Nåde, kjærleik og nordavind

Publisert: 2016-01-27 11:30
Del:

Stussar du på overskrifta? Ho er mottoet for den fyrste kvinnelege bispen i Nord-Noreg, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes og henta frå hennar fyrste preike som vigsla biskop sundag som var. Ann Helen Fjeldstad Jusnes var forresten fyrste kvinnelege sokneprest i Nord- Noreg etter pioner Ingrid Bjerkås som var fyrste kvinnelege sokneprest i hele kongeriket.

Nåden trengst i velferdssamfunnet, var bodskapen til nye-bispen. I preika trekte ho også, i fylgje avisa Vårt Land, inn flyktningesituasjonen. Ho konstaterte at «det er sannelig nok av utfordringer der nådens motkultur trengs: Nåden trengs i et velferdssamfunn som vårt med så stor vekt på økonomi, vekst og vellykkethet. Når dette blir det viktigste i samfunnet, får vi ikke plass til den flyktningen som kommer redd og på jakt etter fred og vern i vårt land. Derfor må kirken aldri slutte å snakke om nåde i møte med samfunnsutfordringene.»

«Kirken er satt til å overlevere troen, igjen og igjen – slik at verden kan bli preget av Guds nåde og av nådige mennesker, Kirken har overlevd fordi den forvalter nådens motkultur, nådens evangelium,» understreka biskop Fjeldstad Jusnes, sundag vigsla til bisp i Sør-Hålogaland. Er det denne bodskapen som gjer at såkalla innvandringsminster Sylvi Listhaug skuldar Kyrkja for å vera gjennomsyra sosialistisk? I så fall gjer den såkalla innvandrings- og integreringsministeren nåden liten og dei som prøver å leva etter nåden til ei politisk gruppering. Rett nok er ei av mine sterkaste opplevingar i eit gudshus Berge Furre si preike i Ishavskatedralen under SV-landsmøtet i 2001. «Ei anna verd er mogleg!» sa presten Bergen Furre – og : «Gjev oss i dag vårt daglege brød! er eit kamprop på vegner av alle som ikkje har.» Så engasjerte også Berge Furre seg for dei jordlause i Latin-Amerika på sine godt vaksne dagar. Men Berge Furre ville aldri ha reservert «nådens evangelium» einast for sosialistar. Det måtte altså ein FRP-statsråd frå ytste høgre i den ordinære partifloraen i Noreg for å prøva å stigmatisera Kyrkja med det som for henne sikkert er det fremste skjellsord.

Kyrkja er ikkje dei einaste som har teke til motmæle mot regjeringas flyktninge- og asylpolitikk, slik Kyrkja har gjort det, uavhengig av regjering. Heile det humanitære Noreg har no reist seg etter haste-forlik og hastelovgjeving i Stortinget, som i bokstavleg forstand vil stengja Noreg for asylsøkjarar. No spring forlikskameratar frå alle parti frå innhaldet i forliket; både i Senterpartiet, Venstre og Krf, og forsyne meg er det ikkje fleire høgmælte røyster i AP også som seier at nok er nok. Det trass i at den tilsytelatande mest radikale i AP-leiinga, Trond Giske, skunda seg å seia at Listhaug i grunn og botn og stort sett førte vidare den raud-grøne asyl- og flyktningepolitikken. Martin Kolberg, som forvaltar APs politikk som ein uangripeleg sfinx, måtte jamvel skriva kronikk etter at partileiar Gahr Støre vart kåra til årets tåkefyrste 2015 av kven det no var. Men det vart ikkje stilt, det vart uvanleg lite stilt. Grethe Fossum, veteranen, brukte utestemme og krov ein annan og solidarisk politikk frå AP, og det same gjorde Giske sine politiske bestevener Tore O. Sandvik, fylkesordføraren i Sør-Trøndelag og Jo Stein Moen. Og AUF då, men dei plar, når sant skal seiast, bli nedrøysta når det kjem til stykket i denne slags saker og når dei vert for radikale.

