EU – inga suksesshistorie

Publisert: 2016-07-09 15:00
Del:

«Fra fiasko til fiasko» var overskrifta på ein kronikk i Klassekampen nyleg, forfatta av ingen ringare enn Dag Seierstad, ein av dei i Noreg som har fylgt EU tettast over fleire tiår. Eg las med stor interesse på senga – og endå ein gong, og no vil eg rett og slett dela med deg, her eg sit og ventar på at fotballkampen mellom Island og Frankrike skal byrja. Altså har eg avslørt at spalta vert skriven sundag kveld, og eg, som ikkje er interessert i fotball - eg må vedgå det - har sett på klokka i timesvis allereie.

Men altså, EU, som ein skulle tru var Europas svar på Jomfru Maria om ein skulle døma etter hylekoret som har fylgt Storbritannias Brexit. Jo, eg veit at EU har fått fredsprisen, noko dei aldri hadde fått om Ågot Valle frå Bergen hadde vore frisk då avgjerda vart teken. Så det. EU er ikkje eit fredsprosjekt, heller.

I 1962 tok EU over landbrukspolitikken frå medlemsstatane. Så «vellukka» vart dette at EU frå midt på 70-talet sleit med overproduksjon av stadig fleire matvarer. «Løysinga» vart aggressiv matdumping som råka millionar av fattigbønder især i Afrika og Karibia. Dei siste åra har EU gjort slutt på mjølkekvotar, noko som har ført til ein beinhard industrijordbruks-konkurranse som knekkjer lønssemda så mykje at sjølv ikkje store bruk vert lønsame.

I 1970 hadde EU gjort fiskeripolitikken overnasjonal og sleit med å fordela kvotar mellom land. Det førte til at det samla fangstnivået systematisk vart sett uforsvarleg høgt, til overfiske – og til at fleire verdfulle bestandar vart kritisk små.

Etter oljekrisa i 1973 vart Vest-Europa råka av langvarig stagnasjon. Frå 1973 til 1985 gjekk talet på arbeidsplassar ned med tre millionar i dei seks landa som då var medlemer av EU – trass i aukande folketal, større ungdomskull og stadig fleire kvinner som ville ut i arbeidslivet.

I 1985 sette EU i gong «den indre marknaden.» I alle sektorar og bransjar skulle konkurransen sleppast fri og føra EU ut or ti års stagnasjon. I heile EU skulle den indre marknaden tryggja alle EU-land tilgjenge til alle andre EU-lands marknader. Nett det vart problemet: Handelen mellom EU-land vart halvannan gong så stor som EUs samla handel med land utanfor EU, og EU-landa konkurrerte kvarandre ut. Talet på arbeidsplassar i EU minka med fire millionar medan den indre marknaden kom på plass mellom 1986 og 1993.

I 1999 innførte EU sin Økonomiske Monetære Union – og med det makta over viktige delar av den økonomiske politikken til EUs sentralbank i Frankfurt. Nasjonale styresmakter kunne ikkje lenger driva motkonjunkturpolitikk med rente- og valutakurspolitikk. Den såkalla stabilitetspakta sette tronge grenser for korleis statsbudsjetta kunnne nyttast for å motverka nedgangstendensar og aukande arbeidsløyse. Då EUs regjeringssjefar møttest i Lisboa i mars 2000, vedtok dei at EU dei neste ti åra skulle bli «det mest dynamiske og det mest konkurransedyktige området i verda.» Slik skulle arbeidsløysa halverast, og eit sentralt mål var at yrkesandelen skulle opp i 70% i 2010. I 2005 skulle yrkesandelen ha vore oppe i 67%, men hadde i staden stagnert på rundt 63%. I 2008 gjorde finanskrisa ende på alle førestellingar om 70% yrkesandel.

