Jo Cox til heider og minne

Publisert: 2016-06-22 13:00
Del:

Eg hadde ikkje høyrt om henne. Truleg ikkje du heller, om du ikkje er heilt spesielt interessert i britisk politikk. Og då meiner eg heilt spesielt. Men no har vi alle høyrt om henne, om Jo Cox, Labour-representanten som torsdag vart skoten og stukken ned på open gate etter møte med folk i byen sin, Birstall, West Yorkshire.

Helen Joanne Cox var inne i sin fyrste periode som parlamentsmedlem i det britiske underhuset, parallellen til vårt Storting. Ho vart berre 41 år gammal, drepen ein månad før femårsmarkeringa av vår eigen nattsvarte 22. juli 2011 nærmar seg.

«Våre åpne samfunn har viktige verdier. Blant dem er nærheten mellom velgere og poltikerne, og muligheten vi har til å møte dem som representerer oss og konfrontere dem med deres gjerninger. Dette er et av vårt demokratis største styrker – og det er dette som nå er under angrep. Av politiske ekstremister, som vil løse politisk uenighet med vold og drap,» skreiv sjefredaktør Irene Halvorsen i Nationen. «Alle drap er et angrep også på samfunnet, men politisk motiverte drap – på politikere eller menneskemengder – er det som virkelig minner oss om hvor kort veien kan være fra sivilisasjon til barbari, « skreiv Aftenposten på leiarplass.

Jo Cox vart drepen utanfor lokalet der ho jamnleg møtte veljarane sine. Det er rett og slett eit adelsmerke ved eit røynleg demokrati at politikarar kan ferdast i det opne rom og møta sine veljarar – og folk flest. Og: sjølv vera av folket. Jo Cox var ingen framandgjord elitepolitikar. Ho vaks opp i West Yorkshire med ein mor som var sekretær og ein far som arbeidde på ein tannkremfabrikk. Og det var på biblioteket ho nett hadde møtt veljarar då ho vart skoten og knivstukken til døde. Ein 77 år gammal tidlegare gruvearbeidar vart skadd då han prøvde å gripa inn - og ligg på sjukehus.

I jomfrutalen sin i parlamentet hylla Jo Cox røtene sine i Yorkshire, skriv fleire media: «Iam born and bred Batley and Spen, and I am proud to be.» Ho fortalde i talen om industrihistorie, men også om innvandrarane frå både katolske Irland – og India og Pakistan. «Etter gjentatte reiser i mitt lokalsamfunn mener jeg at det er mer som forener oss enn som skiller oss,» er ho attgjeven av sjefredaktøren i Nationen.

Jo Cox vart drepen like før britane skal røysta om dei skal gå ut av – eller forbli i EU. Det fører tankane til eit anna attentat – drapet på Sveriges utanriksminister Anna Lindh i 2003, like før Sverige skulle røysta om dei skulle knyta seg til euroen eller ikkje. Anna Lindh var frontfigur for dei som ville ha euro i Sverige. Jo Cox var aktiv på «Remain»-sida i Storbritannia, altså talskvinne for dei som vil at Storbritannia skal halda fram som EU-medlem.

Jo Cox hadde lagnaden til syriske flyktningar som ei av sine hjartesaker. «Antirasisme» har delt på nettet frå ein av talane hennar om nett syriske flyktningar, og i mi amatørmessige omsetjing får du den her: «Vi veit alle at det store fleirtalet av skrekkslagne, venelause og uendeleg sårbare flyktningeborn som er spreidde over Europa i kveld, kjem frå Syria. Vi veit også at, no som denne konflikten går inn i sitt sjette barbariske år, er desperate syriske familiar tvinga til å ta ei umogleg avgjerd: bli verande og sjå svolt, valdtekt, forfølging og død i auga, eller leggja ut på ei fårefull ferd for å finna tryggleik ein annan stad. Kven kan skulda desperate foreldre for at dei ynskjer at familiane deira skal sleppa unna den fælska som dei opplever? Born vert drepne på skulevegen, born så små som sju år gamle vert tvangsrekrutterte til krigens frontliner – og eitt av tre born har vakse opp utan å kjenna anna enn frykt og krig. Desse borna har vore utsette for ting ingen born nokosinne skulle vera vitne til, og eg veit at eg ville våga både liv og lemer for å få mine to dyrebare born ut av eit slikt helvete.» Talte altså Jo Cox. Ho hadde tidlegare arbeidd i den humanitære organisasjonen Oxfam, og i tillegg til engasjementet for syriske flyktningar, var Palestina ei av hennar hjartesaker.

Mannen som er sikta for drapet på Jo Cox, Thomas Mair frå Birstall, raste mot «forrædarar» i fengslingsmøtet, skreiv NRK på nettet. Då den sikta vart framstilt for varetektsfengsling og beden om å seia namnet sitt, sa han i staden «Død over forrædere, frihet til Storbritannia. Eit amerikansk andidiskrimineringssenter har meldt at den sikta er ein kjend nynazist. « Ifølge dokumenter vi har hentet ut, var den pågrepne mannen en dedikert støttespiller av organisasjonen Nasjonal Allianse (NA), den tidligere største neo-nazi-organisasjonen i USA», skriv antidiskriminteringssentereret Southern Poverty Law Centre, i fylgje nrk.no.Antidiskrimineringssenteret skriv at den pågripne har støtta NA i fleire tiår og har ei lang historie med nasjonalisme. Han har brukt over 5.000 kroner på lesestoff frå NA, opplyser senteret. Tidlegare har det vorte kjent at mannen var abonnent på magasinet S.A. Patriot, som er gjeve ut av ei sørafrikanske pro-apartheid-gruppe.

Eit vitne til åtaket på Jo Cox har sagt at han høyrde Mair ropa «Storbritannia først», som er namnet på eit høgreradikalt nasjonalistparti. Politet har opplyst at dei etterforskar dei banda 52-åringen er sagd å ha til høgreekstremisme.

Jo Cox hadde dei siste månadene fått mange trugande og sjikanerande meldingar, skriv The Times, i fylgje nrk.no. The Times meiner å vita at politiet var i ferd med å vurdera å forsterka tryggleiken ved arbeidsstaden hennar og husbåten der ho budde. No veit vi så sørgjeleg at dei vart for seine med å konkludera vurderingane sine – og handla.

Jo Cox må ha vore eit solidarisk menneske – og ein politikar med eit brennande hjarta. Hjartesakene, syriske flyktningar og Palestina, og bakgrunnen frå Oxfam, vitnar om det. Etter attentatet uttala mannen hennar at Cox «ville ønsket at vi alle forener oss for å kjempe mot hatet som drepte henne. Hat har ikke rase eller religion, det er giftig.»

Jo Cox var ikkje eit tilfeldig drapsoffer, skoten og stukken til døde av ein forskrudd einsam ulv. Drapet på henne var eit politisk attentat, det må gå an å fastslå ut ifrå det vi veit så langt. Og då er det altså eit åtak på demokratiet, og som Aftenposten skriv, minner det osss om kor stutt vegen kan vera frå sivilisasjon til barbari. Attentatet på Jo Cox høyrer barbariet til. Men barbariet skal og må ikkje vinna. Difor må vi minnast Jo Cox og heidra minnet hennar og hjartesakene hennar – og at ho var ei tillitsvald i folkets teneste. Vi må sameina oss mot hatet og barbariet som drap henne, ei av demokratiets fremste tillitsvalde i grannelandet vårt.

Oddny I. Miljeteig