Livet er æve, og evig er ordet

Publisert: 2016-03-25 11:00
Del:

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når Ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve,
og evig er Ordet.

Nett «Ordet» er tittelen på dette diktet av Tor Jonsson (1916-51) ein av dei fremste diktarane Noreg har hyst, spør du meg. Det er altså 100 år sidan Tor Jonsson vart fødd. Og det er diktet «Ordet» som står som motto for festskriftet til nyss utgjevne Norsk Ordbok - og som har gjeve festskriftet namn.

«I opphavet var Ordet», heiter det heilt fyrst i Evangeliet etter Johannes i Det Nye Testamentet. Det går godt i lag med Tor Jonsson sitt dikt – Ordet er altså både opphav og æve.

No ligg altså Norsk Ordbok føre – med eige festskrift i eiga bok som ein hyllest til det største vitskaplege og dokumenterande ordboksverket over norsk språk. 12 tjukke bøker har det vorte, med raud rygg og gullskrift. «Norsk Ordbok dekkjer både det norske folkemålet i bygd og by over heile landet og det nynorske skriftmålet», skriv forlaget på vaskesetelen til festskriftboka. «Både som språkdokumentasjon og som dokumentasjon av norsk kulturarv er Norsk Ordbok eit eineståande verk.»

Det var på 1920-talet at ideen om ei stor ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skrifftmålet for alvor kom opp, men røtene går endå lenger attende, heilt til Ivar Aasen sjølv, som gav ut ordbøker i 1850 og 1873. I 1929 løyvde Stortinget for fyrste gong pengar til arbeidet med Norsk Ordbok. I 1930 kom arbeidet i gang med dei fyrste grunnleggjande tiltaka, les eg i festskriftet. I 1950 gav Det Norske Samlaget ut det fyrste heftet av ordboka, og ein reklamebrosjyre brukte slagordet: «Norsk Ordbok – om folket – av folket – for folket» som blikkfang. Vakrare og meir respektfullt kan det vel ikkje seiast?

Språket er med og skaper oss alle. Språk er ein viktig del av identiteten til den einskilde av oss. Språket manifesterer oss som personar, kan vi seia det? Samstundes er vi alle med og skaper språket. Men språket brukt er ikkje nøytralt. «Språk er makt», så sant som det er sagt, og det var tittelen på Rolv Mikkel Blakar si bok om emnet frå 1970 eller -71.

Ein får seia og meina kva ein vil, men Ivar Aasen laga eller fann nynorsken i det norske folkemålet. Han dokumenterte folkemålet fyrsti 1850 med «Ordbog over det norske Folkesprog.» Slik kan vi seia at når Norsk Ordbok no i 2016 er fullførd, er den 2016-utgåva av Ivar Aasens fyrste og eiga ordbok. Tenkjer eg. Det betyr aldeles ikkje at Norsk Ordbok er fullførd ein gong for alle. Fors språket er i utvikling. Nye ord kjem til – dagstøtt og årvisst. Og det sjølv om Norsk Ordbok inneheld 333.173 oppslagsord og 9637 . Ja, du les rett. 333.173 oppslagsord.Somme er gamle, andre er aldeles nye. Slik sett speglar Norsk Ordbok tida verket har vorte til i. Eitt av dei nyaste orda som kom med i siste bandet av Norsk Ordbok, er wasabi, skriv forfattaren Marit Eikemo i festskriftet - «som følgje av at sushi er blitt den nye husmannskosten dei siste åra.» Ho skriv også at Oxford Dictionaries «kåra ikonet «gledeståre-emoji» til årets ord i 2015, eller «eg ler så eg grin» som nokon kanskje vil omsette det til.» Eit ikkje-ord tok altså sigeren over andre nye ord i 2015. Er det forresten eit ord – eller ikkje?

I heimen vår er Norsk Ordbok; nei, det er ikkje mi ære, det er mannen min si ære. For alle dei 12 banda og 9637 sidene. Med ord, ord og atter ord. Med sjølve Ordet.

I festskriftet står også å lesa prologar som har vortne halde vedlanseringa av fleire band av Norsk Ordbok. Eg vel å sitera frå Aina Basso sin prolog ved lanseringa av band 11 i september 2013:

« Når du endeleg opnar ordboka, blafrar det mot deg, som ein tøvind. Orda har fargar og tonar, orda er lukter og minne du trudde var svunne.
Det er ikkje berre ordboka som er ei eiga verd, kvart ord er og det. (.....)
Orda kan vere varme steinar du finn på eit svaberg om sumaren. Du løftar dei opp og gnir dei mot kinnet, før du kastar dei på sjøen ein svartstill kveld, dei lagar ringar i vatnet, som blir større og større.
Orda kan vere blærene som held tangen i strandkanten flytande. Brune blærer, harde luftbobler under dei nakne fotsolane dine.
Orda kan vere dei små fjørene ytst på måsevengen, som gjer at fuglen siglar så stilt over huset ein morgon før du har rista svevnen av. (...)
Alt kan vere ord dette er ord.
Tankane mine er ord. Bileta i hovudet mitt er fanga i ord.
Arbeidet mitt er ord. Kva skulle eg gjort, utan ord? (....)
Ord kjem i alle fasongar. Dei kan kjennast som ein trugsel, som ein tuberkelbasill eller ein torekrull i det trong-rømde topploket. Dei kan vere som trolltimen før ei tropenatt, der du trøytt har lagt deg for å sove ein tusenalder, for kanskje aldri meir å vakne. Orda kan vere ein tåkebanke i himmelsjå, dei kan vere trauste og trå og tungfordøyelege. (...)
Somme netter høyrer eg det smelle i orda, som i stålis. Eg vil sove, men dei gir seg ikkje før eg står opp og skrur på lyset, leitar fram skriveboka og krotar dei ned.»

333.173 oppslagsord. Det er eit storfelt verk. Men veit du kva? Universitetet i Oslo, som har hatt både ansvar for og løyvingar til Norsk Ordbok, dei sette seg brått på tverke og ville ikkje gjera jobben meir. Dvs. dei som arbeidde med ordboka, dei ville gjera jobben, leiinga ville det ikkje. Dei sa jamvel opp tilsette som arbeidde med storverket. Til sjuande og sist vart det likevel slik at Universitetet i Oslo tolma seg så nokolunde – slik at Norsk Ordbok ligg føre, og jamvel med festskrift. Men det vidare arbeidet? Det vert det nok Universitetet i Bergen som tek ansvaret for. Her skjønar dei seg meir på ordet – om folket og av folket. Takk vere professor og instituttstyrar Johan Myking, dekan Margareth Hagen og rektor Dag Rune Olsen, er det von om at dette identitetsarbeidet får sin rettkomne plass – ved det universitetet som har vist at dei har vit og forstand på noko av det aller mest grunnleggjande for mennesket: Ordet. Ordet som er eit under – og som er evig. Og som var i opphavet.

Oddny I. Miljeteig