Sjølvforsyning, kamp om maten – og demokrati

Publisert: 2016-01-15 10:40
Del:

«Den virkelige katastrofen i Europa de siste årene er utraderingen av det europeiske familielandbruket. Det europeiske demokratiet bygger på at vanlige folk har eid og dyrket jorda de bor på. Den politiske ordenen som bygger på dette, er i ferd med å bukke under», seier Christian Anton Smedshaug, økolog og leiar i landbrukets tenketankAgri Analyse, i Klassekampen måndag. «Demokratiseringen av Vest-Europa henger sammen m ed at folk har eid jorda og skogen de har hatt rundt seg. Det er i kontrast til latifundolandbruket i Sør-Europa som ble eksportert til Sør-Amerika, der godseiere stadig sitter på enorme landområder. Problemet med utviklingen mot stadig større bruk er at kapitalkravet for å drive blir så stort. Barn av bønder har ikke råd til å overta fra forrige generasjon, og eiendommen selges i stedet til andre, i verste fall utenlandske pensjonsfond.»

Det handlar om mat, det viktigaste vi produserer. Pussig nok er matpolitikk og landbrukspolitikk lite omtala i media. Hadde det ikkje vore for Nationen, og i ein viss mon Klasssekampen, veit eg ikkje om media hadde omtala dette i det heile, anna enn i jordbruksoppgjeret. Eller når Lars Sponheim (han med «kvar mann, si høne») legg fram forslaga til arbeidsgruppa som har utgreidd forenklingar av verkemiddela over jordbruksavtalen. Det gjorde han måndag, og eitt av hovudalternativa som vert skissert i rapporten, har fått nemninga «revolusjonsalternativet»; kva for tilskotsordningar ein ventar ville blitt etablert i dag viss det skulle skipast eit verkemiddelsystem og ein landbrukspolitikk frå botnen av. Så er det «revisjonsalternativet»; gruppa går gjennom alle noverande ordningar med grunnlag i seks kriterium for forenkling. Rapporten er venta å bli ein viktig premissleverandør for både den landbrukspolitiske debatten og for jordbruksforhandlingane. Så spørst det då, kva dei underliggjande premissane er. Vil forenklingane stø opp om eit familiebasert landbruk med mindre bruk og for den del deltidsbønder, eller er det stordrift og (ulønsamt) industrilandbruk som er drivkreftene for framtidas utvikling?

I Noreg oppfører vi oss som om vi aldri kjem til å bli råka av matvarekrise. Det næraste vi har kome i så måte var «smørkrisa» før juli 2011 som ei halv verd rista på hovudet av medan nordmenn hamstra halve kjøleskåpa fulle av meierismør og til slutt laut få «danskehjelp». Flautt og pinleg, det er vel ikkje anna å seia.

No meiner Forsvaret at Noreg må rusta seg betre mot ordentleg matmangel i klimakrisa. Det er ikkje kvardagskost frå Forsvaret. Men no har sjølvforsyningsgraden i Noreg gått ned for andre år på rad, i fylgje tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) (kjelder: Nationen og Klassekampen). Forsvaret fryktar at Noregs sårbarhet blir undervurdert. I fylgje ein rapport for Forsvarets Forskingsinstitutt er vi særleg avhengige av soya til fiskeoppdrett og kraftfor i landbruket. Ein avlingssvikt hos større land som USA og Brasil vil kunna gje alvorlege konsekvensar for norsk fiskeoppdrett fordi desse vil vera sterkare enn Noreg på importmarknaden. No har fleirtalet på Stortinget pålagt regjeringa å utarbeida ein grundig risiko- og sårbarhetsanalyse, med matproduksjon, matforsyning og beredskap som del av samfunnets tryggleiksperspektiv. Regjeringspartia, Høgre og FRP, røysta mot då Næringskomiteen på Stortinget vedtok dette i fjor haust. Storbritannia har hatt beredskapsplanlegging for mat langt høgare på dagsorden enn Noreg. Ein av konklusjonane der er at alvorleg avlingssvikt vil koma hyppigare enn før. Landbruket og fleire parti har teke til orde for gjenoppbygging av norsk kornlagring, noko regjeringa har avvist som unødvendig. Forstå det den som kan.

Eitt land har forstått alvoret med matforsyning, i fylgje Nils Vagstad, forskingsleiar ved Bioforsk, og det er Kina. Kina treng svært høg matproduksjon for å kunna brødfø eiga befolkning; landet har 20 % av verdas befolkning, men ikkje meir enn 7-8% av verdas jordbruksareal og ferskvassressursar. Kina set det å syta for folket sitt med mat som ein av dei mest grunnleggjande menneskerettane og som heilt grunnleggjande for å halda på politisk stabilitet og sosial utvikling og gjer absolutt alt som er mogleg for å tryggja mat til eige folk, seier Vagstad. Difor er dei i gong med å kjøpa opp og leiga svære område til jordbruk. «Hundre gonger så stort jordbruksareal som vi har i Norge, leies av kinesiske, asiatiske og arabiske interesser i Afrika,» seier Vagstad til NRK.

Imedan, i Noreg, skjønar ikkje eingong Stortingsfleirtalet skilnaden på auka produksjon og sjølvforsyning, sjølv om sjølvforsyningsgraden no er under 38%, seier statsvitar Svenn Arne Lie (Nationen 8. januar). Sjølvforsyning krev auka areal. Auka matproduksjon og reduserte jordbruksareal er ikkje sjølvforsyning. Sjølv landbruksmeldinga til Lars Peder Brekk frå SP frå 2011 seier at sidan importert kraftfor kan erstatta norsk gras, kan matproduksjonen aukast «på dagens arealgrunnlag.» Men sjølvforsyning er altså sjølvforsyning og kan ikkje tuftast på import. Medan Noreg har ein av dei høgaste andelane kraftfor i mjølkeproduksjon i Europa – og stadig meir av råvarene vert importerte.

Ligg så vona i eit gryande landbruksopprør initiert av Stjørdal og Meråker Bonde-og Småbrukarlag i eit stormøte måndag kveld med 200 frammøtte ( i eit lag med 115 medlemer)? I møtet vart det, skjønar eg, teke hardt til orde for at landbrukspolitikken må endrast til å produsera kjøt og mjølk ut ifrå grasporduksjon i Noreg, mindre på importert soya og andre råvarer til kraftfor. Då krevst ein ny landbrukspolitikk tufta på større satsing på arbeidskraft og areal. I så fall er ringen slutta, kan vi seia, for dette er heilt i tråd med det Smedshaug i landbrukets tenketank Agri Analyse vart sitert på fyrst i spalta. Og då heng sjølvforsyning saman med familielandbruk – og altså demokrati. Det er verd ei landbruksopprør, det?

Oddny I. Miljeteig\ Opphavleg publisert i BA, 13 januar 2016*