Stolt moralist!

Publisert: 2016-06-08 12:00
Del:

Eg veit at eg stiller meg lageleg til for hogg når eg, med byens kanskje høgaste hurpefaktor, i denne spalta gjev mi varmaste støtte til det bystyrefleirtalet som i det nye skjenkjereglementet kjem til å seia at stripping og skjenkjeløyve ikkje høyrer i hop.

Det skulle då berre mangla, eigentleg! Men høgresida har no fått for seg at dette er moralisme av verste skuffe. Og, om eg skjønar det rett, eit grunnleggjande åtak på kvinners valfridom. Jaha! Eg ser forresten ikkje anna enn når at desse, skal vi seia liberalistane, utpå høgresida skal snakka om moral, så snakkar dei aldri om moral. Moral og etikk er visst for framandord å rekna – og det er moralisme som gjeld. Især når sentrum-venstre skal skjellast ut for å avgrensa individets fridom. Individets fridom, ja. Når eg ser høgresida i byen no snakka om dette knytt til strippeklubben After Dark (etterkomaren etter Dreams), gjer dei som dei alltid plar: underslår maktstrukturar, makt, overgrep og utnytting.

Bergens Tidende hadde fredagen som var ein leiar som kunne ha vore skriven av Unge Høgre/Venstre/FPU. «Moralismen er pinlig. Det er mulig å være motstander av strippeklubber uten å ta i bruk slike politiske virkemidler for å stanse dem.» Skreiv Vestlandets storavis på sjølvaste leiarplassen. «Inn i skjenkereglementet kommer setningen «Det gis ikke bevilling til steder som har stripping, toppløs-servering og lignende som del av underholdningstilbudet/driftskonseptet.» Formuleringa er, såvidt eg skjønar, kopiert frå Sandnes komune, som har fått sine formuleringar og sitt skjenkjereglement godkjent av domstolane. SV fremja forresten og sjølvsagt noko liknande for fire år sidan, då skjenkjereglementet på ordinært vis var oppe, men den gongen var det ikkje fleirtal i bystyret, slik eg skjønar det vert no.

BT gjer eit poeng av at det nye byrådeet har flytta skjenkjekontoret for byrådsavdeling for kultur og næring til avdeling for helse. «Det var et signal om at alkoholpolitikken skulle preges av mer helsepolitiske hensyn.» No hugsar gjerne ikkje leiarskribenten så langt attende, men det eg kan hugsa, var det i førre periode at gamlebyrådet flytte skjenkjekontoret frå byrådsavdeling for helse til byrådsavdeling for næring og kultur. I Bergen har skjenkjekontoret ei lengre historie underlagd helsebyråden enn næringsbyråden. Så er det sagt også.

BT argumenterer, som Unge Høgre, Unge Venstre og Framstegspartiets Ungdom med at stripping er ei lovleg verksemd, og at strippeklubbar difor må behandlast som andre skjenkjestader. Alkohollova, derimot, opnar for at eit kommunestyre kan ta omsyn til kommunens omdøme, eller til born og unge. Og det er ikkje tilfeldig at MC-klubbar har fått nei til skjenkjeløyve, eller at idrettsarrangement langt på veg er alkoholfrie. Og at delar av byromma er det.

Så trur eg kanskje at ein ikkje treng å vera hurpe for å rista på hovudet når ein ser BT-leiaren opp mot BA si sak som strippeklubben After Dark Gentlemen's Club same dag. For BA si hovudsak er at strippeklubben i to år har tilbydd konseptet «Sushi Party. Jamvel Dagbladet skreiv same dag om saka: «Du har muligheten til å nyte den beste sushien du noensinnne har hatt i selskap med to av våre vakre jenter. Den ene serverer middagen, på sin kropp, mens den andre sikrer at glasset ditt aldri er tomt!» «Det dreier seg om såkalt nyotaimori, der sushi serveres på en mer eller mindre avkledd kvinne, som ligger helt i ro så lenge måltidet varer. Tradisjonen framstilles som å skrive seg fra den japanske samuraitida, men dette er omstridt. Måltidet kan foregå enten hjemme hos kunden eller i et selskapslokale.» Så dette trur bergenske politikarar på pure alvor er kvinners frie val?

