Brexit – sett frå stovebordet

Publisert: 2016-06-29 11:30
Del:

Du tenkjer vel at eg er vorten stormannsgalen når eg, som lokalpolitikar, gjev meg i kast med Brexit etter at alt som kan krypa og gå av kompetente og framståande kommentatorar har skrive høgtidelege kommentatorar i dagevis. Og eg les dei med interesse. Stovebordet mitt er nokså fullt av aviser her eg sit ved PC-en måndag kveld og skal levera onsdagsspalta.

Og nett stovebordsperspektivet har ingen skrive om Brexit ut ifrå, det eg har sett, i alle fall. Men elles er alle store ord og all skremselspropaganda allereie brukte opp, og dei som røysta ja til at Storbritannia skal gå ut av EU, dei har vorte idiotforklarte slik at ein bergensk kjuagut vil ha problem med å finna like saftige gloser. Det er mytteri i det britiske Arbeidarpartiet, det konservativet partiet er kløyvd og fillerista, og eit ufyseleg, spør du meg, sjølvstendeparti innkasserer sigeren. Leiaren, Nigel Farage, vil privatisera helsetenesta, og Boris Johnson, tidlegare bestis med David Cameron, har hylla TTIP, ein ekkel internasjonal avtale om handel med tenester som aldeles ikkje vil tena noko folkestyre. Dei som røysta «Remain» etterlyser med hån i røysta sigersfestane. Det er i så fall sine eigne dei hånar. Og det «dumme fleirtalet» - som somme visst skal ha teke til orde for å oversjå.

Vi må kunna våre tal. Det har eg lært av SVs fyrste partileiar, Berit Ås. Difor skal eg gje att nokre tal om kven som røysta kva: I England og Wales røysta høvesvis 53,4 og 52.5% for å forlata EU, i Nord-Irland og Skottland røysta 44.2 og 38% for «leave.».

Dei unge ville bli i EU. 73% av dei mellom 18 og 24 år, 62% av dei mellom 25 og 34 år – og 52% av dei mellom 35-44. Dei på 45 pluss røysta for å gå ut, og dei på 65+ hadde høgast «leave»-prosent. Allereie har somme, nett som i debatten om den norske kommunesamanslåingsreforma, målbore kor urettvist det er at dei eldre bestemmer framtida for dei yngre. Så det argumentet har vi høyrt før.

Ser vi på sosial klasse, er det einast i øvre middelklasse og middelklasse at vi finn fleirtal for å bli i EU – med 57 mot 43%. (Overklassen finst ikkje – i statistikken.) I lågare middelklasse røysta 51% for å gå ut or EU, blant fagarbeidarane, arbeidarklassen og ikkje-arbeidande var 64% for å gå ut. Vi skal hugsa at Storbritannia er eit særs klassedelt samfunn. Og altså: Det er einast i øvre middelklasse og middelklasse det er fleirtal for å forbli i unionen. 52% av både kvinner og menn røysta «leave» - ingen kjønnsskilnad, altså.

Det er på nrk.no eg har funne tala, og der skriv dei også at av kvite veljarar ville 53% ut or EU, medan 33% av asiatiske veljarar og 27% av svarte røysta «leave». Blant kristne røysta 58% for å gå ut or EU, medan 70% av muslimane ville bli i EU.

Jeremy Corbyn, som no «Blair-fløyen» i Labour gjer opprør mot, hadde 63% av Labour-røystarane bak seg i «remain». Av dei konservative ville 58% ut or EU, av Liberaldemokratane ville faktisk 30% ut, medan 4% av UKIP, sjølvstendepartiet, ville bli. Det same ville 75% av Dei grøne og 64% av dei røystande som høyrer til det skotske sjølvstendepartiet.

