans. Det er vår alles utfordring: Å leva godt med oss sjølve og andre i kvardagen. Det er kvardagen som gjev oss styrke til å gle oss over det som ikkje er kvardagen. Dessutan er det ikkje alltid så mykje som skal til for å gjera kvardagen til ei godstund som varmer sjela og gjev styrke til stundene som kjem etter. Det kan vera noko så enkelt som - ei blåbærkake. Mamma var ein god kakebakar, og eg er viss på at dei på kongeskipet som du ser på biletet på fjorden nedom barndomshusa, dei hadde sett pris på mamma sine kaker. Og då vil eg faktisk dela ei kakeoppskrift med deg, som eg ikkje har funne i mamma sine kokebøker, men som liknar veldig på kaker eg har fått hos mamma, og for den del besto, som budde i «hi ståvo» på Tøsse i min oppvekst:

Bestemors blåbærkake: 2 egg, 2 dl farin, 75 g smør, 1 dl vatn, 4 dl kveitemjøl, 1 1/2 ts bakepulver, rive skal av 1/2 sitron, omlag 1/2 l blåbær. Eg plar ha i ei toppa ts vaniljesukker også.

Visp egga til dei er lette og porøse, set til farin og visp ei god stund til. Kok opp vatn og smør, og hell blandinga over dei piska egga. Visp til massen byrjar å stivna. Set til sitronskalet. Bland mjøl,bakepulver og vaniljesukker, og rør dette inn. Hell røra i smurt og strødd form, helst rund form med hol i midten (24 cm). Fordel bæra så jamnt som mogleg over deigen. Steik kaka ved 175 grader i 30 min, gjerne meir om du har frosne bær. La kaka stå i omnen med open dør nokre minutt, og ta den ut or forma. Server kaka lunka. Og viss du vil gjera kaka meir til festkake (i kvardagen), ha is eller vispa (vanilje)krem til.

Det er sommar og ferietid – og slåttetid. Det er jordbærtid og morelltid. Og eg ser at dei fyrste blåbæra er mogna. Eg hugsar slåttonna heime på Tøsse både i solskin og regn, og dagar så travle at vi hadde spekemat, kalde poteter og surmjølk til middag når det galdt å nytta finveret til å få gjort mest mogleg. Og så hugsar eg fristunder med bading midt på dagen då eg sprang lett som ein vind opp og ned dei to og ein halve kilometrane til Eikemo for å bada i Skidalsvatnet saman med veninnene. Jo, det går såvisst an å leva i kvardagen, sjølv om kongeskipet er berre til å sjå på, og sjølv om ein må stri for å ta kvardagen attende. Og når vi ser det store i det små, kan ei enkel blåbærkake gjera også kvardagen til ei høgtidsstund.

Oddny Irene Miljeteig