Arbeidsliv i oppløysing?

Publisert: 2016-03-02 17:00
Del:

Det stundar mot vårens tøffaste eventyr, hovudtariffoppgjeret i arbeidslivet. Allereie har spaltemeter fylt media om LOs ferd fram mot felles og/eller forbundsvise krav. Det har vore kraftig debatt om pensjonskrav, og Fellesforbundet sin pensjonsmodell vart rett og slett røysta ned i LOs representantskap nyleg. Modellen går ut på at kvar lønsarbeidar samlar opp sin eigen pensjon gjennom sitt arbeidsliv, noko som vil gje mindre eller inga omfordeling og svekka det kollektive grunnlaget for pensjon. Såvidt eg kan skjøna. Og såvidt fleirtalet i LOs repskap kunne skjøna. Til dømes var alle dei tre kvinnerike forbunda Fagforbundet, Handel og Kontor og Fellesorganisasjonen krystallklåre i så måte. No skal Fellesforbundet uansett fyrst ut i tariffoppgjeret og har krava frå fleirtalet i LO-repskapen med seg når startskotet går. Dei forvaltar eit stort ansvar, både for det kollektive pensjonssystemet og for eit samla LO. For å seia det beint ut: Her må det visast styrke og ikkje splitting!

Fagrørsla i Noreg er sterk, og særleg om vi ser oss i internasjonal samanheng. Asbjørn Wahl, leiar i «For velferdsstaten» har nyleg skrive eit notat som eg har teke overskrifta frå – men Asbjørn Wahl har ikkje spørjeteiknet med. Det seier alt om kor alvorleg han ser på maktforholda i internasjonalt arbeidsliv, og han kjenner dette betre enn dei fleste.

Maktforholda i arbeidslivet er i endring, skriv Asbjøn Wahl. Arbeidsgjevarane styrkjer sin posisjon overfor lønsarbeidarane. Noreg vert påverka i same lei. Rettar går tapt, løns- og arbeidsforhold vert svekka, og sosial dumping har vorte eit velkjent omgrep. Høg og vedvarande massearbeidsløyse på over 10%, og med ungdomsarbeidsløyse på 23% (med Spania og Hellas nærare 60%) bidrar sjølvsagt til å svekka lønsarbeidarsida, men auka konkurransepress og avregulering av arbeidsmarknaden bidrar også sterkt til den negative utviklinga. Også i Noreg finst det flust av arbeidsstader der tilsette ikkje vågar å organisera seg av frykt for å ikkje få fornya ein mellombels kontrakt. Også i Noreg finst det arbeidsstader der tilsette organiserer seg i løynd og vågar ikkje seia til kollegaer eller arbeidsgjevar at dei er organiserte. Også i Noreg finst det sosial dumping, svart arbeid og arbeidsgjevarar som snik unna milliardar av forteneste til skatteparadis – som skulle ha vore skattlagde for vårt alles felles velferd.

Fast tilsetjing er på rask veg nedover i dei fleste EU-land, særleg for unge arbeidsfolk. I land så ulike som Italia, Tyskland, Sverige og Frankrike går over helvta av unge lønsarbeidarar (mellom 15 og 24 år) no i mellombelse stillingar. Dessutan aukar omfanget av utleige av arbeidskraft sterkt. Dette skjer både ved at det blir fleire sjølvstendige bemannings- og bekvinningsbyrå, men også ved at selskap skipar eigne dotterselskap der personalet vert tilsette – medan dei vert leigde ut til mor- eller systerselskap. Slik strategisk selskapsstrukturering, som Asbjørn Wahl kallar det, vert gjord mellom anna for å organisera seg bort frå arbeidsgjevaransvar. Fjorårets Norwegian-konflikt var døme på det same her i Noreg.

