Reform eller demokratisk mageplask?

Publisert: 2016-05-25 12:28
Del:

Det vert halde folkerøystingar og meiningsmålingar i kommune etter kommune, dei siste vert for dette høvet kalla innbyggjarundersøkingar. Somme har fått seg til å meina at innbyggjarundersøkingane, som altså er meiningsmålingar, kan vera meir representative for folkemeininga enn folkerøystingar. Javel? Kva skal vi då med kommuneval, eller for den saks skuld med stortingsval? Kan vi ikkje berre hyra inn eit meiningsmålingsbyrå eller to, sjølvsagt etter anbod, og få gjort unna heile valprosessen på effektivt vis utan alt dette maset og dyre opplegget som val annakvart år utgjer?

Kommunereforma er eigentleg ei sentraliseringsreform. Og kommunalminister Jan Tore Sanner sin manndomsprøve. Eller prestisjeprosjekt. Det ser førebels skrøpeleg ut for både manndommen og prestisjen, no når folket i kommune-Noreg går til valurnene. For i somme kommunar får dei gjera det. Resultatet er som venta: Dei store kommunane og dei som er utpeika direkte eller indirekte som kommunesenter, dei røystar ja. I ein haug andre kommunar røystar folket nei. Tydeleg nei, og ikkje fullt så tydeleg nei. Men i val er eit resultat resultatet, og slik var det også i dei to rådgjevvande folkerøystingane om EF/EU som Noreg gjennomførte i 1972 og 1994. No snakkar Sanner, og fleire med han, om at kommunestyra må visa leiarskap når dei skal avgjera endeleg for kvar sin kommune – og det er ikkje vanskeleg å høyra at å «visa leiarskap» betyr å gå på tvers av folkemeininga.

Det store perspektivet som omkransar den lagnadstimen kommunesentraliseringsreforma er inne i, er til grundig ettertanke. I Storbritannia diskuterer dei hardt om dei skal gå ut or EU. Det handlar ikkje om separatisme og eksklusive britar. Det handlar om folkestyre, om å kjenna seg høyrd og sett og teken omsyn til som innbyggjar, borgar og veljar. I Austerrike vann ein presidentkandidat som har støtte frå Dei Grøne såvidt over ein høgreekstrem kandidat måndag. Det var førehandsrøystene som avgjorde. I land etter land opplever store delar av folket seg avmektige overfor ein politisk elite som legg frå seg partiprogramma straks dei har vunne valet. I Frankrike er det ei sosialistisk, i alle fall i namnet, regjering som svekkar arbeidstakarrettane. Og det var for den del ei AP-regjering som sleppte laus bemanningsbransjen i Noreg. Hellas er sett under administrasjon av EU, Sentralbanken og Det Internasjonale Pengefondet. Den nasjonale Syriza-regjeringa er tvinga til å føra ein annan politikk enn dei gjekk til val på – og milliardane landet vert gjevne som lån, går meir til å berga tyske bankar enn Hellas sjølv. I lys av slike kriser kjem høgrekreftene på frammarsj, ikkje berre i Austerrike, men i Hellas og i Frankrike, for å nemna somme. I gamle austblokkland som Ungarn og Polen gjer dei seg ikkje eingong umake med å lata som om menneskerettar og grunnleggjande demokrati skal vera botnplankar i styringsforma. Går vi «over dammen» til USA, er vi vitne til eit politisk jordskjelv. Her hadde «alle» trudd at presidentvalet etter Obama skulle bli eit oppgjer mellom Hillary Clinton og endå ein Bush. I staden kjem republikanarane til å stilla med ei milliardærbølle som partileiiinga held seg for nasen av. Og Bernie Sanders, sosialist eller sosialdemokrat, har fossa fram på den demokratiske sida, samla ungdom og store folkemengder til ein aktivisme dei ikkje kan ha sett maken til i USA sidan borgarrettsrørsla på 60-talet. Meiningsmålingar viser at hans sjansar til å slå Trump når det kjem til presidentvalet, er meir solide enn Clinton sine. Hillary Clinton og Donald Trump har det til felles at halvparten av amerikanarane mislikar dei. Så må det vera til grundig ettertanke for både republikanarar og demokratar – og oss alle – at ein bøllete mangemilliardær vert sedd som motpolen til den politiske eliten på republikansk side og får stor oppslutnad frå fattigfolk og dei som nesten er fattigfolk.

