Gje borna kjærleik og leik!

Publisert: 2016-05-04 13:03
Del:

«Ge barnen kärlek, mera kärlek och ännu mera kärlek, så kommer folkvettet av sig själv.» Du hugsar sitatet av Astrid Lindgren? Gje borna kjærleik, meir kjærleik og endå meir kjærleik, så kjem folkevitet av seg sjølv. For enkelt? Ja, mon det? Astrid Lindgren seier ikkje at born ikkje skal ha grenser og oppseding, men ho seier kva som må vera botnplanken og gjennomsyra oppsedinga.

Born må få tru på seg sjølve: « Det har eg ikkje gjort før, så det greier eg heilt sikkert», seier Pippi Langstrømpe. Og alle vi som har sett eit lite barn slå opp augo etter svevn og uforferda gå laus på å utforska verda, kvar gong, vi, kan skriva under på kvar Astrid Lindgren har funne utsegna frå.

Barndommen er ikkje sjølvsagd. Barndommen er ikkje mange hundre år gammal. Barnearbeidet var lenge barndommens vesen, slik han er det altfor mange stader i dag. Og framleis kjøper vi billegklede som ikkje har vorte dyrare i kroner på tjue år avdi verdsomfemnande kleskjeder importerer klede laga av born – og kvinner – under slaveliknande arbeidsforhold.

Eg seier ikkje at born ikkje skal hjelpa til eller ha oppgåver heime. Tvert om. Det er ein del av det å finna sin stad som eit «gagns menneskje», slik det så lenge stod i Mønsterplanen for grunnskulen. Men noko går i galen lei når det gjeld det grunnleggjande synet på borns behov og utvikling i barnehage og skule. I Dagbladet i forårs fann eg ein kronikk av Per Are Løkke, spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi under overskrifta «Leken som forsvinner.» Utgangspunktet hans er at alle typar angst- og utmattingslidingar aukar urovekkjande blant dagens born og unge.

«En atmosfære av angst og uro påvirker i dag barnehage og skole. Og angstensmitter i mange ledd. Politikere er redde for Pisa-rangeringens resultater, skolebyråkrater for ikke å effektuere riktige tiltak, rektorene for skolens renomme, lærerne for ikke å implementere pålagte kompetansemål og foreldrene for at barnet deres ikke skal hevde seg eller falle utenfor. Angsten strømmer fritt gjennom de forskjellige styringskjedene før den til slutt overføres på barna og ungdommen med et patologisk trykk.» Her er det ikkje mykje «omskriving med to do», for å sitera eit uttrykk til ei god veninne av meg. Her er det direkte tale. Og Per Arne Løkke held fram: « For 15 år siden snakket de unge sjelden om skoleproblemer hos psykologen. De snakket om familie og venner, om rus og aggresjon, om protest og utagering, om mening og identitet. I dag snakkar de fleste om angst knyttet til skolepress, selv de som bærer på store traumer.»

Nyliberalismen sitt fokus på prestasjonar og kompetanse har blitt samfunnets fremste ideal på dei fleste arenaar, skriv Løkke. Born vert målte og evaluerte frå dei byrjar i barnehagen. Livet framstår som ei endelaus rekkje eksamenar som når som helst vil avsløra det negative biletetet dei unge har av seg sjølve (av å ikkje passa inn i malen). Foreldra er like redde, der dei sit og gjer lekser saman med borna til langt på natt. Born vert ikkje lenger oppfatta som komplekse og originale vesen med lang modningstid. Dei vert oppfatta som råvarer i eit system med krav til å levera kompetanse og ferdigheiter (produkt) etter gjevne standardar. «Styringen av barna intnsiveres for å passe inn i malen raskest mulig, samtidig som dysfunksjonsspesialister med sine kartleggingsblikk skanner inn et stadig økende antall barn som av tusen forskjellige grunner ikke passer inn. Hvem kan si nei til forebygging og nødvendigheten av tidlig hjelp?» - spør Løkke retorisk.

Målehysteri, har somme av oss sagt lenge. Medan kunnskapsministeren ufortrødent (som det heiter på bokmål) legg fram barnehagemelding med meir av det same. Det er nesten som om born ikkje vert sedde på som individ og særeigne menneske, men, ja rett og slett som ei råvare som kan formast til eit produkt. Mennesket – eit produkt? Då er vi minsanten på ville vegar. Og det er det Løkke meiner at vi er. Heldigvis er han ikkje åleine, heller.

I årevis har Osloskulen gått føre i målehysteriet. Då dei raude og grøne tok over etter dei blås 18 års styre i haust var det slik: Etter ti år i Oslo-skolen skulle ein elev oppfylla 2770 mål i faga norsk, engelsk, naturfag, matematikk og fremanddspråk. 2770 mål – det er jo rein og skir galenskap! Og attpåtil arbeidde Utdanningsetaten med endå fleire mål, tru det eller ei. Dette botnar etter mitt skjøn i eit instrumentalistisk syn på mennesket som vert smalare og smalare i takt med at talet på mål og testar vert utvida. Og lærarar og førskulelærarar vert meir skjemaprodusentar enn dei genuine fagpersonane dei har utdanna seg for å vera. Heldigvis har nyebyrådet i Oslo teke rev i segla. Og SV køyrer knallhardt på «tillitsreform» i staden for «målemani.» Eg trur det er livsviktig. Viss ikkje, vert ein barnehage eller skule behandla som eit firma eller ein fabrikk. Ja, skular reklamerer med lesegaranti, skriv per Are Løkke som altså trigga denne spalta, som du skjønar.

Både i barnehagen og i skulen må barnet, einskildindividet, setjast i sentrum som nett det. Og barnehagelærarar og lærarar må gjevast tilllit til å nytta faget sitt til barnets beste. «Hvem tror at barn utvikles på gode måter gjennom standardisering, voksengjøring og ytrestyring? Leiken vert ikkje lenger oppfatta som ein eigenverdi, seier Løkke, men som ein ressurs som skal utnyttast best mogleg. «Lekens betydning erstattes av nasjonale ferdighetsprogrammer hvor barna styres mot bestemte læringsformål. Barnehagen blir mer og mer lik en skole.»

Løkke viser til ein australsk professor i psykiatri, Russel Meares, som har forska på kva leiken betyr for borns utvikling. Meares hevdar, skriv Løkke, at den frie leiken er barnets viktigaste rom – fordi leiken opnar opp rommet der heile personlegdomsregisteret til barnet kan koma til uttrykk. Den skaper glede, motivasjon og overskot. Statistikken er ikkje til å ta feil av. Psykiske sjukdommar blant born og unge aukar proporsjonalt med at leiken for forsvinn frå liva deira.

Kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen sit med eit enormt ansvar når han, regjeringa og stortingsfleirtalet skal leggja rammene for framtidas barnehagar. Ikkje for det, dette ansvaret har norske kommunar kvar dag. Men kommunane må tilpassa seg nasjonale direktiv. Eg vil tilrå Røe Isaksen å snu målemanien og rapporteringsveldet på hovudet. Vekk med det! Eg vil tilrå han å visa tillit til personalet i barnehagane og skulane. Og eg vil framfor alt tilrå han å leggja kjærleik og leik som botnplanke for arbeidet sitt. For borna sin del – og for framtidas del.

Oddny I. Miljeteig