Skatteforliket – og det det burde ha handla om

Publisert: 2016-06-01 10:00
Del:

Tala er henta frå ein rapport Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde 16 april i år. «I 2014 tilhørte 9,4% av alle barn under 18 år en husholdning med en gjennomsnittlig treårig ekvivalentinntekt som var lavere enn 60% av mediangjennomsnittet i samme treårsperiode.» Det viktige, i forståeleg norsk, er dette: Det handlar om 92.000 fattige born – i 2014. Vi kan diverre trygt rekna med at talet på fattige born har auka sidan, mellom ann, men ikkje berre, på grunn av innvandring.

Andelen born som lever i fattigdom har vore aukande i fleire år, slik økonom Hilde Bojer skreiv om det i avisa Klassekampen i går. Som Statistisk Sentralbyrå seier det: «De siste årene har husholdningsinntektene til barnefamiliene med de høyeste inntektene økt klart raskere enn for dem med de laveste inntektene. Dette har ført til større økonomiske forskjeller blant barnefamiliene og et økende antall barn i lavinntektshusholdninger......De barna som tilhører husholdningene med de laveste inntektene, er også de som har økt inntektene minst mellom 2004 og 2014. Gruppen av barn i laveste inntektsklasse økte husholdningsinntektene med knapt 18 prosent i denne perioden. Mellom 2012 og 2014 hadde denne gruppen av barn en liten nedgang i realinntektene – i motsetning til alle andre inntektsgrupper.» Siterer Hilde Bojer. Tygg litt på den: «i motsetning til alle andre inntektsgrupper.» Og då handlar det sjølvsagt ikkje om borna isolert sett, det handlar om forsørgjarane til borna. Fattige born har fattige forsørgjar/ar.

Medan alle parti hevdar å vilja avhjelpa barnefattigdom, har altså problemet berre auka. Barnefattigdom skuldast låg yrkesdeltaking, mange born – eller begge delar. Og arbeidslina, den opphøgde og heilage, er ikkje einaste mål og svar. Det krev tid å koma inn i arbeidslivet, og dessutan har vi no ei svært høg og stigande arbeidsløyse.

Å auka barnetrygda vil på kort sikt vera det beste verkemiddelet mot barnefattigdom. I det er eg heilt samd med Hilde Bojer. Barnetrygda har ikkje vore indeksregulert på tjue år. Den er universell, den er billegast å administrera av alle trygdeordningar – og den er treffsikker i all sin universalitet. Barnetrygda er heller ikkje noka sperre mot å ta seg løna arbeid. Ja, det kostar å auka barnetrygda. Men ein kunne byrja med å gjeninnføra syskentillegget, altså at satsane for tredje og fleire born var høgare enn for dei to fyrste. Det er høvesvis sfå familiar i Noreg med tre eller fleire born (eg har forresten tre, altså mannen og eg – og dei er vaksne, så eg skriv ikkje dette for meg sjølv). Men nett desse er sterkt overrepresenterte blant familiar som har vedvarande låg inntekt.

No er det nett inngått eit skatteforlik i Stortinget. Alle parti minus SV og MDG var med på det. Ein kan spørja seg kvifor det er så om å gjera å få til eit breitt forlik om nett økonomisk politikk og fordeling – skulle ikkje det vera politikkfelt som naturleg skiljer partia?

I alle fall har tydelegvis ikkje forlikskameratane diskutert fattigdom og fattige barnefamiliar. No skal ikkje eg seia at dei ikkje har vore nemnde, men det må ha vore i forbifarten og med kviskrerøyst. For vinnarane i skatteforliket er heilt andre enn dei 92.000 fattige borna og deira føresette. Vinnarane er dei 1.400 nordmennene med over 100 millionar i formue. Kvar av dei får skattelette på 363.900 kroner i snitt. Det er ei årsløn, det, for mange andre. Slett ikkje verst å få det som gåve i eit breitt skattepolitisk forlik! Aksjerabatten som Arbeidarpartiet fekk inn i forliket, medfører åleine at dei 1.400 nordmennene med over 100 millionar i formue kvar får ein skattelette på 326.000 kroner, i snitt.