«Dette illustrerer med all tydelighet et foreldet levesett. Kvinnen er redusert til et møbel, et serveringsfat, like god som en fotskammel for menn!» som SVs gruppeleiar Mikkel Grüner presist sa det i Dagbladet. Nemleg. Den passive kvinna, tilgjengeleg for mannen – patriarkatet i eit noteskal.

Då strippeklubben Dreams etablerte seg i Bergen, overtok dei drifta av ein eksisterande skjenkjestad, men dei opplyste aldri til byrådet at dei endra «kulturkonseptet» for skjenkjestaden til stripping. Det eg hugsar, var korkje byrådsleiar Monica Mæland eller ansvarleg helsebyråd Christine Meyer overvettes lukkelege for etablissementet. Det var heller ikkje NHO-leiar Tom Knudsen og vel ikkje turistdirektøren Ole Warberg heller. Byrådet sjekka, såvidt eg hugsar, om dei kunne få gjort om på skjenkjeløyvet, men kom fram til at det kunne dei ikkje. No veit vi at vi kan.

Ja, eg er dei som har vore med og demonstrert utanfor strippeklubben. Ikkje berre ein gong, men fleire. Eg har halde appellar også, og det er eg glad for at eg har gjort. For strippeklubbar har ingenting med kvinnefrigjering å gjera. I starten gjekk Dreams høgt ut på banen og sa at her skulle det vera norske stripparar og mannlege stripparar. Men så viste det seg at det vart (mest) kvinner frå fattige land i Europa – som ved strippeklubbar elles. Ei av dei vart intervjua, hugsar eg, og ho sa då at norske kvinner nok hadde andre val enn å strippa. Det seier i grunnen alt. Om enn ikkje for BT-leiaren og den borgarlege «fridoms»-leiren.

Bergen har elles vore velsigna fri for strippeklubbar sidan kvinnerørsla og fagrørsla, særleg då Hotell- og Restaurantarbeidarforbundet, lukkast i å få stengt ned strippeklubben Tropicana på 90-talet. Arbeidsmiljølova vart også endra for å gje kvinner eit vern mot topplausservering/stripping. Ingunn Gjerstad, som stod i brodden for aksjonane, vart seinare fyrste kvinnelege leiar i LO i Bergen og Omland og er i dag sekretær i LO i Oslo. Seinare lukkast ikkje strippeklubbar med å etablera seg i Bergen før altså Geir Carlsen og CO sneik det til rett framfor nasen til Monica Mæland. 9. januar 2010 sa Hilde Onarheim i Høgre i BA: «Jeg kunne ønske Bergen­ ikke hadde slikt. Jeg ville vært mot dersom jeg skulle stemme over dette i dag.» Dei Høgrerepresentantane som gjer seg høge og mørke for kommersiell stripping i dag, er tydelegvis ikkje på line med ei av Høgres aller fremste lokalpolitikarar gjennom meir enn eit tiår. Og fridommen dei predikerer, er ein «kvasifridom» som formulert på guterommet og i praksis ein rein gåvepakke til dei som ikkje kvir seg for å utbyta kvinner og kvinners kropp på skammeleg vis. Høg og mørk gjorde han seg også Geir Carlsen, i starten på demonstrasjonane mot strippeklubben Dreams. Det vart atskilleg meir lågmælt etter at ein av strippar-formidlarane hans vart dømd for trafficking i heimlandet. Stripping er nemleg ikkje noko frigjeringsprosjekt for kvinner. Aldeles ikkje. Stripping er knytt til trafficking og menneskehandel av kvinner, og det er ikkje noka fridomshistorie. Om det er moralisme å vera imot kommersiell stripping, er eg stolt moralist!

Oddny I Miljeteig