Du snakkar meg om rettvis streik!

Publisert: 2016-04-27 14:26
Del:

Dei snur arbeidslivets streikereglar på hovudet ved å nekta å fremja pasienthotella i Bergen og ved Ullevål sine dispensasjonssøknader overfor Fellesforbundet. Og så skuldar dei på Fellesforbundet for å setja liv og helse i fåre. Slik spekulerer dei i tvungen lønsnemnd, og slik prøver dei å setja Fellesforbundet sine streikande og Fellesforbundet i vanry. Det er skammeleg av NHO. Men slett ikkje fyrste gongen. Dei av oss som er godt vaksne hugsar attende til den gongen på 80-talet då Norsk Arbeidsgiverforening stelte i stand lockout, og direktør Pål Kraby måtte omsider gå. Men då fekk han både portrettet sitt måla på Arbeidsgjevarforeininga sin kostnad – og gratis tennistimar hadde han også fått, om eg ikkje mishugsar meg. Eg lurer på kor mange av dei streikande hotell- og restaurantarbeidarane som har fått portrettet sitt måla av NHO, enn seia har fått gratis tennistimar?

Når hotell- og restaurantarbeidarane streikar, er det arbeidslivets lågtlønte som brukar sitt sterkaste kampmiddel for å få ei løn å leva av. I fylgje LO og Fellesforbundet utgjer løna deira 77% av gjennomsnittleg industriarbeidarløn, og då er både ubekvemstillegg og eventuell bonus rekna inn. Så skal vi hugsa på at dette er tilsette som arbeider mykje på ettermiddag og kveld – og jamvel natt. I 2003 var gjennomsnittsløna i hotell- og restaurantbransjen 45.000 kroner lågare enn i industrien. I 2015 hadde skilnaden auka til over 100.000 kroner. For dei lågast betalte betyr det 24.000 kroner i månaden – brutto, om du ikkje har fagbrev. 288.000 årleg, altså. Det er greitt å få tala i kroner. Det er trass alt kronene vi alle kjøper mjølk og brød for. 70% av dei tilsette i bransjen går på minsteløn. «De føler ikke akkurat at de lever i verdens rikeste land,» sa Djevat Hisenaj, leiar i Hordaland hotell- og restaurantarbeidarforeining i BT i går.

Omlag 3.500 tilsette i hotell-, restaurant- og ja, cateringbransjen har vore i streik sidan sundag. No trappar Fellesforbundet, med bergensar og forbundsleiar Jørn Eggum i spissen, opp med nye 2.447 medlemer frå laurdag av. Dermed vil nesten 6000 vera i streik.

Det er viktig å hugsar på at medan dei tilsette i bransjen er lågløna, går store delar av bransjen med svært solide overskot. Dei streikande arbeider i kjeder som Nordic Choice, eigd av Petter Stordalen, Scandic, som vert kontrollert av det svenske investeringsselskapet EQT – og milliardæren Olav Thon si hotellkjede, Thon Hotel. Andre selskap som vert råka er ISS – dei som driv råkøyr mot sine tilsette ved Oslo Plaza, til dømes. Det er ikkje lenge sidan vi kunne lesa om at tilsette grin kvar dag på jobb og jobbar gratis overtid for å nå over alle romma dei er pålagde å vaska av ISS. Så har vi Eurest og franskeigde Sodexo, som alle er store i catering og kantine.

Torsdag i førre veke kunne Finansavisen fortelja lesarane sine at 2015 vart eit «knallår» for Petter Stordalen. Hotellselskapet hadde levert eit rekordresultat, Stordalen kunne fortelja at han aldri hadde gjort det betre – og at han ventar eit nytt rekordår i år. Med eit resultat på 633 millionar kroner og ein kontantstraum på 1,17 milliardar, kunne Stordalen stadfesta at «vi har gjort det kanonbra», las eg i Dagsavisen. I fylgje Kapital si liste over Noregs rikaste hadde han i 2015 ei formue på 13,4 milliardar kroner. Konkurrenten Olav Thon, Noregs tredje rikaste mann på lista, hadde ei pårekna formue på 29,2 milliardar kroner. Då verkar det ikkje så urimeleg at Fellesforbundet krev at nivået i bransjen skal hevast ut over dei 2,4 prosenta som vart resultatet i frontfaget? For det er ikkje Stordalen og Thon sjølve som driftar verksemdene sine, det er det dei tilsette som gjer. Og det altså for ei løn som vert lågare og lågare samanlikna med svært så mange andre, og mellom anna gjennomsnittleg industriarbeidarløn.

