Om Dagros, Kranselin og Raudkolla – og GMO

Publisert: 2016-07-14 11:00
Del:

Då eg var småjente, hadde vi to kyr heime på Tøsse, den brattlende garden i Åkrafjorden der eg vaks opp og som for alltid vil vera «mitt bu, min heim, min keisardom, mitt rike her på jord», som det heiter i songen. Kyrne heitte Dagros, som var kvitt med raudt «mønster» på, og Kranselin, som var raud-rosut. Då Dagros vart gammal av elde og flytte til dei evige ku-jaktmarker der graset alltid finst i overflod og alle kyr er ute heile dagen i godt ver og god temperatur, fekk vi ei raudkolle. Ho vart heitande Raudkolla. Kyrne stod på båsen om vinteren, men var ute heile sommaren, og eg hugsar godt kor yre og glade dei var då dei vart sleppte ut or fjosen på beite. Seinare leigde mamma og pappa kyrne vekk på beite på Haukeli sommarstid, og det må ha vore endå meir stas for dyra. Tenk, høgfjells-gras, grønare og saftigare finst det ikkje!

Som du ser, hadde kyrne namn. Sjølvsagt, dei var då berre to. Og no har eg lese at kyr med namn produserer 3,4% meir mjølk enn artsfrendar utan namn. Det er britiske forskarar som har funne det ut, og dei tok utgangspunkt i heile 516 kuflokkar til mjølkebønder i Storbritannia. Og det gjeld nok ikkje berre der. Professor Lasse Gravås ved Høgskulen i Nord-Trøndelag sa til ABC-nyheter i 2009 at samanhengen mellom kunamn og mjølkemengd kan enkelt forklarast: «Det har rett og slett med kontakten mellom menneske og dyr å gjøre. Dette har det vært forsket på flere steder, og da har man funnet ut at det hjelper å snakke med kyrne.» I fylgje professoren registrerte forskarane at kyr med høg mjølkeproduksjon i gjennomsnitt høyrde 12,4 ord per minutt – medan kyr med låg produksjon ikkje høyrde eit einaste ord per minutt. «Og det er jo klart at man snakker mer med dyrene når de har navn», slo professoren fast. «Dessuten er dyr med navn som regel en del av mindre besetninger. Dermed får de som regel bedre stell og tilsyn.»

Kyrne heime vart snakka med, og børsta, og snakka med. Dei svara også. Eg trur kyrne heime hadde det godt. Rett nok stod dei bundne på båsane og i ein gammal fjos, men dei fekk altså vera ute så lenge det var temperatur til det – og dei hadde eigne namn og ikkje berre nummer.

«Smått er godt», altså, også når det kjem til kyr – og i motsetnad til den kommunesamanslåingsreforma som kommunalminister Sanner og hans fylkesmenn no skal dra ned over hovudet på Noregs innbyggjarar.

I landbruket veit vi at smått er godt. Det er familielandbruket som før jorda. Industrilandbruket, som regjeringa har sett seg føre skal få dominera i Noreg, gjer mykje skade på jorda. Tunge, digre maskinar pakkar jorda saman og ned, og industrilandbruket er avhengig av sprøytemidlar som vi aldeles ikkje har oversyn over kva skadar vil gjera med plantar og jord. No står kampen om bruk av glyfosat sprøytemiddel slik som Roundup), og GMO, altså genmodifiserte planter (og insekt). Over hundre Nobel-prisvinnarar har nett bede Greenpeace om å gje opp sin «antivitskapelege» GMO-motstand. Blant dei er ekteparet Moser – og ei rekkje andre nobel-prisvinnarar som forskar på andre område enn jordbruk og GMO. Kari Gåsvatn, den røynde og kunnskapsrike kommentatoren i Nationen, skreiv i avisa måndag at GMO er politisk kamp, ikkje eit spørsmål om vitskap kontra kjensler. Å stempla kritikarar av GMO som konspiratørar er å leggja lok på ein debatt om økonomiske interesser og om kva slags landbruk vi skal ha, seier Kari Gåsvatn.