Aukande arbeidsløyse endrar maktforholda i arbeidslivet – til fordel for arbeidsgjevarsida. Like innlysande er det at den som ikkje er fast tilsett, står avmektig overfor arbeidsgjevar. Dessutan vert lønsarbeidarar pressa til å registrera seg som sjølvstendig næringsdrivande. Det har vi til dømes sett i norsk barnevern. I EU utgjer no denne gruppa over 15% av arbeidsstyrken. I tillegg har systematisk fagforeiningsfiendsleg verksemd, som vaks fram i USA på 1970- og 80-talet, no spreidd seg også til Europa.

Oppløysingstendensane i arbeidslivet utviklar seg høgst ulikt i ulike bransjar og område, skriv Asbjørn Wahl – og er særleg sterke på område der fagrørsla står svakt. Avregulering av marknader, auka bruk av konkurranseutsetjing, oppsplitting av verksemder gjennnom outsourcing og på andre måtar, medverkar til å svekka fagrørsla. Organisasjonsprosenten har falle dramatisk; i fleire land nærmar den seg helvta samanlikna med organisasjonsgraden i 1980. I tillegg vert verne-lover og -regelverk svekka, slik regjeringa Venstre er så ivrige på i Noreg. Og endå i tillegg går arbeidsgjevarside og styresmakter til åtak på sjølve streikeretten, eit kampmiddel som er heilt grunnleggjande for reell fagorganisering og fagforeiningsmakt.

Postkasseselskap i lavkostland er eit stort problem, til dømes i transportsektoren. Gjennom slik organisering har Den europeiske transportarbeidarføderasjonen (ETF) funne at transportselskap kan redusera løn og sosiale utgifter med opptil 90-95%! Det er ikkje uvanleg at sjåførar må signera både to og tre arbeidskontraktar: ein for heimlandet, ein for styresmaktene i landet ein opererer i – og i einskilde fall også ein tredje, som fastlegg dei reelle løns- og arbeidsforholda. Det same har både Fellesforbundet, El og IT og Fagforbundet kjempa mot i årevis på ulike område i Noreg.

I dette scenariet er det ikkje berre fagrørsla og arbeidsforholda som vert svekka. Dei økonomiske og sosiale skilnadene er også dramatisk forverra gjennom omfordeling nedanfrå og opp. Nett som skattepolitikken til den norske regjeringa!

Arbeidande fattige, som vart eit omgrep i USA på 1980- og 90-talet, er no eit like omfattande problem i Europa, seier Asbjørn Wahl. Dei arbeidande fattige utgjer i Europa omlag 10% av arbeidsstyrken – i Tyskland over 20%! Elitane i Europa brukar no krisa som påskot til å avvikla velferdsstatane og nedkjempa fagrørsla. Streikeretten er innskrenka i både EU og fleire EU-land - styresmakter har sett tariffavtalar ut av kraft og løna ned i minst 12 medlemsland.

I Noreg har det tilsynelatande vore semje om den norske/nordiske modellen med likeverdige arbeidsgjevarar og fagrørsle, om trepartssamarbeid, om høvesvis små økonomiske skilnader – og at alle tilsette i heil stilling skal kunna leva av løna si. Under blå-blått styre ser vi at NHO no let hemningane fara og stør heilhjarta opp om regjeringa sin politikk for meir marknad og mindre demokrati, desentralisering av lønsforhandlingar, kjempar mot allmenngjering av tariffavtalar , for lovfest minsteløn– og vil avvikla hamnearbeidarane sine historisk tilkjempa rettar. Summen av dette representerer ei omfattande endring av styrkeforholda i arbeidslivet – som er det største trugsmålet mot arbeid og velferd. Norsk fagrørsle har framleis kampkraft,og det er fagrørsla vi har å lita på når det gjeld kampen for eit regulert arbeidsliv. Hovudtariffoppgjeret i vår vil syna kor stor kampkrafta og fellesskapen i fagrørsla er – og om vi kan setja spørjeteikn, slik eg har gjort, i overskrifta på denne spalta.

Oddny I. Miljeteig