Julebord, fest og fart og ei hore til søt avslutning?

Publisert: 2015-12-10 12:50
Del:

Høyrde du det same som meg på NRK radio måndag morgon? At fleire menn enn vanleg kjøper sex i «julebordsfylla»? Hoppa du i senga? På stolen? I bilen? På bybanen? Det gjorde eg. Og eg har ikkje tenkt å leggja fingrane imellom i spalta, berre så du veit det – så du kan bu deg på hurpefaktor i særklasse.

Jaha, ja. Julebordstradisjonane våre, om vi kan kalla dei så, er jo omdiskuterte som eit slags dekadensens obligatoriske innslag kvart år. Fråtsing meir enn vikingane kunne drøyma om i Valhall, der grisen Særimner visstnok vart slakta til blot kvar dag – heile året. Julebordsesongen varer trass alt berre i ein periode i november/desember, sjølv om julemarsipanen, julebrusen og julemennene snart er heilårsvare i profittens teneste saman med den skammeleg dumpa julefestmaten som handelsnæringa nyttar som lokketilbod.

For somme er det visst heilt andre «lokketilbod» som gjeld enn billeg, ferdigkrydra juleribbel og julepølser til tre kroner kiloen. Det er verkeleg «ekte vare» - lys levande kvinner av kjøt og blod.

Det er sidan 2009 ikkje lov å kjøpa sex i Noreg. Ingen skal kunna behandla eit anna menneskes kropp som marknadsvare, med tradisjon attende til slaveri. Myten om «den lukkelege hore» og om prostitusjon som fyrste yrke for kvinner nokosinne, ja, dei mytane er seigliva. Betre kjem det ikkje til å bli no når ærverdige Amnesty har gjort knefall for den internasjonale prostitusjons- og menneskehandel-lobbyen og «anerkjent» (for det er det dei har ) prostitusjon som sex-arbeid. LO kan vel snart venta seg fyrste kontakt frå Amnesty om korleis Arbeidsmiljølova best kan tilpassast sex-arbeid? Eller kanskje Amnesty vel å gå vegen om NHO? Det er vel gjerne litt meir høveleg, kanskje? Ikkje veit eg. Amnesty sitt standpunkt når det gjeld menneskehandla kvinner, for det er jo faktisk det vi talar om, er ubegripeleg for min fantasi. Ein parallell til å anerkjenna prostitusjon som arbeid, er jo å anerkjenna barnearnbeid – fordi det vil vera verre for borna og familiane deira å ikkje arbeida enn å arbeida? Slik er det bakvendes logikk. Men så er jo kreftene bak menneskehandelen svært sterke og mektige, i klasse med kreftene bak ulovleg våpenhandel og narkotikahandel. Dei største på verdsbasis, rett og slett.

Og somme av offera for menneskehandelen vert dumpa i norske gater, i byen vår også. Ja, ikkje minst i byen vår. Og her har vi heldigvis ei Exit-gruppe i politiet og den aldri kvilande politiadvokaten Rudolf Christophersen som heilt åleine har gjort ein like stor innnsats mot menneskehandel med kvinner og born som det resten av politi-Noreg har greidd til saman.

No er det menneskehandelgruppa i Oslo-politiet som tek bladet frå munnen. Dei meiner at fleire menn enn vanleg kjøper sex i julebordssesongen. Høgt alkoholforbruk gjer at normer og grenser forduftar for fleire menn enn vanleg – og dermed avsluttar dei julebordet med – å kjøpa sex. I staden for ei pølse, ein burgar eller ein kebab.

Menneskehandelgruppa i Oslo-politiet minner om at dei fleste kvinnene ikkje prostituerer seg frivillig. Som om det skulle vera nødvendig å minna om det! Men det er det visst, også no når Amnesty har gjeve eit ytterlgare legitimitetens skjær til «sex-arbeidet.» (Sjølv om eg enno ikkje har sett nokon sms-aksjon frå Amnesty si side mot den norske sexkjøpslova, det skal dei ha.)

