Lygn opp og lygn i mente

Publisert: 2016-01-20 11:00
Del:

Det er fem år sidan no. Somtid kjennest det som ei æve sidan, somtid som om det var i går. Benghazi, ringjer det ei bjølle for deg ved namnet?

Benghazi er storbyen aust i Libya der oppørarar mot Gadaffi hadde teke kontrollen fire veker etter dei fyrste folke-demonstrasjonane mot regimet. Ettervinteren 2011 var Den arabiske våren, den som det er så syrgjeleg lite att av i dag, men som då var ein folkeleg oppstand som spreidde seg frå land til land. Tahrirplassen i Kairo, hugsar du vona og trua om demokrati? Og diktatoren Mubarak som vart avsett. Men samstundes overgrepa mot kvinner som vi vart minte så brutalt om ved Kølnerdomen nyårsaftan. Og i Egypt vart det ikkje demokrati, likevel, ikkje då og ikkje enno.

I Libya var det ikkje demokrati – og er det ikkje demokrati. Ikkje for fem år sidan, og ikkje no. No ligg landet i ein «lågintens» borgarkrig, slik Klassekampen formulerte det i går, der ulike grupper kontrollerer kvar sin del av landet. Islamistgrupper held stand fleire stader, medan hovudstaden Tripoli og ei rekkje av kystbyane i vest er kontrollerte av ulike, konkurrerande militsar. I aust prøver ein Egypt-støtta hær å vinna kontrollen utan å lukkast noko særleg.

Samstundes har økonomien kollapsa. Oljeproduksjonen er redusert frå 1,4 millionar fat per dag etter Gaddafis fall, til under 400.000 fat, melder Financial Times. The Economist spår eit fall i BNP på 8% i 2016. (Kjelde: Klassekampen i går.) Dermed held nedturen fram for landet som skulle bergast av ein vestleg koalisjon vinteren 2011. Og då må eg attende til Benghazi.

Fyrste veka i mars 2011 nærma Muammar Gadaffi sine styrkar seg opprørshovudstaden Benghazi. Hugsar du at alle vestlege media var fulle av fåren for massakrering av sivilbefolkninga i storbyen – Gadaffi sin hemn over opprørarane? Eg kjenner enno klumpen i magen når eg tenkjer attende. Og eg hugsar diskusjonane i SV, det einaste Stortingspartiet tufta på ein blokkfri, tredje veg – og eit freds- og antikrigsparti. Dei var harde, debattane våre. Og då partiet sentralt og seinare på våren fleirtalet i landsmøtet godtok Noreg sin medverknad mot Gadaffi, var det under uttrykkjeleg føresetnad om at aksjonen skulle handla om å berga folket i Benghazi mot massakrar, ikkje om regimeskifte. Det høyrer med til historia at utanriksminister Jonas Gahr Støre åtvara statsminister Jens Stoltenberg mot å vera med i krigen. Men Stoltenberg fylgde USA, Frankrike og Storbritannnia.

Eit intenst diplomati frå dei tre sikra til midt i mars støtte til å bruka vald mot dikator Gadaffi sine styrkar. «Alle naudsynte verkemiddel» skulle brukast for å verna sivilbefolkninga, sa Tryggingsrådet i FN i sin resolusjon. Kina og Russland gjekk motviljug med på intervensjonen i byte mot forsikringar om at maktbruken einast skulle hindra folkemord og ikkje styrta den libyske diktatoren frå makta. Så seint som 29. mars sa statsminister Stoltenberg til Stortinget at Nato-operasjonen ikkje skulle avsetja Gadaffi med militære verkemiddel. Då hadde han ti dagar tidlegare sagt at operasjonen ikkje skulle føra til regimeskifte, og at konfklikten måtte få ei politisk løysing Klassekampen i går).

Hugsar du opptakten til Irak-krigen? Då den amerikanske utanriksministeren Colin Powell framførte «prov» på at Irak/Saddam Hussein hadde store lager av masseøydeleggingsvåpen? Det viste seg seinare at dette var lygn, juks og bedrag. Men krig mot Irak vart det, Saddam Hussein fall. Det gjorde også hundretusenvis av sivile, og Irak er i dag ingen fredens plett på jorda, for å seia det slik. Kanskje hugsar du amerikanarane sine overgrep og tortur mot irakarane også, til dømes i Abu Ghraib-fengselet, der Saddam Hussein-regimet hadde stått for tortur før?

Frå Vietnam-krigen, frå Chile, Latin-Amerika; USA har ei lita ærerik historie som krigførar for demokrati og sanning. Irak vart eit nummer på same rekkje. Og no viser det seg altså at USA aldeles ikkje hadde tenkt å la «alle naudsynte verkemiddel» gjelda einast for å verna sivilbefolkninga i Libya. For no offentleggjer det amerikanske utanriksdepartementet tidlegare utanriksminister og presidentkandidat Hillary Clinton sine epostar. I dei sist offentleggjorde epostane går det fram at det amerikanske utanriksdeparteementet la planar for eit Libya utan Muammar al-Gadaffi – tre veker før bombinga av landet starta – og før Russland og Kina godtok vestleg/Nato- inngripen 17. mars.

Ikkje nok med det, sist i januar 2011 melde ein av USAs viktigaste diplomatar om nytt frå Europa: «William J. Burns, som seinere ble vise-utenriksminister, hadde møtt EUs utenrikssjef Catherine Ashton, og meldte hjem at Ashton var enig i en amerikansk plan om Libya etter Gadaffi.» Sitat frå Klassekampen i går. Noreg vart med på bombinga FNs tryggleiksråd hadde opna for. Etter press frå SV trekte Noreg seg ut av den internasjonale alliansen i august 2011. Då hadde det vorte tydeleg at alliansen hadde som mål å styrta Muammar al-Gadaffi. Resten av historia kjenner vi. Libya er eit land i krise og borgarkrig, og noko spor av den arabiske våren er ikkje å sjå. Derimot kan vi slå fast at Nato-operasjonen som skulle verna sivilbefolkninga i og rundt Benghazi, den var bygd på lygn, ja rett og slett på lygn opp og lygn i mente – som så mange gonger før. Om det er det mykje meir å seia enn det som kan få plass i denne spalta. Men dette vesle er i alle fall no sagt.

Oddny I. Miljeteig