Det vart altså fleirtal for å gå ut or EU. Det var visstnok eit sjokk, nasjonalt og internasjonalt. Sjokk? Hadde då ikkje media meldt om tett oppgjer med eit par prosent i overvekt hit eller dit? Så sjokket var rett og slett at Brussel i Brussel og Brussel i Storbritannia ikkje fekk viljen sin? «EU har alltid hatt problemer med å respektere folkets meninger. Danskenes nei til Maastricht-avtalen og franskmennenes, nederlendernes og irenes nei til Lisboa-traktaten ble alle omgått eller omgjort. Folk fikk si hva de ville så lenge unionens prosjekt for fri bevegelse av varer, tjenester, kapital og mennesker forble uhindret», skreiv Kato Nykvist, politisk redaktør i Nationen laurdag.

Brexit kan ikkje eine og åleine forklarast med at 52% av britane har vorte galne rasistar. For det har dei ikkje. Og dei kan i alle fall ikkje skulda på muslimane, for å seia det småvulgært. Labour-politikaren Andy Burnham, sjølv EU-tilhengjar, meiner det grunnleggjande problemet er at «politikerne» er så opptekne av å snakka med urbane, liberale veljarar at dei gløymer å laga ein politikk for heile landet. Og Burnham er fødd og oppvaksen i «hjertet av det England der britiske EU-tilhengeres drømmer brast: Industribyene i Nord-England og landsbygda rundt» (Nationen måndag).

Storbritannia er eit sterkt delt klassesamfunn, med adel og det heile. Og med Thatcher vart velferd og fagforeiningsmakt rivne i fillebitar. Tony Blair, som omsider fekk makta attende til Labour, vert mest hugsa for sitt ihuga kompaniskap med George W. Bush for og i Irak-krigen – og slett ikkje som nokon pådrivar for sosial utjamning. Snarare tvert om, som så mange andre sosialdemokratiske leiarar i Europa siste tiåra. Det «moderne» sosialdemokratiet er framandgjorde overfor både arbeidsfolk og arbeidslause. Slik er det i Franrike, i Hellas, i Spania, for ikkje å snakka om Austerrike, som var ein fattig prosent frå å få ein høgreekstrem president nyleg. Ytre høgre sit dessutan ved makta i både Polen og Ungarn. EU, som aldeles ikkje vart grunnlagt som noko fredsprosjekt eller sosialt utjamningsprosjekt, har aldri greidd å gje unionen folkeleg forankring. No har unionen attpåtil inngått ein uverdig avtale med ein meir og meir despotisk Erdogan i Tyrkia – for å hindra flyktningestraumen til Europa. Det smakar ikkje godt. Heller ikkje smakar det godt at statsminister Erna Solberg, med 70% nei til EU i det norske folk, har vore i Storbritannia og åtvara britane mot å gå ut or EU. I beste fall er det såkalla «umusikalsk». Hellas har fått oppleva EU som det Asbjørn Wahl i «For velferdsstaten» kallar eit autoritært, institusjonalisert, neoliberalt monster som har som openberrt mål å bli kvitt velferdsstaten og fagrørsla.

I Noreg har fagrørsla framleis makt til å ha fått gjennom allmenngjering av tariffavtalar og til i det heile å driva ein tøff kamp mot sosial dumping. Storbritannia er sosial dumping sett nærast i system, og ei omfattande arbeidsinnvandring har gjort til å senka lønene og auka arbeidsløysa for britiske arbeidsfolk. Korkje britiske styresmakter eller EU har vore interesserte i å halda oppe løns- og arbeidsvilkår, slik redaktør Bjørgulv Braanen i Klassekampen skreiv laurdag.

Slik eg kan sjå det frå stovebordet måndag kveld, var «Brexit» eit oppgjer frå sinte, avmektige, framandgjorde arbeidsfolk overfor eit Brussel dei opplever som endå lengre vekke og endå meir upåverkeleg enn den heimlege politiske eliten. På eit vis kan vi kanskje også sjå det som ei vidareføring av det opprøret i Labour som gjorde Jeremy Corbyn til leiar. Så spørst det kva Brussel i Brussel og Brussel i Storbritannia gjer. Om det veit vi gjerne meir onsdag når du les dette enn eg gjer måndag kveld.

Oddny I. Miljeteig