«Dette er eit forskjellsforlik. AP vil gje nærmere en halv milliard kroner i skattegave til 1.400 styrtrike mennesker, som altså utgjør 0,2 promille av Norges befolkning. Det AP fremmer her, er rein høyrepolitikk. Det er sløsing med penger, og det gjør det vanskeligere å få forskjellene i Norge ned,» sa SV-leiar Audun Lysbakken til Klassekampen måndag. Inne i dei 363.900 kronene ligg også eit såkalla skjermingsfrådrag etter APs ynskje, pårekna av Finansdepartementet til 37.800 kroner. I praksis er dette subsidiar til dei største eigarane - og fyrst for dei med formue på over 100 millionar kroner byrjar dette å mona.

509 millionar kroner kostar altså denne gåvepakken til dei 1.400 rikaste. Det kunne ha vore ein start på å auka barnetrygda, det? Ein halv milliard er ikkje småpengar, og slett ikkje som ein start.

No synest AP at SV gjev eit skeivt og forenkla bilete av APs posisjon i skatteforliket. Mellom anna viser AP til at aksjerabatten ikkje står i vegen for å heva sjølve formuesskatten, noko Marianne Martinsen, finanspolitisk talskvinne, har lova at dei vil gå inn for. Det får vi håpa at dei vil. Men røyndommen her og no er altså at det er dei aller rikaste som har fått gevinsten av skatteforliket. Og viss ikkje regjeringa kjem til å nytta seg av denne heilt ekstremt skeive fordelingsprofilen til fullnads i neste års statsbudsjett, kjem eg til å bli storleg forundra.

Imedan vil AP, på lag med Siv Jensen og Erna Solberg, gje opp norsk suverenitet over Finanstilsynet av omsyn til 1,6 prosent av norsk bankkapital. 1,6 prosent av norske finansaktørars forvaltningskapital er lokalisert i utlandet. Det er altså nok til at Siv Jensen, Erna Solberg og Jonas Gahr Støre vil flagga ut norsk suverenitet over Finanstilsynet til EU, via tilsynsorganet ESA. Der skal det visst sitja ein mann (kanskje kvinne) og passa på at Noreg blå-kopierer, i bokstaveleg forstand, det EU måtte bestemma seg for når det gjeld finanstilsyn. Norske bankar og andre kredittinstitusjonar hadde ein samla forvaltningskapital i Noreg på 5.328 milliardar kroner då 2015 gjekk ut. I utlandet hadde dei norske finansinstitusjonane einast 85 milliardar kroner. Og det er desse 85 milliardane, eller 1,6 prosenta av all norsk forvaltningskapital, som gjer at fleirtalspartia på Stortinget sel ut norsk suverenitet med hastebehandling i Stortinget. Fem veker, trur eg at behandlingstida er sagd å vera.

Det er annleis med barnetrygda, den som ikkje eingong har vore indekstregulert på tjue år. Inga hastebehandling når det gjeld å auka den! SV har prøvd, både i og utanfor regjering – å få auka barnetrygda. Det har vi ikkje greidd. Rett og slett avdi det ikkje har vore vilje på Stortinget til det. Så har fattige born få talspersonar i NHO og denslags. Dei burde ha fleire i LO, men tydelegvis ikkje mange nok til å gjera inntrykk på Arbeidarpartiet. Difor kjem det einast ender og då ulike tiltakspakkar frå statleg og kommunalt hald med «fattigdomsmidlar» som ikkje gjer noko grunnleggjande med barnefattigdommen. Tvert om aukar barnefattigdommen år for år – medan altså dei rikaste kan hala i land ein halv milliard før dei har fått sukk for seg. Det er sosial urettferd og sosial likesæle av verste skuffe!

Oddny I. Miljeteig