Økologi, nynorsk og noko attåt

Publisert: 2016-02-18 11:30
Del:

Det var jammen ikkje lett å velja emne for spalta denne gongen. Du kan jo berre tenkja deg: Her er det lansert nytt om at privatskulen kronprinsparet har sendt tronarvingen prinsessa på, ikkje underviser i nynorsk. Så internasjonal eller Oslo-Vest-jålete er skulen, at nynorsk ikkje er noko dei balar seg opp med. Det er så sneversynt at ein kunne arga seg godt opp – og det av eit kronprinspar som gjer så ymse forsøk på å fornya rollane sine. No er det ikkje så lett å fornya ein anakronisme som den monarkiet visseleg er, men dette var eit magaplask, kronprinsparet! Då hjelper det ikkje at kronprinsen og prinsessa las eitt av Haldis Moren Vesaas sine vakre og sterke dikt til kongeparet på festframsyninga i høve 25-års jubileet deira som regentar. Snarare tvert om. For er det noko som alle vi nynorskingar veit er ei dødsline for nynorsken, er det oppfatninga om at nynorsk er så vakkert – og særleg i dikt. Nynorsken er eit bruksspråk, meir demokratisk enn dei fleste – og ja, vakker i tillegg. Men det er i tillegg. Så hadde eg vore kronprinsparet, hadde eg prøvd i all stille å skaffa meg meir kunnskap om den norske språkstoda og nynorsken særskiltt. Og eg hadde aldeles ikkje teke den u-truverdige påstanden om at kronprinsparet sjølve underviser tronarvinngen i nynorsk. Bevare meg vel!

Jaja. No har eg fått sagt det, så du skal sleppa meir utgyting om kronprinsparet si vankunnige nyorskopplæring av tronarvingen. Vi får elles vona, for hennar del, at monarkiet er avskafffa før ho skal gå på som dronning. Ho vil i så fall verta Noregs fyrste kvinne-regent; vi har halde oss med manne-regentar her i landet vårt.

Men ikkje ser eg for meg at det skal koma nokon parole i 8.mars-toga i åra som kjem som krev dronning som konge, hadde eg nær sagt. Og det sjølv ikkje om Unge Venstre eller eventuelle andre borgarlege «kvinneaktivistar» stiller obligatorisk og årleg opp på 8.mars-møta i dei store byane – for å få mediemerksemd? Dei lukkast i alle fall med å få mediemerksemd; det vere seg om dei vil ha hovudparole for å avskaffa sexkjøpslova, bordellar eller kamp mot seks timars arbeidsdag. Sjølv synest eg det er forunderleg at ikkje media ser det årlege narrespelet og provokasjonane – jamvel om Unge Venstre i Oslo visstnok appellerte til at 8.mars-toget måtte ha parolar alle kunne samla seg om. « Alle», ja – enn om KrF stilte opp og ville ha parole mot sjølvbestemt abort? For det må seiast at abortlova så aldeles ikkje var ei «samlande» sak i si tid. Lova vart vedteken i Stortinget i 1978 med ei røysts overvekt, og det var einast representantane frå SV og AP som røysta for. I perioden før, i 1975, mangla det ei røyst på å få lova vedteken,for Otto Hauglin frå SV hadde reservert seg – og like fullt vorte stortingsrepresentant frå Østfold. Ikkje ei borgarleg røyst kom til hjelp i 1975, ikkje ei borgarleg røyst vart med på laget i 1978, heller. Det seier sitt om at når ein skal vera allment samlande, kjem ein ingen veg, I alle fall ikkje i progressiv lei, og slett ikkje for kvinner. Så er det sagt. Og så får vi sjå om dei bergenske media går på limpinnen som dei i Oslo når det skal vera parolemøte i 8. mars-initiativet her i Bergen, om Unge Venstre eller andre finn ut at dei vil ha seg eit medieoppslag og fem.