Streiken handlar ikkje «berre» om løna, sjølv om det sanneleg er viktig nok. Fellesforbundet ynskjer lokale lønsforhandlingar. Det nektar NHO å gå med på. For oss som fylgjer dette utanfrå, er det mildt sagt pussig. Til vanleg kan jo aldri arbeidsgjevarar få nok av lønsforhandlingane som lokale forhandlingar! Men altså ikkje i denne bransjen, der 70% av dei tilsette einast har minsteløn å leva av. «Våre medlemmer har krevd reelle forhandlinger med bedriftene, på lik linje som i mange andre bransjer. Så vidt jeg har observert, har Olav Thon og Petter Stordalen råd til både smør og sukker på maten, så de bør ha muligheter til å forhandle med sine ansatte på hotellene,» sa forhandlingsleiar Clas Delp i Klassekampen i går. Delp synest at NHO Reiseliv oppfører seg merkjeleg: «Jeg er overrasket over at det blir konflikt om en ordning som er innført i mange andre bransjer. NHO Reiseliv går imot en type lønnsforhandlinger som andre NHO-foreninger forsvarer, og som til og med står i deres egen forhandlingsposisjon.»

Streiken i hotell og restaurant er, slik redaktør Bjørgulv Braanen skreiv det på leiarplass i Klassekampen måndag, eit uttrykk for skjerpa konfliktklima i norsk arbeidsliv: «Tillitsvalgte som har vært med i forhandlinger i over 20 år, forteller til Klassekampen at arbeidsgiverne aldri har vært så offensive som nå. NHO sentralt dikterer langt på vei oppgjørene. NHO arbeider målbevisst for å rykke tilbake fagbevegelsens posisjoner og rokke ved bærebjelkene i det organiserte arbeidslivet i Norge.»

I går kunne vi lesa i BA at forhandlingsleiaren i NHO Reiseliv ber medlemene sine videofilma og registrera streikande arbeidarar: «Hvis streikevakter hindrer gjester eller varelevering kan du ta bilde/film av det å sende det til oss så kan vi saksøke dem personleg med krav om erstatning for ulovlig boikott,» skreiv Jostein Hansen i ein epost til Bjarte Bergesen, som er er sjef for blant andre Hordaheimen og Ole Bull. Dessutan nektar NHO Reiseliv å godta at avdelingsleiarar er omfatta av streiken. Det er mildt sagt spesielt, spør du meg. Og Djevat Hisenaj er med rette oppgitt over NHO-leiinga. Han meiner det pågår streikebryteri ved fleire hotell, ved at mellomleiarar vert pressa til å utføra arbeid som dei streikande normalt gjer.

Eg må seia at eg kjenner lusa på gangen. Å ikkje respektera streikebelagt arbeid er eit kjenneteikn på ein rå og omsynslaus arbeidsgjevar som gir blaffen i arbeidslivets sagde og usagde spelereglar i konflikt. Og ja, eg hugsar denne slags frå offentleg sektor også. Likevel er dette i aller råaste laget, og NHO verkar ikkje som om dei er tilsnakkande for fornuft. Det er skammeleg. Ekstra skammeleg vert det når det er dei lågtlønte som streikar for ei løn å leva av – og retten til å koma til forhandlingsbordet. Difor må ikkje NHO vinna fram med å spekulera i tvungen lønsnemnd. For dette, ja dette er minsanten ein rettvis streik!

Oddny I. Miljeteig