La Tveiterås skule få bli på Tveiterås!

Publisert: 2016-06-15 09:00
Del:

DU SKA ITTE TRØ I GRASET Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og e mening du lyt sjå og tenkje på. På Guds jord og i hass hage er du sjøl et lite strå. Du skal itte røre reiret, reiret er e lita seng. Over tynne bån brer erla ut sin vâre varme veng. Pipet i den minste strupe ska bli kvitring over eng. Du ska itte sette snuru Når du ser et hara-spor. Du ska sjå deg for og akte alt som flyg og spring og gror. Du er sjøl en liten vek en, du treng sjøl en storebror. Einar Skjæraasen

Tveiterås skule er ein heilt spesiell skule – for born med heilt spesielle behov. Bergen er så stor at Bergen treng ein spesiell skule, ein spesialskule som Tveiterås. Eg har vitja Tveiterås fleire gonger som politikar. Faktisk har eg hatt mine sterkaste opplevingar som politikar nett på Tveiterås. To gonger har egg fått vera med på Julespelet på Tveiterås skule, og aldri har eg hatt slik bruk for lommetørkle som dei to gongene. Det var ikkje fordi eg tykte synd på borna som var aktørar i julespelet. Nei, aldeles ikkje – og tvert imot! Aldri før eller seinare har eg sett menneske sprengja sine grenser som elevane i dei to julespela. Det er umogleg å forklara det med ord. Prestasjonane var formidable, og eg hugsar eg tenkte: Dette må då vera kunst, ikkje «berre» kultur, men kunst! Nett fordi så mange av deltakarane sprengde alle grenser for kva dei «eigentleg» skulle kunna makta å gjera.

Prestasjonane til elevane var ikkje på noko vis framelska av moderne skulebygg og tilrettelagde lokalitetar. Eg hadde nær sagt: Snarare tvert om! Men eit dedikert personale og ein musikklærar med profesjonalitet av ypparste klasse hadde altså tilrettelagt for meisterstykket – i eit skulebygg som allereie i 2007 var langt på overtid med å trengja rehabilitering og oppussing.

No seier ikkje eg at det ikkje er nøye med skulebygg. På Tveiterås har dei hatt lekkasjar og alt anna som manglande vedlikehald fører med seg – og eg har sett det med eigne augo. Elevane ved Tveiterås fortener, som alle andre elevar i Bergensskulen, tidsmessige, tilrettelagde og helsesame skulebygg. Ja, og når det gjeld elevane på Tveiterås, må vi som storsamfunn vera ekstra aktpågjevande. Fordi dette er elevar med særskilde behov. Eg likar ikkje uttrykket «dei svakaste» - det har liksom vorte eit uttrykk som politikarar slår om oss med for .....ja, for å visa at vi har empati, kanskje?

No om dagen kranglar AP og Høgre i avisspaltene om kven som har minst og mest omsut for elevane på Tveiterås. Høgre, som har visst i alle fall sidan før 2007 at Tveiterås hadde presserande behov for vedlikehald og oppgradering, har brått vorte høge og mørke og går til åtak på AP som no i byråd vil flytta Tveiterås skule til Ulriken skule. Medan AP peikar på at Høgre har hatt all verdas tid til å gje elevane på Tveiterås eit godt og tidsmessig og tenleg skulebygg. Sidan dei sit i byråd, og sidan dei har vore rimeleg høge og mørke før, er det AP som nett no sit med svarteper, saman med Venstre og Krf, som begge er parti som påberopar seg både hjarta og empati og sosialt sinnelag i politikken.

Det er «berre» det at alle ser at Ulriken skule vil bli eit dårlegare tilbod til elevane enn Tveiterås. Tveiterås skule har eit unikt og skjerma uteområde som er heilt uvurderleg for mange av elevane. Ulriken vil på ingen måte kunna konkurrera med dette. Tvert om – sjølv med den beste vilje og tilrettelegging, vil Ulriken sitt uteområde ikkje kunna sprengja sine grenser. Tidlegare oppvekstbyråd Harald Victor Hove lufta tanken om å flytta Tveiterås skule til den gamle lærarhøgskulen. Ein grunn var nett uteområdet der. Men det kom aldri noko konkret ut av tankane. Og då er ein på null, slik stoda var då nye-byrådet overtok.

Eg skal ikkje kimsa av økonomien i Bergen kommune. Den er særs knapp, og Høgre og FRP har ingenting å gjera seg byrge av når det gjeld penge-uføret dei har køyrt kommunen inn i. Men det rettferdiggjer ikkje at Tveiterås-elevane, av alle, no opplever å bli skalta og valta med – og at bystyrefleirtalet vil gå inn for å gje dei eit dårlegare skuletilbod som vil råka born med særskilde behov i tiår frametter. Foreldra kjenner seg overkøyrde og ikkje tekne med på råd. Det er særs alvorleg. Ein skal aldri kimsa av den kreativiteten og dei løysingane foreldre kan koma opp med – og som kanskje til og med kunne spara kommunen for pengar når det gjeld ein «ny» skule for Tveiterås-elevane! Flyttinga er aldeles ikkje fagleg grunngjeven. Det er også særs alvorleg. Og skjønar eg rett, er heller ikkje rehabilitering av Tveiterås skule utgreidd økonomisk. Drammen kommune sin «tvilling-skule» til Tveiterås ligg skjerma til på ei gammal lysthustomt og har store grøntområde, skriv forelder Olaug Nilssen på facebook. Ho skriv også at dei under ombyging for to-tre år sidan hadde dårlegare lokale og nær gamle E 18, men at skulen no er attende på ei tomt som liknar meir på Tveiterås enn Landås.

Med flytting frå Tveiterås til Ulriken, taper elevane skjerming – og fridom, for å låna Olaug Nilssen sine ord. Smak på det. Skjerming – og så fridom. Og då spør eg: Kva er det dei har skjøna i Drammen som byrådet og dess parti i Bergen ikkje skjønar? Det høyrer med til soga at i høyringsutkastet til skulebruksplan var også Kalvatræet skule råka av sparekniven. Det er nærast påfallande at born med spesielle behov er så utsette i den fyrste skulebruksplanen for Bergen sidan perioden 2007-2011. Ja, for i perioden 2011-2015 meinte Høgre og dei at det var heilt greitt ikkje å rullera skulebruksplanen, sjølv om det «alltid» har vore gjort i kvar bystyreperiode. Kanskje dei ikkje torde?

Uansett, no er det D-dag for Tveiterås skule. Bøna mi til byrådet og byrådspartia er enkel: Ta ein «time-out» og sjå på Tveiterås skule ein gong til. Set dykk ned saman med foreldra og sjå på kva moglege løysingar som kan finnast, mellombels og permanent. Og ha gjerne Einar Skjæraasen sitt vare dikt som rettesnor for arbeidet. Til no har byrådet ikkje berre trødd i graset – dei har trampa i asfalten utan å sjå seg til sides. I tolvte time er det råd å snu, for bornas beste – og lyda til Einar Skjæraasen sine vise ord om at «på Guds jord og i hass hage er du sjølv et lite strå.» Det skader ikkje med audmjukskap, gode byråd, det er nett det byrådet har vist så altfor lite av så langt!

Oddny I. Miljeteig