Dette vert ei springande spalte. Men slik er no kvardagen, slik er politikken – og slik er livet. Eg må nemleg skriva om mat også, i denne spalta. Det har seg slik at eg måndag kom over ei spalte av Kari Gåsvatn, mangeårig og kunnskapsrik kommentator i Nationen. Overskrifta var: «Økologisk er lønnsomt og billig.» Og det er ikkje kvar dag ein ser slike overskrifter. Kari Gåsvatn oppsummerer i tre punkt at det no løner seg for bønder i Europa å produsera økologisk, at langreist økologi har fått dårleg rykte og at kortreist økologi er det nye nøkkelordet for lønsemd – og at økologisk ikkje er dyrt når kostnadene for samfunnet vert tekne med i prisen.

Bøndene i Europa står med ryggen mot veggen, seier Kari Gåsvatn, med mjølkekrise, kjøtkrise og gjeldskrise på ein gong. Økologisk drift er berginga for mange. Omlegging gjer at dei slepp å stengja fjøsdøra. Prisen til bonden er betre på økologisk mat. I Danmark er det til dømes historisk stor skilnad i pris mellom økologsik og konvensjonell mjølk. Store og små meieri konkurrerer om økologiske leverandørar. Det er forbrukarane som vil ha meir økologisk mat.

I Tyskland er det likeeins. Det rett og slett løner seg å leggja om til økologisk produksjon. Økologiske mjølkebønder kan få bortimot dobbelt så mykje per liter som ein konvensjonell mjølkebonde. Likevel er det skort på tyskprodusert økologisk mat. EUs største landbrukseksportør må sjølv importera økologisk mat: Mjølk frå Danmark og ost frå Austerrike. Jamvel poteter må importerast.

Langreist økologi har dårleg rykte, seier Kari Gåsvatn. Ei av dei tyske økologiske kjedene, Bio Company, seier rett ut at den støttar småskalastrukturar og bondelandbruk. Altså ikkje industrilandbruk. Det finst økologiske bedrifter i EU som produserer opp til 100.0000 egg dagleg, seier toppsjef Georg Kaiser: «Vi avviser ei slik form for storindustriell produksjon.»

Kari Gåsvatn bur visst no i Berlin – og skriv at ho kan telja 10-12 økologiske supermarknader i gangavstand frå der ho bur. Dei blir fleire, og dei driv med forteneste, også for bonden, tydelegvis. Og økologisk mat er ikkje dyrt – eigentleg. Ved industriell produksjon vert kostnadene velta over på samfunnet. Skattebetalarane får rekninga for tap av artsmangfald, overgjødsling og forureining av jord og vatn. I Tyskland er det frå fleire hald gjort framlegg om avgift på sprøytemiddel for å synleggjera kostnaden ved det ikkje-økologiske landbruket.

Det vert ofte innvendt at økologiske avlingar er for små til å metta verda. Argumentet gjev inga meining, skriv Gåsvatn, som minner om at verda i dag produserer dobbelt så mykje mat som trengst. Og kor mange gonger skal det vera naudsynt å peika på at det er familielandbruket som før verda?

Kva lei skal så Noreg gå i? Vi veit at regjeringa går baklengs – til industrilandbruket. Når byrådet i Bergen skal laga landbruksmelding, kan dei velja å gå i ei anna lei, ved å tilretteleggja for det mangfaldet av småskala landbruk som faktisk finst på dei over 100 gardsbruka i Bergen. Men då må dei store partia slutta å gjera matjord om inkje. Vi treng all matjord vi har – og kan få, også i Bergen. Kanskje ikkje for min generasjon, men for komande generasjonar. Og vi kan då ikkje la vera å planleggja for våre born, barneborn og oldeborn, kan vi vel? Vil du det? Forresten gjeld det for både nynorsken og kvinnesaka også. Dermed vart det ein samanheng i denne spalta, om enn noko spesiell, vil du kanskje seia. Men det gjer vel ikkje noko?

Oddny I. Miljeteig