Her heime har Storinget på nytt behandla eit forslag om at, i praksis, det skal bli lettare å melda Noreg inn i EU, ved å senka kravet frå 3/4 til 2/3 fleirtal. Det fall, heldigvis, men det er verd å merka seg at forslaget kjem opp gong etter gong – og at det er dei store partia som pushar det fram. Det som ser ut til å få fleirtal i Stortinget, er å overføra makt og mynde over norsk finanssektor til EU – i ei hastebehandling. Regjeringa foreslår at norske styresmakter og norske finansinstitusjonar vert underlagde finanstilsyn i EU for bank, forsikring og pensjon, verdipapirhandel og systemrisiko. Det er ikkje småtteri, og no tek til og med milliardæren og finansinvestoren Øystein Stray Spetalen til motmæle: « Vi mmå ikke si fra oss selvråderetten, det gjør vi bit for bit. Hvert land har et ulikt næringsgrunnlag og en ulik finanssektor. Å flytte ut råderetten til noen andre har jeg ingen tro på,» sa han i Klassekampen i går. 13. juni skal Stortinget røysta over forslaget. Arbeidarpartiet kjem visst til å leggja sine røyster i potten, om eg forstår rett. Med opne augo røystar dei i så fall for suverenitetsavståing som er den største sidan EØS-avtalen. Og bakom lurer TTIP- og TISA-forhandlingane, som eg har skrive om før i denne spalta – og som vil gjera kommersielle selskap overordna nasjonalforsamlingar i dei landa som måtte bli med på galenskapen. Desse forhandlingane føregår på bakromma, og hadde det ikkje vore for lekkasjar, ville aldri ålmenta ha fått vita kva som står på spel.

Dette er altså eit bakteppe for kommunereforma. Du kan gjerne tykkja at eg dreg perspektivet stort og overflatisk. Overflatisk må det verta i spalteformatet, men eg meiner det er det same vi ser i stort og smått: nasjonalt og inernasjonalt. Folkestyret er under press. Når Sanner snakkar om robuste kommunar, betyr det større, meir sentraliserte kommunar. Dess større kommunar, dess lettare å gjera tenestene til marknader for private selskap, forresten. Det høyrer nok også med. Kommunane har frist på seg til 1. juli i år med å gjera vedtak om frivillig samanslåing. Regjeringa har lova å gje mindre makt til fylkesmennene og meir til kommunane. No har Sanner sett fylkesmennene, statens embetsmenn – til å foreslå nedlegging av kommunar. Det heng ikkje på greip. Stortinget har vedteke at samanslåingar skal vera frivillige, men samstundes har stortingsfleirtalet gått inn for eit kommuneøkonomiopplegg som vil gå ut over dei kommunane som ikkje slår seg saman. Og så trong er kommuneøkonomien at det er eit effektivt pressmiddel, slik vi har sett det ved alle intensjonsavtalane som er underteikna i kommune-Noreg.

Eg seier ikkje at all kommunesamanslåing eller endring av kommunegrenser er meiningslause. Men denne måten å gjera det på, den er meiningslaus. Regjeringa vil ikkje eingong fortelja kva meir-oppgåver dei større og robuste kommunane skal få å forvalta. Og same bodet har gått ut til store kommunar som til små kommunar: Slå dykk saman og bli større. Dermed «blir prosessen en reform helt uten mål og annen mening enn å slå seg sammen,» slik Klassekampen-redaktør Bjørgulv Braanen skreiv på leiarplass i går. Det er i alle fall ikkje ei demokratireform. Det er rett og slett – eit demokratisk mageplask!

Oddny I. Miljeteig