Billeg kraftfor kostar blod

Publisert: 2016-04-20 09:38
Del:

Det har seg slik at eg kom over ein kommentar av Kari Gåsvatn i Nationen. Ho er ei kunnskapsrik dame når det gjeld landbruks- og matpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Kommentaren stod i Nationen for nokre dagar sidan, og eg skjønar at Kari Gåsvatn mellom anna skreiv ut ifrå ein reportasje i den tyske vekeavisa die Zeit. Spalta mi denne gongen vert mykje godt ei herming etter Kari Gåsvatn, men det får ikkje hjelpa, for dette burde ha vore skrive om av alle.

Det går heldigvis føre seg ein matpolitisk debatt, meir enn nokosinne. Vi vert det vi et, heiter det, og då er det jammen viktig å vita kva vi et – og korleis maten vår vert til.

Norsk matproduksjon er basert på import av kraftfor, og det dreg sjølvforsyningsgraden vår av mat ned under 40%. Det er dramatisk i seg sjølv. Endå meir dramatisk vert det når vi ser på korleis det vert til, kraftforet vi importerer. «Import av kraftfor fordriver bønder både i Brasil og i Norge», skriv Kari Gåsvatn. «I Brasil er det og en kamp på liv og død. Debatten om effektivisering av norsk landbruk kan ikke lenger blende ut det som skjer i land som leverer protein til norsk dyrefor.»

Det er altså ein grunn til at importert kraftfor er så billeg og gjer norsk landbruk så produktivt. Billeg kraftfor fortrengjer norske – og for den del andre europeiske – bønder frå tradisjonelt beiteland og vanlege gardsbruk. I Brasil vert bønder jaga frå jord og heim for å gje plass for endå meir effektiv produksjon av protein for gris, kjukling og kyr i andre delar av verda. For den del gjerne for oppdrettsfisk også, sjølv om ikkje Kari Gåsvatn nemner det i sin kommentar.

Gåsvatn fortel historia om Antonio Bento som kjempar saman med hundre andre familiar for å få attende jorda dei dyrka i Mato Grosso. Etter den brasilianske jordreforma vart dei tildelte jord som tidlegare var statleg eigedom, opptil 100 hektar. Familiane skildrar ei lukkeleg tid, med skikkelege hus, grønsakåkrar, grisar og høns – og skulebuss som henta borna.

Men ein agrarbedriftseigar meinte han trong jorda. Han har verksemder fleire stader i Brasil og bur visstnok på hotell med symjebasseng når han er på staden. Han jaga bort dei 100 familiane, fekk tent på husa deira og skote mjølkekyrne. Så bygde han høge gjerde. Som andre såkalla agrarfarmarar har han engasjert væpna vakter, såkalla pistoleiros. Ein katolsk organsiasjon fortel at minst 20.000 familiar er fordrivne på denne måten i Mato Grosso dei siste 15 åra, skriv Kari Gåsvatn – for å gje plass til kjøtproduksjon og dei enorme åkrane med soya og mais. Kvart år vert mange drepne i slike aksjonar. Tilsvarande historier kjem frå andre latin-amerikanske land med eksportretta agrarindustri.

Korleis er det mogleg at bønder vert frårøva jord dei etter brasiliansk lov og rett eig? Lokalt politi er ofte hjelpelause mot militsen til agrarbedriftene. I andre tilfelle let politiet seg bestikka. Bøndene kan melda fordrivingane, men det kan ta mange år før det vert ei rettsavgjerd. Industrifarmarane har altså tida på si side. Friviljuge organisasjonar fortel om tjukke permar med vilkårlege rettsavgjerder. Dessutan er Brasil framleis prega av føydale strukturar – og i desse er dei jordlause null verd. Guvernørar og borgarmeistrar er dessutan sjølve ofte rike agrarbedriftseigarar – og snakkar bort bortdrivinga av bønder med at det ikkje finst alternativ til agrarindustrien. Slik han som Antonio og hans krins kjempar mot.

Det er store pengar å tena for dei som sel sprøytemiddel i Brasil. Årleg går det med 936.000 tonn plantegift som ofte vert sprøytt frå fly. Legar fortel i trumål at det er sikrast å skulda på virus, også når dei veit at sjukdommar skuldast sprøytemiddel. Gjødsel er ein annan lukrativ business. Det er såleis «forståeleg» at vårt eige Yara satsar og og utvidar i Brasil. Konsernet kallar det investering i utvikling av landbruk. Men kva er det eigentleg?

Antonio og hans gruppe prøvde å ta attende jorda si, men vart etter to dagar på nytt brutalt jaga bort av pistoleiros med maske over hovudet og våpen i hand. Dei skaut rundt seg, helte bensin på brakka der borna sov og truga med å tenna på. Då var det slutt på motstanden. Ein far i sjokk fortalde at han rømde for å berga livet til borna. Antonio og dei andre leiarane vart forfylgde med skot. Han overlevde med ei hårsbreidd og har gått i skjul. Det same har slektningane hans gjort etter at dei også vart truga på livet. Somme av bøndene var framleis sakna då Zeit-reportasjen Kari Gåsvatn byggjer på vart skriven.

Dei industrielle agrarbedriftene får fred til å dyrka mais og soya som vert eksporterte for å gjera europeisk landbruk produktivt. Vårt eige grovfor og beiteland vert fortrengt – og med det gror kulturlandskapet att også. Sjølvforsyningsgraden vår går ned. Vi får billeg protein samstundes som Brasil sjølv har 30 millionar underernærte menneske. Den blå-blå regjeringa har som uttalt politikk at norsk landbruk som bestå av større, meir produktive, effektive bruk. Det betyr bruk som må basera seg på kraftforimport, til dømes frå Brasil.

No har Norsk Bonde- og småbrukarlag sett i gong eit landbrukspolitisk opprør – for eit landbruk tufta på norske føresetnader. Opprøret fortener brei støtte, frå naturvernarar, fagrørsle, politiske parti, forbrukarorganisasjonar – og innbyggjarar. Også det billege kan han ein høg pris. Når det gjeld kraftforimport snakkar vi faktisk om at kraftforet kostar blod – og at vi tek maten frå menneske i andre land – samstundes som vårt eige landbruk vert rasert. Det er ikkje framtidsretta, det er ikkje humant på noko vis. Matproduksjon skal sjølvsagt ikkje kosta menneske livet! Matproduksjon skal gje liv. Difor må norsk landbrukspolitikk snuast tvert om, med ei kuvending, rett og slett. Det vert ikkje med denne regjeringa si velsigning. Men det må bli. For våre born og framtida til oss alle.

Oddny I. Miljeteig