Forskinga er truleg framleis berre i startgropa når det gjeld kunnskap om gener for å få betre forståing av livet og ikkje minst av alt samspel i naturen. Eg er samd med Kari Gåsvatn i at det er knapt nokon GMO-kritikarar som er motstandarar av meir forsking, forståing og auka innsikt. Den politiske GMO-debatten handlar om noko anna: Kommersiell bruk av genmodifiserte plantar i landbruket – som regel kombinerte med sal av sprøytemiddel. Kritikarane åtvarar, seier Kari Gåsvatn, fordi GMO vert nytta av agrar-industrien for å få kontroll over heile verdikjeden i landbruket. Makta over maten vert samla på få hender. Det er udemokratisk. Kritikarane åtvarar også avdi GMO-vekstar fortrengjer biologisk mangfald og lokalt tilpassa vekstar. Difor er både ei brei bonderørsle og store delar av miljørørsla kritiske til GMO på åkrane.

Det gir inga meining å klistra GMO-motstanden til anti-vitskap og overtru, skriv Kari Gåsvatn. Likevel skjer det gong etter gong. Dei som kjem med alternative forskingsresultat og kritiske meiningar, synest å verta utsette for systematisk diskredittering, eller drittpakkar, som er eit anna ord for ein velkjend metode i innleigde lobbyfirma. I forbifarten – minner dette deg om den norske fiskeoppdrettsindustrien sitt råkøyr mot Havforskingsinstituttet? Tanken slo meg også........

Det er ikkje vitskapeleg semje om at det er greitt for artsmangfaldet å sleppa GMO-vekstar og -insekt ut i naturen. Det er heller ikkje semje om at GMO-vekstar er trygge å eta. Verda veit for lite. Nobelprisvinnarar bør vera dei fyrste til å ynskja seg meir uavhengig forsking. Kari Gåsvatn minner om GMO-planta den gyldne risen, «Golden Rice». Den finst framleis ikkje som ferdig utvikla produkt, avdi forskinga etter over 20 års vitskapeleg utprøving ikkje har greidd å dyrka fram ein type ris som held lovnaden om å berga born som har underskot på vitamin A. Den gylne risen (sponsa av m.a. Bill & Melinda Gates Foundation) blir gong etter gong forsøkt brukt somm døropnar for andre GMO-vekstar som faktisk er klåre for sal. Salstrikset er å fortelja soga om dei stakkars borna som døyr eller vert blinde avdi dei ikkje får tilgjenge til GMO-ris. Det vert jamvel snakka om folkemord. GMO-propagandaen er, som annan propaganda, ufin – og for ein ris som ikkje er tilgjengeleg!

Golden Rice-forskinga har foregått på Filippinane. A-vitaminmangelen blant born der skuldast fattigdom og eit for einsidig kosthald. Somme meiner at den såkalla gylne risen, om han vert noko av, kan føra til endå meir feilernæring. Det fattige treng, er stønad til å kjøpa seg litt jord og såvarer slik at dei kan dyrka sin eigen mat og få eit meir variert kosthald. Filippinske bønder sjølv avviser den gylne risen og vil heller satsa på meir lokale sortar. Det har dei i stor grad lukkast med, skriv Kari Gåsvatn. Å bli for opphengd i GMO kan avleia frå enklare billegare og meir nærliggjande løysingar. Folk er ikkje redde for GMO i overtru, men for kva genteknisk endra plantar gjer med naturen - og med bondens og landbrukets fridom til å velja. Frå før veit vi om store agrarselskap som vil ta patent på korn og sel sterilt korn, slik at bøndene vert avhengige av å kjøpa korn frå storselskapa kvart år. Det handlar om kapital(isme) og kontroll over heile verdikjeda i landbruket.Agrarselskapa har no fått kalde føter. Dei ser sin modell og maktposisjon truga.No har dei fått over 100 nobelprisvinnarar med på sitt lag – og dei færraste av dei kjenner truleg til Golden Rice-historia. Avdi dei forskar på heilt andre felt enn GMO. Fylgjer vi pengane, og det er eit godt jungelråd, kjem vi dit interessene for GMO har sitt opphav, og det er altså i den internasjonale agrarindustrien og dens trong for profitt og herredøme. Vakrare er det ikkje. Kva Dagros og Kranselin og Raudkolla ville ha valt? Ja, vi kan jo gissa, men eg er nokså viss på svaret. Enn du?

Oddny I. Miljeteig