Null er tull, NHO!

Publisert: 2016-03-09 11:45
Del:

Løna må ned, og forskjellane skal auka. Det er NHO sin plan for lønsoppgjeret, altså hovudtariffoppgjeret i år. I 2016. Og det er i dag, på Kvinnedagen at vårens lønsforhandlingar startar. Det er i dag arbeidsgjevarsida legg fram sine planar for lågare realløn og auka lønsforskjellar i Noreg. Ja, eg veit at det er den 9. mars i dag, men det er den 8. mars i det eg skriv spalta, så i går er i dag i dag – for å seia det slik.

Dei er ikkje snaue i NHO. Det har dei forresten heller aldri vore. Hadde det vore opp til dei, hadde vi vore endå lengre frå likeløn mellom menn og kvinner enn vi er i Noreg, og dei lågtløna, som for ein stor del også er kvinner, hadde hatt endå mindre å leva av. Så langt har vi i Noreg hatt det slik, at er du i full stilling, tener du nok til å forsørgja deg. Det er ikkje noko mål for NHO, skjønar eg, og eg skal gje deg syn for segn seinare i spalta.

Omlag 15 % tener kvinner mindre enn menn, korleis vi enn snur og vender på det. Og slik har det vore i årevis. Likelønsgapet har til og med auka innimellom, og no vil NHO ha ein lønspolitikk som i alle fall gjer at det skal auka. Frekkhetens nådegåve sit laust der i garden. Sjeferiet i NHO har no aldri hatt sosial fordeling og utjamning lengst framme i pannebrasken. Det er liksom ikkje deira oppgåve heller, i utgangspunktet, men i 2016 kunne vi kanskje ha venta aldri så lite...... skal vi seia vidsyn? For vi veit at forskjellane aukar i Noreg, og det er i grunnen ubegripeleg for meg at nokon vil smykka seg med at dei vil gjera forskjellane endå større. Forresten, vi har jo den blå-blå regjeringa, som ikkje kan opna munnen utan at dei snakkar om skattelettar for dei rikaste. «Kvar synest best om sine», heiter det i ordtaket. Og eg har aldri kjent at NHO har vore mine. Men i år synest eg dei er frekkare enn flatlusa. Frifagbevegelse har oppsummert NHO sin plan for lågare realløn og auka forskjellar i seks punkt:

  1. NHO garanterer nedgang i realløna. «Det blir reallønnsnedgang, garantert. Det er ikke snakk om at det blir noe årslønnsvekst», understrekar direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri (og framleis AP-medlem?). Det er Norsk Industri og Fellesforbundet som er fyrst ute, som vanleg. Fordi frontfaget, altså konurranseutsett industri, skal leggja føringar for resten av tariffoppgjeret. Heldigvis kontrar Fellesforbundet med krav om «Heving av minstelønnssatsene og særlige tillegg for lavtlønte.» Eg håpar dei i Norsk Industri, som er ei bransjeforeining i NHO, les kravet godt.
  2. Noreg har ikkje råd til lønsvekst. Det er, i fylgje NHO, avdi byteforholdet mellom eksportprisar og importprisar ikkje lenger er så gunstig som dei siste åra for Noreg på grunn av fallet i oljeprisen. Samstundes må sjølv NHO vedgå at lønskostnadene dei siste åra har gått ned samstundes som bedriftene sine resultat har halde fram med å auka. Det har altså vore rimelege lønsoppgjer dei siste åra, og arbeidsgjevarsida har fått større andel av veksten enn lønnstakarane. Så det. Dei har altså pengar på kistebotnen på arbeidsgjevarsida, om dei ikkje har brukt dei opp til tant og fjas eller plassert dei i skatteparadis, då!
  3. Lønsauke må takast ut i lokale forhandlingar. Jaha, ja. Nei takk! Men NHO fornektar seg ikkje. Lokale forhandlingar er aldri til fordel for kvinner og lågtlønte. Lokale forhandlingar sin grunnhått er at dei kjem dei færraste til gode, og dess nærare ein jobbar toppleiinga, dess fleire kroner kjem i eins veg. Ja, og så vil sjølvsagt NHO og dei ha prosenttillegg – då sikrar dei at skilnadene mellom lågtlønte og høgtløne aukar. Det er ikkje stygt sagt, eingong!
  4. Arbeidsløysa bidrar til å bremsa lønsveksten – i lag med den høge arbeidsinnvandringa. I alle fall vonar NHO det. Og bakom lurer sosial dumping og grått og svart arbeid, tenkjer eg! No er tilgangen på arbeidskraft så stor at arbeidsgjevarane ikkje treng å setja opp løna for å rekruttera folk, heiter det på NHO-språk. Vel, pengar til mjølk og brød treng no folk anten det er rikeleg eller knapt om arbeidskrafta, men det ligg nok utanom NHOs perspektiv.
  5. Slutt på automatisk heving av minstelønssatsane. Ja, du les rett. «Det har utviklet seg en tradisjon for at vi justerer minstelønssatsene utfra rein matematikk. Den vil vi bryte i år,» seier direktør Stein Lier-Hansen til FriFagbevegelse. «Vi har vært litt for snille. Vi har i for mange år akseptert nærmest en automatisk regulering av minstelønnssatsene utfra noen matematiske modeller. Det kommer vi ikke til å akseptere i år.» Der slapp katten ut or sekken! NHO har aldeles ikkje, ikkje i år heller, tenkt å ta eit medansvar for den såkalla «kollektive fornuft». Det er lønsarbeidarane og fagrørsla som skal stå ansvarlege for den «kollektive fornuft» i lønspolitikken, så kan arbeidsgjevarsida frikopla seg sjølv og leiarsjiktet sitt. Og no vert dei attpå heia fram av den blå-blå regjeringa og partiet Vetle-Høgre (altså Venstre, som det offisielt framleis heiter).
  6. NHO vil på sikt avskaffa garantiordningane som sikrar automatisk lønsvekst for lågtløna grupper. Slike ordningar, som i fylgje Lier-Hansen «sikkert kunne ha sin funksjon» då dei vart innførte «i en litt annen tid,» inneber no at dei eigentleg misser kontrollen over lønsveksten – og får eit trongare og trongare lønssystem. Jaha, trongare og trongare – når økonomiske og sosiale skilnader aukar? Kva klode er det eigentleg NHO er på? Og kor småleg og arrogant går det an å vera, sjølv for ei arbeidsgjevarside – som sjølvsagt vil meina at slike omgrep er totalt upassande og moralistiske. Dei om det.

Sjølv om det i dag er 9. mars og ikkje 8., meiner eg like fullt at NHO må belita seg – og tvingast til å oppføra seg etter ei «kollektiv fornuft.» Det gjeld ikkje minst når det gjeld kvinneløna. Sjølv NHO burde få ein vond smak i munnen når dei eigentleg seier at stuepiker, reinhaldarar, butikktilsette og arbeidsfolk i hotell- og restaurantnæringa skal sakka akterut i lønsoppgjeret. Eg håpar Fellesforbundet er godt oppterga. Og eg håpar at både dei og resten av fagrørsla vil setja NHO kraftig på plass. Null er tull, NHO!

Oddny I. Miljeteig