Stortingsforliket frå november ligg mildt sagt på kanten av rettstryggleik og folkeretten. Stortinget hadde, som min nestleiarkollega Snorre Valen i SV, skriv det, «asylpanikk.» Norsk politikk vart eit kappløp om å vera «tøffast «og «strengast». AP, KrF, Venstre og SP ville ikkje høyra på kva Amnesty, NOAS eller Helsingforskommiteen hadde å seia. Dei lytta heller til FRP. No ser vi resultatet. Noreg sine utsendingar vert kritiserte av FN. FN sender eigen utsending til Kirkenes for å sjå stoda med eigne augo og med den klåre melding at born ikkje skal fengslast. Den norske praksisen med å senda asylsøkjarar med russisk visum attende til Russland utan realitetsbejhandling av asylsøknaden, var FN-representant Pia Prytz Phiri tydleg kritisk til i fylgje NRK. Ho meiner at landa må finna løysingar slik at asylsøkjarane kan få søknadene sine behandla i dei landa dei er komne til – og ikkje sendast rundt: «Vi er bekymret for to ting: Når man returnerer, må asylsøkerne få juridiske garantier for at de ikke sendes videre til landet de flykter fra. Og så må de få en trygg asylprosedyre uansett hvor de er,» sa ho. «Å lukke grensene løser ikke problemet. Vi må se på andre alternativer enn stengte grenser for å sikre at folk kan komme inn lovlig og få sin søknad vurdert.»

Det må ringja ei bjølle for nokon kvar når FN finn det naudsynt å senda eigen utending til Nansens heimland grunna uro over praktiseringa av asyl-og flyktningepolitikken. Børge Brende er uroa for at alle dei humanitære protestane i heimlandet «sårar» Russland. Hæ? Har ikkje både statsministeren og han og heile halve regjeringa skjelt ut Russland i høge ordelag for både Krim-annekteringa, framferda i Ukraina og langt meire til? Tenkte dei ikkje på at Russland/Putin kunne bli «såra», då? Eller er det slik at Brende no ikkje veit si arme råd når han ser ut til å ha fått jobben med å rydda opp etter Listhaug, som oppfører seg nett like provoserande anten ho er innvandringsminister, landbruksminister eller byråd i Oslo? Medan Kolberg kanskje prøver å rydda opp etter Giske, for ikkje å gløyma Helga Pedersen, som ville setja opp direktefly frå Kirkenest til Kabul? Og så Kabul, då, der dei frå Politiets Uttransporteringsteneste ikkje eingong vågar å overnatta........

Noregs til no etter måten konsekvente støtte til menneskerettane har gjeve ogss internasjonal autoritet og vore ein inspirasjon for menneskerettsforkjemparar i andre land. Den autoriteten undergrev no regjeringa og Stortingsfleirtalet på framsida av The Guardian og Washington Post.

Nei, det er ingen, ikkje av oss på venstresida, som meiner at «alle» skal koma til Noreg og at vi skal vera «heile verdas» sosialkontor. Når sant skal seiast, passar slike seiemåtar for heilt andre land, ikkje minst Libanon. Men det er kaldt i Noreg no, så kaldt at det blæs «nordavind frå alle kantar», som han sa, Ludvig i Flåklypa, Og det er ikkje frå Nord-Noreg kulden og vinden kjem sterkast. Det er frå regjeringa og Stortingetsfleirtalet. Dei ser ut både til å ha gløymt at menneske har same menneskeverd uansett stilling og stand, at det finst både internasjonale konvensjonar og eigne lover om rettstryggleik som Noreg er bunde av. Statsministeren kan vi ikkje lita på ; Listhaug er hennar minister. Solbergs «kvardagsintegrering» finst ikkje anna enn i nyårstalen. Vi får vona at Listhaug har greidd å provosera så mykje at AP og SP ikkje vil vera på hennar lag, og at rævediltarane V og KrF har skammavit nok til å koma seg ut or det nådelause, iskalde nordavindsfamntaket til Høgre og FRP. Det er nok å vona på for mykje. Men det er ikkje for mykje å be om.

Oddny I. Miljeteig