2010: EU-kommisjonen bidrog aktivt til krisa i EU med grunnleggjande feilslått krisepolitikk. I motsetnad til den raud-grøne regjeringas krisepolitikk under leiing av finansminister Kristin Halvorsen, var auka konkurranseevne alle problems løysing for alle EU-land. Det førte til at alle EU-land vart trekte inn i nedgåande spiralar, og dei eksporterte stadig meir arbeidsløyse til kvarandre. Berre Tyskland og to-tre land til fekk eksportert fleire varer og tenester enn før. Resultatet var katastrofalt: Millionar av menneske måtte tola langvarig arbeidsløyse og fattigdom som Europa ikkje hadde sett maken til på 60-70 år. Kuttpolitikken var ei elendig kriseløysing om målet var å halda folk i arbeid,forbruket oppe – og hjelpa dei som trong offentleg støtte mest. Når alle EU-land stramar inn samstundes, skrumpar alle marknadene som skulle gje grunnlag for den veksten som trengst for å få ned arbeidsløysa. Hellas, som har vorte trødde under hælen av EUs einøygde krisepolitikk, har fått forsterka krise og fattigdom, medan låna frå EU og Det internasjonale pengefondet går til å betala hemningslause bankar som har ytt store lån til Hellas. Nett motsett av Island, som kunne føra eigen krisepolitikk inklusive politikk overfor bankane avdi dei, som vi, har stått utanfor unionen.

2014: Endeleg byrja arbeidsløysa å gå nedover, men dei langtidsledige var like mange som før. Det var meir ufrivillig deltid og mellombels arbeid, meir svart arbeid, større inntektsskilnader – og fleire «working poor», personar i heiltidsarbeid som ikkje tener nok til å forsørgja seg sjølve.

EU har, seier Dag Seierstad, hamna i ei felle. Det er ikkje mangelen på pengar som er problemet, men pengane er på feil stad. Dei er i bankar som er overauste med offentlege pengar dei ikkje torer å låna ut avdi det ikkje finst mange nok bedrifter som vågar å investera i ny produksjon. Kvifor? Fordi kjøparane, i siste instans forbrukarane, har mindre pengar å kjøpa varer og tenester for etter år med kutt i arbeidsplassar, løner og trygder. Jamfør debatten i Storbritannia etter Brexit, der hopetals innbyggjarar har sett arbeidsplassar, økonomisk velferd og tryggleik forsvinna.

Den opplagde løysinga, store offentlege investeringsprogram kombinert med auke i løner og trygder, er blokkert, avdi nesten alle EU-land etter kriseåra har ei offentleg gjeld langt ut over det taket som EU har sett for slik gjeld – 60% av brutto nasjonalprodukt.

Fiasko-eksempel kan også hentast frå andre område. Den flyktningekrisa EU er råka av, splittar EU mellom både aust og vest, nord og sør. Klimakrisa har til no vore ein klimapolitisk skandale med satsing på kjøp og sal av klimakvotar. Marknadens logikk løyser ikkje klimakrisa – heller. Aller mest akutt er den demokratisk sett stadig meir problematiske avstanden mellom styrande og styrte. Igjen kan vi visa til Brexit-debatten, dvs. debatten etter Brexit i Storbritannia. Og vi kan minna om slagordet frå siste EU-kampen her heime, i 1994: «Ja til folkestyre – nei til EU!»

No er slett ikkje alt rosenraudt her på berget, tru ikkje at det er det eg meiner. Jan Tore Sanner si herjing og hersing med kommunereforma for å få færre kommunar ,er på sitt nivå eit grelt døme på mangelen på respekt, i verste fall mangelen på forståing, for nett folkestyret. Skal demokratiet fungera, må innbyggjarane oppleva seg som verdsette og respekterte av styresmaktene. Demokratiet kan aldri gå ovanfrå og ned, folkestyret går nedanfrå og opp. Nett her ligg EUs største krise. Så har heller aldri EU vore eit prosjekt som har vore initiert eller bore fram nedanfrå. Og når EU gjennom sin nyliberalistiske krisepolitikk tek nakketak på land etter land, må vi i denne spalta med stor uro slå fast, i forsiktige ordelag, at EU ikkje har vore og ikkje er nokon suksess. Basta.

Oddny I. Miljeteig