Mindre pedagogikk i lærarutdanninga?

Publisert: 2016-03-19 11:15
Del:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ligg ikkje på latsida om dagen. Eg må vedgå at eg trudde Noreg i han hadde fått ein verdikonservativ statsråd som ikkje ville rasera vit og forstand i skulepolitikken. Eg tok feil. Heidundrande feil, om ein skal døma etter siste vekenes utsegner og initiativ frå Høgre-kunnskapsministeren si side.

Framfor 550 elevar på Elevtinget i førre veke, sa Torbjørn Røe Isaksen at han var villig til å ofra nokre svake elevar (i vidaregåande skule) viss det betyr at firar-elevar får femmarar. Utsegna kom i ein debatt om den nye fråversgrensa som Kunnskapsdepartementet innfører frå hausten av. Nå vil eit såkalla ugyldig fråver på meir enn 10% i einskildfag ta i frå eleven karakter i faget. Aftenposten på leiarplass er nøgd med kravet, medan Elevorganisasjonen peikar på at elevar som slit med psykiske vanskar vil bli dei hardast råka av dei nye reglane. Elevorganisasjonen meiner også det er ein myte at fråversgrensa einast kjem til å fanga opp skulk. Hadde det vore skulk statsråden var ute etter å ta, burde han ha sett fråversgrensa på null, seier Elevorganisasjonen. «For skolen skal ha nulltoleranse for skulking, men stor forståelse for at ungdom kan være i en sårbar situasjon.» (Avtroppande og påtroppande leiar av Elevorganisasjonen i avisinnlegg i Aftenposten 14. mars). Dei skriv også: «Da en elev med psykiske vansker var redd for å droppe ut fra skolen, svarte Torbjørn Røe Isaksen: «Jeg sier ikke at fraværsgrensa først og fremst er et tiltak for å hjelpe elever som deg.»» Reine ord for pengane altså. Han la visst ikkje eingong til at han ville at skulen skulle ha andre tiltak som kunne hjelpa elevera som slit – og slit motverka 10%-grensa. Det skader ikkje om ein kunnskapsminister viser at han fører ein politikk som inneber empati og eit positivt menneskesyn, men det brydde visst ikkje kunnskapsministeren seg om på Elevtinget, om eg les avtroppande og påtroppande leiar av Elevorganisasjonen rett.

Og det trur eg at eg gjer. For no skal lærarutdanninga for grunnskulelærarar utvidast frå fire til fem år. Kunnskapsdepartementet sitt forslag til innhald i den nye masterutdanninga er no ute på høyring (med svarfrist 1. april), skreiv Klassekampen måndag. I høyringsnotatet gjer regjeringa framlegg om at den nye, fem-årige utdanninga skal innehadlda 60 studiepoeng pedagogikk, som er det same som i dagens fireårige utdanning. I tillegg gjer regjeringa framlegg om at 15 at studiepoenga innan pedagogikk skal gå til religion, livssyn og etikk. Resultatet? Mindre pedagogikk i den femårige enn i den fireårige utdanninga.

For å presisera: Pedagogikk er fagområdet som tek for seg spørsmål knytte til undervisning og oppseding, læring og utvikling. Konsekvensane av at det vil verta mindre pedagogikk i den femårige masterutdanninga, kan bli at lærarane sin kompetanse blir lågare i tema som læringsmiljø, mobbing, spesialundervisning, læring, motivasjon, åtferd, angst, trivnad og psykisk helse.

Heldigvis får kunnskapsminister Røe Isaksen motbør, frå sterkt fagleg hald. Klassekampen har intervjua Torbjørn Simmenes, lærar for femte trinn på Lade skule i Trondheim: «Det er farlig å tenke at faglig spissing fører til at man blir bedre til å lære fra seg,» seier han. Simmenes legg vekt på at det er alfa og omega å ha pedagogikken på stell. Og dess lågare klassetrinn, dess viktigare vert pedagogikken, korleis ein lærer bort.

Læraren får støtte frå han som alltid vert intervjua om denne slags spørsmål, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug. Han har forska på reform- og endringsperspektiv på utdanning og utdanningspolitikk og meiner at regjeringa er i ferd med å byggja ned pedagogikkfaget: «At en statsråd skal begynne å bestemme hva faget pedagogikk skal inneholde, oppfatter jeg som et inngrep som en knapt har sett maken til innenfor lærerutdanningen noen gang,» sa Haug i Klassekampen måndag.

I høyringsforslaget sitt foreslår regjeringa at studentane ikkje skal kunna skrivva masteroppgåve om pedagogiske emne, men einast innanfor skulefag som matematikk, engelsk og norsk. Regjeringa gjer også framlegg om at faget pedagogikk skal omdøypast til «profesjonsfag».

Dei pedagogiske miljøa er skeptiske og trur namnebytet vil svekka koplinga mellom den nye lærarutdanninga og læringsmiljøa ved landets universitet og høgskular. «Et «profesjonsfag» blir mye tettere på måling og testing av elevenes utbytte. Det man mister er lærerrollen som allmenndanner, en som har et kritisk perspektiv go en bredere forståelse av samfunnet og skolen som del av samfunnsutviklingen,», seier Ola Erstad, leiar for pedagogisk institutt ved Universitetet i Oslo. NTNU i Trondheim støttar Universitetet i Oslo.

Utdanningsforbundet stiller seg også bak kritikken. Forbundsleiar Stefen Handal karakteriserer det som «uforståelig» at regjeringa i den nye utdanninga vil redusera frå dagens 25% pedagoggikk i lærarutdanninga til 15%. «Vi snakker om kjernefaget i en lærerutdanning. Det er dette som skal gi lærerne kompetansen de trenger for å møte utfordringene i skolen. Dette er på grensa til uforsvarlig,» seier Handal. Peder Haug, professoren ved Høgskulen i Volda, seier det slik: «Statsråden prioriterer å styrke fagkunnskapen til lærerne. Jeg kan være enig i at det er behov for det på enkelte områder, men å tro at man automatisk får gode lærere ved å øke fagkunnskapen, er overtro,», sa Haug til Klassekampen 14. mars.

Overtru, ja. Det kan vi vel alle skriva under på. For alle har vi vel hatt minst eitt flogvit av ein lærar med eineståande fagkunnskap, men som ikkje kunne/kan læra frå seg. Og då hjelper det ikkje elevane om læraren er verdas flinkaste fagperson!

Det er liksom noko «listhaugsk» over desse siste utspela (eller kva ein no skal kalla det) frå Torbjørn Røe Isaksen. Det er instrumentell, politisk åtferdsterapi, aldeles ideologisk einvis – og eg hadde altså venta betre av han som er nemnd som ein at Høgres fremste ideologar. Og kva mon det gamle lærarpartiet Venstre meiner? Dei trengst jo for å få gjennom endringane i Stortinget...... Ikkje veit eg, anna enn at dette ber aldeles gale av stad. For det gjer det. Og det kjem til å gå ut over born og unge – framtidas vaksne. Men det er ikkje sikkert det bryr Røe Isaksen og regjeringa. For dei har aldri sett born og unge først.

Oddny I. Miljeteig