Propagandaministeren?

Publisert: 2016-04-04 20:00
Del:

Den 23. juni er ikkje «berre» jonsokaftan. Tønnebålet på Laksevåg vil få konkurranse, ikkje her på berget, men i Storbritannia. Der skal det haldast folkerøysting om Storbritannia skal trekkja seg ut or EU. Eller heilt presist: Dei britiske veljarane skal røysta over om Storbritannia skal innleia forhandlingar om å gå ut or EU.

Alternativet er å halda fram medlemskapen under ein ny avtale som den britiske regjeringa har forhandla fram, og som statsminister David Cameron legg heile si tyngde på å få gjennom. Den nye avtalen inneheld mellom anna avgrensingar på velferdsgode for arbeidsinnvandrarar frå andre land. Cameron får støtte frå, av alle, Labour-leiar Jeremy Corbyn, som til manges forundring viser til Noreg som eit døme på kor gale det kan gå om ein held seg utanfor EU. Trond Giske, som representerer nei-sida i toppleiinga i AP, om eg kan seia det slik, ristar på hovudet og lurer på kva i all verda slags vurderingar Corbyn gjer. Og det er han ikkje åleine om. Framfor augo våre ser det ut til at EU går i oppløysing når fleire land byggjer piggtrådgjerde mellom seg, og når EU på ingen måte greier å handtera siste års flyktningestraum samla og felles. Samstundes gjer EU knefall får eit stadig meir totalitært Tyrkia som behandlar menneskerettar som ikkje-eksisterande og har gått til krig mot kurdarane i eige land. Det er skammeleg, både det Tyrkia gjer og det EU ikkje gjer i så måte. Forresten har ikkje Noreg og den norske regjering så mykje å skryta av i den samanhengen heller. Menneskerettane er ialtså kkje laga for solskinnsdagar, dei er laga for dei vanskelege dagane, slik Torbjørn Jagland i Europarådet og fleire med han har påpeika.

Dessutan: Då oljekrisa trefte Noreg, vart Noregs største eurotilhengjar, statsminister Erna Solberg, berga av at vi står utanfor euroen. «Solberg sier det er en av de viktigste årsakene til at Norge kan møte krisen på en god måte. Lav kronekurs styrker norsk konkurranseevne og eksport. Men det kunne alddri skjedd om vi hadde hatt euro. Det er et paradoks at den ivrigste tilhengeren for at Norge skal være med i euro, bruker det at vi ikke er med som det viktigste argumentet for hvorfor vår konkurranseevne styrkes,» sa Trond Giske i Standpunkt, Nei til EU sitt medlemsblad heilt nyleg.

Men Noregs største eurotilhengjar tvilar ikkje. Ikkje når det gjeld EU-medlemskap for britane. I eit intervju ho gjorde med BBC-programmet «Hardtalk» i februar fekk ho spørsmål om Noregs forhold til EU og om folkerøystinga som britane skal gjennomføra jonsokaftan. «Jeg håper Storbritannia blir i EU, Det er viktig for alle oss som er markedsorienterte politikere, som tror på et Europa som fokuserer på konkurranseevne og på å skape mer rikdom for folket, å ha et land som Storbritannia i EU. Dere står noen ganger mot føderalismen og forsøk på sterkere integrering. Det ville være et tap for Europa om dere gikk ut,» sa Solberg, attgjeven i Klassekampen i går.

I BBC-intervjuet la Solberg ut om korleis Noregs situasjon er utanfor EU: « Det vi savner i Norge er at vi ikke er med på å påvirke ganske store deler avv lover og regler som tas inn i norsk lov. Vi kan si ja eller nei, og vi kan lobbye i forkant av avgjørelsene. Det er en veldig vanskelig situasjon å være i, men vi vet at vi tjener veldig mye på å være med i det indre markedet,» sa ho - i fylgje Klassekampen. I mai i fjor gjekk forresten dåverande Europaminister Vidar Helgesen høgt på banen og ville påverka britane til å bli i EU. Det skapte mildt sagt debatt her heime. No er han vorten miljøminister, og sidan har ingen sett eller høyrt noko til han... Noverande Europaminister Elisabeth Aspaker, oppdrettsnæringas fremste talskvinne då ho var fiskeriminister, har signalisert ein lågare profil i EU-spørsmålet. Men det kan ha noko med låg profil i det heile å gjera, gjerne?

Statsminister Cameron har vore ute og skremt fleire gonger med den norske EU-tilknytinga, mellom anna med at Noreg må godta tre firedelar av EU-reglane. «Eg tek stadig oppatt at Noreg har innført mindre enn 10% av lovene og reguleringane som EU har innført i perioden 2000-2013. Nei til EU har gått gjennom alt EU har innført av direktiv og lover år for år og kan dokumentere tala med fakta,» seier Kathrine Kleveland, som er leiar i Nei til EU.

Liv Signe Navarsete, Senterpartiets utanrikspolitiske talskvinne, meiner Erna Solberg underslår viktige sider ved Noregs psosisjon. «Det er ganske påfallende at hun ikke engang prøver å forklare at Norge har kunnet styre egen fiskeripolitikk og jordbrukspolitikk og bevart mange arbeidsplasser både i primærnæring og industrien. Vi har kunnet ha vår egen penge- og finanspolitikk, noe mange EU-land ikke kan. De kutter lønnsnivå og pensjoner, mens vi har kunnet bruke kronekursen til å drive motkonjunkturpolitikk. Vi har vår egen utenriks- og handelspolitikk overfor tredjeland. Solberg bør fortelle hele sannheten.» Sa Liv Signe Navarsete i Klassekampen i går.

«Kom ikkje med heile sanningi», skreiv poeten Olav H. Hauge. Men det var nok ikkje slik han meinte det, at ein skulle underslå minst halve sanninga, slik den norske statsministeren gjer det. Kva respekt ho har for eit botnsolid nei-fleirtal i det norske folk og jamvel i eige parti, det er forsyne meg eit relevant spørsmål. Kva demokratisk sinnelag eller demokratisyn er det statsministeren vedkjenner seg til? For her har ho nytta posisjonen sin til å fremja noko som slett ikkje har folket bak seg. Og då har statsministeren redusert seg sjølv til propagandaminster. Beklagar, då hjelper det ikkje at ho er frå Bergen. Nei, ikkje det eingong hjelper.

Oddny I. Miljeteig