Strippeklubb som frigjeringsprosjekt?

Publisert: 2016-02-24 11:00
Del:

Det er visst rabalder i byrådet, har eg lese i BA. KrF, som no har kome seg ut or Høgres og FRPs famntak, vil ikkje lenger ha kommersiell strippeklubb i byn. Sist saka var oppe, då skjenkjereglementet vart behandla etter førre kommuneval, røysta KrF for at strippeklubben «Dreams» skulle få halda fram med å ha skjenkjeløyve. SV stilte framlegg imot. Men det fall. Sjølv om det var godt innanfor alkohollova å seia nei.

Det er nemleg slik at ein treng ikkje la kommersielle strippeklubbar få skjenkjeløyve. Etter alkohollova er det fullt mogleg å seia at kommersielle strippeklubbar er noko ein kommune ikkje vil ha, til dømes på grunn av omdøme. Sandnes kommune er eit fyrtårn i så måte, og har teke jobben i rettsstellet for alle oss andre kommunar. Stavanger skal også ha vedtak om at kommunen ikkje ynskjer kommersielle strippeklubbar, om eg ikkje mishugsar meg. I alle fall har dei ikkje den slags, og det seier vel sitt.

Dei som vil ha kommersielle strippeklubbar, det er partiet Venstre, Noregs eldste og sjøloppnemnt sosialliberale parti. Så no krigar visst Venstre og KrF i byrådet. BA meiner å vita at AP er på lag med KrF. Ja, det håpar eg då inderleg – for dei røysta med SVved førre krossveg.

Det er så rart med Venstre for tida, når det kjem til kvinnesak. Eva Kolstad sitt parti. Verdas fyrste likestillingsombod, var ikkje ho det? Ja, eg seier med vilje kvinnesak og ikkje likestillling. For når det kjem til stripping, porno og prostitusjon handlar det, fyrst og fremst, om kvinner – og diverre: born. Inntil ein halv milllion kvinner og born kan bli menneskehandla/trafikkerte til Europa kvart år, og det er ikkje nett eit frigjeringsprosjekt. Handelen med kvinner og born er så stor at han konkurrerer einast med ulovleg våpenhandel og narkotikahandel om å vera verdas største ulovlege handel.

Menneskehandel, porno, prostitusjon og stripping er nærskylde. Det går det ikkje an å koma unna. Ein studentutestad i Bergen vart brått gjord om til strippeklubben «Dreams», med ein strippeklubbinnehavar frå Trøndelag som både eigar og driftar. Søknaden i samband med overtakinga var ikkje direkte detaljert, og eg hugsar at dåveranade byrådsleiar Monica Mæland og skjenkjebyråd Christine Meyer ikkje nett ropa over seg av begeistring. Tvert om undersøkte dei om dei kunne få gjort om på travaskapen. Men det fann dei ikkje ut at dei kunne.

Då «Dreams» vart opna, forkynte innehavar Carlsen at her skulle det vera norske stripparar, og både menn og kvinner. Vel. Det tok visst ikkje lange stunda, kanskje ikkje lenger enn til intervjuet var over, før det var skrint med norske stripparar, og mannlege også. Eg trur det var BA som intervjua ei kvinneleg strippar frå Aust-Europa – og som sa at norske kvinner sjølvsagt ikkje ville vera stripparar når dei kunne få andre jobbar. Det var også BA som laga ein større reportasje om korleis «Dreams» også såg ut til å kontrollera fritida til stripparane. Dei budde i eit (låst?) hus med vaktmann til å passa på seg, eller kva ein skal kalla det. Kva slags frigjeringsprosjekt er dette, mon, Venstre? For det er dette som er røyndommen, ikkje (innleigde) norske damer som stiller i intervju og kvitvaskar den faenskapen som undertrykkjer og utnyttar kvinner på det grovaste.

Venstre plar nytta 8. mars til å prøva å stilla kvinnesaka i vanry. Så også i år, om enn ikkje i Bergen så langt. I Oslo stilte brått ein liten delegasjon på parolemøtet i 8. mars-initiativet og foreslo å oppheva sexkjøpslova og å tillata bordellar. Då tilta det, som vi har kunna lesa i alle media, for Kari Jacquesson, og ho bad i utvetydige ordelag den 19 år gamle forslagsstillaren om sjølv å prøva å jobba eit år med det ei prostituert må gjera på eit bordell. Det fall dei (sosial)liberale tungt for brystet, og dei trekte med suksess hersketeknikk-korta (mon kva Berit Ås synest om det?) og fekk tilgjenge til all offentlegheit for å fortelja kor umoglege og slemme kjernen av kvinneaktivistar er. Trine Skei Grande har varsla at ho om eit år skal stilla opp på parolemøtet for 8. mars og passa på at Venstrekvinner ikkje vert trakasserte. Kanskje ho vil koma til Bergen også, viss ho no fyrst skal på «safari» på 8.mars-møte? For det er vel ikkje 8.mars-arbeid Trine Skei Grande kjenner mest til? Eller Unge Venstre og vaksen-Venstre for den del, etter 1800-talet? Ja, og så altså Eva Kolstad på 1900-talet.

Hovudparolane for 8. mars i Bergen i år er forresten som fylgjer:

  1. Kamp mot all kvinneundertrykking
  2. Solidaritet med kvinner på flukt
  3. Økonomisk uavhengighet – avgjørende for likestilling
  4. Nei til samlebåndsfødsler!

Elles kjem det vil å vera ein haug med parolar om stort og smått, lokalt og internasjonalt, slik det plar vera. Kanskje kjem det til å vera ein parole mot kommersielle strippeklubbar også? Det skulle ikkje forundra meg.

Byrådet vil visst ikkje flagga 8. mars. Venstre kan i alle fall gle seg over det. Eg flaggar både 8. mars, 1. mai og 17. mai eg. Det synest eg høver seg. Dei er alle frigjeringsdagar – og 8. mars og 1. mai er attpå til kampdagar.

Men kommersielle strippeklubbar, dei er ikkje frigjeringsprosjekt, og det er særs vanskeleg å sjå at dei har noko med sosialliberalisme å gjera. Ein må sikkert ha Venstre eller FPU-briller på for å skjøna det. Ja, og så somme i Høgre. Men ikkje alle i Høgre, det kjenner eg meg sant å seia viss på.

Kjære alle saman: Heis flagget 8. mars i solidaritet med undertrykte og utsette og nedvurderte kvinner over heile verda! Og la gjerne flagginga vera ein protest mot kommersiell stripping også! For kvinnefrigjering – nei til kommersiell stripping!

Oddny I. Miljeteig