«– En person som kjøper sex må tenke over det at de prostituerte ikke står her frivillig,» seier Tore i menneskehandelgruppa til NRK si nettside. Dei fleste jentene på gata i Oslo er frå Romania, Bulgaria og Albania, men det er også somme transvesitter fra Sør-Amerika som sel sex. Politiet satsar på å ta sexkjøparane «på fersken» - og då vankar det bot på 25.000 kroner. Det er sum stor nok til å svi på pungen for dei fleste, og julebudsjettet vert brått barbert kraftig. Eg feller ikkje ei tåre for ein einaste ein som må ut med dei 25.000. Ikkje eingong ei krokodilletåre. Hah! Noko så nedrig som å utnytta menneskehandla kvinner som avslutning på julebord; eg vil spy! Seniorrådgiver Live Mehlum ved Reform ressurssenter for menn fortel i ei anna nettsak på NRK: «– Mange menn forteller at de gruer seg til julebordsesongen. De vet at den tiden er forbundet med fristelser fordi de kommer til å være mer ute på byen enn vanlig.» Jaha, tenkjer eg. Dei veit dei vert «freista» når dei går ut på julebord – som den gamle Adam: «Kvinna freista meg, og eg åt.» Mehlum har hatt mange samtalar med menn som kjøper sex, og seier at mange handlar på impuls når de går rusa heim fra byen, men at mange også på førehand veit at de kan «falla for freistinga».-»Menn som har kjøpt sex før kan lett bli for frista. De vet at de kommer til å få et problem, og det er også derfor de gruer seg så fælt før sesongen,» seier Mehlum.

Eg er sosialarbeidar, men det betyr ikkje at eg ikkje veit kor solidariteten min ligg. Eg kan forstå mangt og mykje a menneskeleg åtferd og framferd, utan å tykkja at framferda er OK. Og denne framferda er ikkje OK. La meg også seia at eg har respekt for menn som prøver å bli kvitt si avhengighet av sexkjøp. Men mitt utvetydige råd er: Dersom du er i tvil om du vil kunna halda deg unna å kjøpa prostituerte som avslutning på eit julebbord eller ein «kveld med kjommiene», så får du pitla meg halda deg heime. Innomhus. Om naudsynt med låst dør og gøyma nøkkelen for deg sjølv. Eller laga ein avtale med kompisar om at de skal passa på kvarandre slik at de ikkje endar opp som støtte for den mest nedrige handelen som finst: Menneskehandel.

For nei: Prostitusjon er ikkje eit fritt og frivillig yrke på line med yrke elles. Uansett kva prostitusjonslobbyen og Amnesty måtte forfekta. Prostitusjon er tvang, vald og handel med kvinner, så mange som ein halv million i året vert trafikkerte til Vest-Europa, om eg hugsar mine tal rett. Og det er ikkje annleis i Bergen. Dei lukkelege, ressurssterke, norske, frivillige horene som pryder glansa og ikkje fullt så glansa papir med ujamne mellomrom, dei er bedraget, glasuren, dekoren over ein røyndom som er så tvers igjennom forferdeleg at korkje du eller eg ville ynskja å vita ein brøkdel av sanninga om korleis dei menneskehandla kvinnenene, borna og familiane deira vert utnytta. No er det advent. Vi ventar, vi i den kristne tradisjonen, på barnet som skal fødast og bli lagt i krubba. Å sprita opp ventetida til Jesu fødsel med horekjøp som dessert til julebordet, vel det skal vil sjølv FRP ha vanskar med å definera inn under den norske, kristne tradisjonen. Eg tenkjer det er best eg sluttar her. Eg kjenner i grunnen at eg har fått sagt det eg vil.

Oddny I Miljeteig, opphavleg publisert i BA 09 desember 2015